Utfordrar oppfatninga av kulturarv

Kva er eigenleg eit kulturminne? Den tradisjonelle oppfatninga vår av kva som er verdt å ta vare på, vert utfordra i ei ny utstilling ved Tromsø Museum, som opnar 22. mars.
Aarskog, Karine Nigar
Publisert: 19.03.18 00:00 Oppdatert: 05.04.18 11:04

Hva er søppel og hva er et kulturminne? Det ønsker en ny utstilling ved Tromsø Museum å svare på.
Kva er søppel og kva er eit kulturminne? Det ynskjer ei ny utstilling ved Tromsø Museum å svare på. Foto: UiT
Cathrine Paus er prosjektleder for den nye utstillingen.
Cathrine Paus er prosjektleiar for den nye utstillinga. Foto: UiT

– Vi assosierer gjerne kulturminne med gravhaugar, vikingskip og stavkyrkjer. Samstundes vert omgjevnadene våre stadig meir prega av ubehagelege minne som havsøppel, miljøgifter og samtidsruinar. Kvifor vert ikkje dei rekna som kulturarven vår?​ spør prosjektleiar Cathrine Paus ved Tromsø Museum – Universitetsmuseet.

Les også: Søppel eller kulturarv?

Torsdag 22. mars vert utstillinga «arv» opna. Ho tek utgangspunkt i forskingsprosjektet «Unruly Heritage» leia av arkeologane Bjørnar Olsen og Þóra Pétursdóttir ved UiT Noregs arktiske universitet. Utstillinga markerer både 50-årsjubileet til universitetet og 25-årsjubileet til Senter for grunnforsking, CAS, der dei to forskarane har hatt eit forskingsopphald.

Får deg til å tenkja nytt

– Denne utstillinga inviterer deg verkeleg til å tenkja nytt om vår kultur- og naturarv. Det er eit svært aktuelt tema når universitetet jubilerer og skal sjå både bakover og framover i tid, seier Paus.

– Thora og Bjørnar er arkeologar, og eg synest det er utruleg fascinerande at dei har valt å forska på samtida vår. Dei har undersøkt moderne ruinlandskap og havsøppel i nord, og det gjev for meg eit heilt nytt og viktig perspektiv på å begripa kulturminne. Eg trur vi kan by publikum som vitjar utstillinga, på nokre overraskande perspektiv, legg ho til. 

Utstillinga er basert på materiale frå seks stadar i det nordlege Noreg, Island og Russland. Gjennom fotografi, film, gjenstandar og korte tekster tek ho opp spørsmål knytte til forståinga vår av kulturarv. Til dømes om vi kan skilja mellom kulturminne og søppel og mellom natur og kultur.

Kva er kulturarv?

Bjørnar Olsen er en av arkeologene ved UiT som studerer samtidsarkeologi.
Bjørnar Olsen er ein av arkeologane ved UiT som studerer samtidsarkeologi. Foto: Jørn Berger-Nyvoll

– Eit viktig spørsmål for oss er kva som er kulturarv. Vanlegvis knyter vi det til noko godt, ynskt og vent. Noko som òg er sårbart og truga, og som vi difor må verna om, seier Bjørnar Olsen.

– Men som vi ser stadig meir av i dag, er mykje av arven vår korkje spesielt truga eller behageleg. Korleis skal vi forholda oss til kulturminne som mikroplast i havet, forfalne industrianlegg, sovjetiske bustadblokker og forlatne pelsdyrfarmar? Kan vi halda fram med å velja bort slike brysame ting og dermed reinsa arven – og fortida – for det feilslegne, stygge eller ubehagelege? held han fram.

Utstillinga problematiserer òg forståinga av fortida som avslutta, og gjev eit innblikk i korleis fråflytting og rasering kan bringa fram særlege og ofte ufrivillige minne. Utstillinga vert vist på Tromsø Museum fram til 30. september.

En del av utstillingen viser gjenstander som er skyllet i land på ulike strender.
Ein del av utstillinga viser gjenstander funne på ulike strender. Grafikk: Bjørn Hatteng

Aarskog, Karine Nigar
Publisert: 19.03.18 00:00 Oppdatert: 05.04.18 11:04
Vi anbefaler