Mælen med i utval
Lovutvalet er nedsett av Regjeringa, og skal foreslå eit regelverk som tydeleg skildrar ansvar, rettar og plikter for universiteta, høgskulane, og for studentar og tilsette. Utvalet sitt arbeid skal resultera i ei norsk offentleg utgreiing (NOU), som skal leverast til Kunnskapsdepartementet innan 1. februar 2020.
Tidlegare assisterande direktør ved UiT, Britt Elin Steinveg, er óg med i utvalet. Ho er no administrasjonssjef i Tromsø kommune.
Lovutvalet skal foreslå:
- Ny lov for universitet og høgskular
- Endringar i forskriftene gjeven med heimel i universitets- og høgskulelova
- Endringar i studentsamskipnadslova og –forskrifta
Alle universitet og høgskular i Noreg er regulerte av universitets- og høgskuleloven. Siste gong regelverket vart heilskapleg vurdert var i ”NOU 2003:25 Ny lov om universitet og høgskular”. Mellom anna på bakgrunn av dette vart universitets- og høgskulelova vedteken av Stortinget i 2005, og gav for første gong ei felles lov for statlege og private universitet og høgskular.
Sidan 2005 er lova revidert ei rekkje gonger, men det er berre gjort endringar i avgrensa delar av ho.
– Det er viktig at alle universitet og høgskular har, og enno skal ha, lovfesta fagleg fridom og ansvar. Eg er glad vi har fått eit godt og kompetent utval som kan sjå på heilskapen i regelverket og vurdera ulike omsyn opp mot kvarandre. Utvalet har ei viktig og spennande oppgåve føre seg, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø i ei pressemelding.
Dette er medlemmane:
Helga Aune, Oppegård. Direktør (leiar av utvalet)
Sunniva Bragdø-Ellenes, Kristiansand. Førsteamanuensis
Stine Jørgensen, København. Prodekan for utdanning
Britt Elin Steinveg, Tromsø. Administrasjonssjef
Irene Dahl Andersen, Sarpsborg. Konstituert direktør
Karl Harald Søvig, Bergen. Dekan og professor
Kjell Magne Mælen, Tromsø. Dekan
Dag Olav Hessen, Oslo. Professor
Victor Norman, Bergen. Professor emeritus