Velkomst for nye studentar og offisiell opning av nye MH2

Forskings- og høgre utdanningsminister Iselin Nybø er hovudtalar når UiT ønskjer velkommen til nytt studieår, og ho deltek òg i nøkkelseremonien når Statsbygg seinare overleverer nybygget for medisin og helsefag (MH2) til UiT.
Solhaug, Randi Merete
Publisert: 10.08.18 00:00 Oppdatert: 10.08.18 15:31

Media vert ønskt velkommen til arrangementet og opninga tysdag 14. august kl. 11:00–15:00. Velkomsten for nye studentar skjer utandørs i Labyrinten nedanfor Administrasjonsbygget. Opninga av MH2 skjer i Store Aud MH2. Sjå kart over UiT i Tromsø.

Program for dagen:

11:00-12:00 Opning av studieåret i Labyrinten

                      Statsråd Iselin Nybø er tilgjengeleg for media rett etter arrangementet

13:00-15:00 Offisiell opning av MH2, med omvisingstur

Velkomst for nye studentar

Same år som UiT feirar sitt 50-årsjubileum, er det fleire studentar enn nokon gong som ønskjer å studere her. Om lag 9 408 studentar startar nytt studium denne hausten, og av desse har 5 099 ikkje studert her før. Totalt har over 19 000 studentar aktiv studierett ved UiT.

I Labyrinten vil rektor Anne Husebekk, Tromsø-ordførar Kristin Røymo og leiar av Studentparlamentet helse dei nye studentane våre hjerteleg velkommen. DebutUka og faddersjef vil òg setje sitt preg på arrangementet. 

Opning av nytt medisin- og helsefagbygg

Klokka 13:00 er det klart for nøkkelseremoni ved MH2. Då vil byggherredirektør i Statsbygg, Synnøve Lyssand Sandberg, overlevere lokala til Kunnskapsdepartementet ved forskings- og høgre utdanningsminister Iselin Nybø, som stiller lokala til disposisjon for UiT Noregs arktiske universitet ved rektor Anne Husebekk. 

MH2 skal gi plass til 924 studentar og 173 tilsette og er på om lag 19 077 kvadratmeter. Les meir om det nye medisin- og helsefagbygget.

Frå klokka 14:00 vert det helsingstalar og servering. Arrangementet vert avslutta klokka 15:00.

Kontaktpersonar:

Semesterstart: Randi Solhaug, kommunikasjonsrådgjevar, tlf. 905 70 957

Semesterstart: Irene Mercer, arrangementsansvarleg, tlf. 976 85 445

MH2: Torgunn Wærås, seksjonssjef, tlf. 997 01 397

Solhaug, Randi Merete
Publisert: 10.08.18 00:00 Oppdatert: 10.08.18 15:31
Vi anbefaler