Overtek «Kronprins Haakon» i dag

Det formelle eigarskiftet for Noregs nye polare augnestein «Kronprins Haakon» vart gjennomførd i dag. Dermed er forskingsfartøyet på norske hender.

Aarskog, Karine Nigar
Publisert: 27.03.18 14:25 Oppdatert: 04.01.19 12:10

 

Kronprins Haakon er nå overtatt av Havforskningsinstituttet og skal etter planen ferdigstilles i juni.
Forskingsskipet «Kronprins Haakon» er no overteken av Havforskingsinstituttet og skal etter planen vere ferdig i juni. Foto: Øystein Mikelborg / Norsk Polarinstitutt 

Eigarskiftet innebera at Noreg overtek ansvaret for å gjere båten klår til bruk.

– Vi vart samde med det italienske verftet Fincantieri om at dette var den mest praktiske løysinga for å få «Kronprins Haakon» raskt ferdig, seier prosjektdirektør Tore Nepstad ved Havforskningsinstituttet.

Han har hatt ansvar for å følgja byggeprosessen frå norsk side. Nepstad ynskjer ikkje å gå i detaljar på kva som står att, ut over at det gjeld å gjere ferdig store og små arbeid på båten. Men 25 millionar euro av kjøpesummen er sett av for å dekka desse arbeida.

Arbeidet med å utbetre båten skal ein utføre ved Vard Langsten på Sunnmøre. Ein forventer at båten er heilt ferdig i løpet av juni månad.

– Dette vil ha ein viss effekt på planlagde tokt med fartøyet, men det er for tidleg å seie kor mykje, seier Nepstad.

 «Kronprins Haakon» kom til Noreg og Bergen like før nyttår. Då vart det starta ettermontering av utstyr og utbetringar før fartøyet etter eit par veker gjekk vidare til Vard Langsten. Det viste seg likevel at lista over attståande arbeid og utbetringar var noko lengjer enn forventa, og partane har ei tid no diskutert korleis dette skal løysast.

100 meter langt, og med særs god rekkjevidde og tjukt stålskrog som toler mykje is, vil det nye forskigsfartøyet innebere ein ny æra for norsk polarforsking. Når «Kronprins Haakon» er heilt ferdig, overtek Norsk Polarinstitutt skipet. UiT Noregs arktiske universitet vert den største brukaren, medan Havforsknigsinstituttet skal drifta båten og bruka 20 prosent av tokttida.

Les òg: «Kronprins Haakon» gjev mange nye moglegheiter

Kontaktperson: 
Prosjektdirektør Tore Nepstad, Havforskingsinstituttet: tore.nepstad@hi.no / 993 28 602

Aarskog, Karine Nigar
Publisert: 27.03.18 14:25 Oppdatert: 04.01.19 12:10
Vi anbefaler