Sarphan og Zakiyatou kan bli fengsla i heimlandet – har fått tilflukt ved UiT

UiT har for andre gong tilsett akademikarar som er i fare i heimlandet – fordi dei driv med forsking.
Torsøe, Mathilde
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Mathilde Torsøe
Publisert: 16.02.18 17:30 Oppdatert: 19.02.18 08:20
Tromsø

Sarphan Uzunoglu kom til UiT som "Scholars at risk"-stipendiat for nokre veker siden. Han og rektor Anne Husebekk møttest først denne fredagen. Foto: Jørn Berger-Nyvoll

Zakiyatou Oualet Halatine frå Mali og Sarphan Uzunoglu frå Tyrkia kom til UiT Noregs arktiske universitet i månadsskiftet januar/februar, som del av «Scholars at risk» (SAR)-nettverket UiT er med i.

Formålet med nettverket er å styrkje grunnleggjande menneskerettar og akademisk fridom for forskarar og andre medlemmer i det globale akademiske samfunnet.

SAR gir forskarar og intellektuelle som er utsette for trugslar i heimlandet mellombelse stillingar i andre, trygge land. På den måten kan forskarane halde fram med arbeidet sitt og samstundes gi eit viktig bidrag til forsking, utdanning og liknande ved vertsinstitusjonen.

Halatine og Uzunoglu er tilsett ved UiT for eitt år, og kom hit for eit par veker sidan. Uzunoglu har journalistisk bakgrunn og har skrive for fleire internasjonale aviser i Europa – frå ulike politiske perspektiv – og magasin i Tyrkia. På grunn av sin journalistiske verksemd har Uzunoglu vorte anklaga for tre ulike ting i heimlandet, mellom anna for å drive terrorisme-propaganda.

– Viss eg drar tilbake til Tyrkia, vert eg truleg først tvinga til militærteneste, noko eg ikkje har planar om. Deretter vert eg nok fengsla i 7,5 år. Difor var situasjonen min veldig prekær før eg kom til UiT, seier han, som skal jobbe ved Institutt for språk og kultur.

Fengsel ventar i heimlandet

Uzunoglu er bestemt på at han ikkje skal attende til heimlandet – med mindre Tyrkia vert radikalt demokratisert. Etter Tromsø-opphaldet flyttar han til Libanon, der han har fått ei vitskapleg stilling. Uzunoglu seier det vert tøft å ikkje sjå familien i heimlandet. 

– Eg har verkeleg ambisjonar om å bli ein anerkjend forskar på mitt felt. Men for å klare det, må eg vere fri, seier han.

Zakiyatou Halatine kunne dessverre ikkje vere til stades under intervjuet. Foto: Privat

Halatine er utdanna ingeniør i kjemi og skal jobbe i fagmiljøet på Visuelle kulturstudiar ved Institutt for samfunnsvitskap. Ho er i Tromsø med ektemannen Ibrahim Ag Youssouff, ein internasjonalt høgt anerkjend fredsmeklar og lingvist. Også Youssouff skal også bidra med forsking ved UiT.

– Vi har jobba veldig lenge for å få Zakiyatou og Ibrahim hit. Det er enorm positivt å ha dei her, både for heile UiT og vi som jobbar i Vest- og Sentral-Afrika. UiT hadde eit prosjekt i Mali frå 2006 til 2012, men det måtte avsluttast da det braut ut konfliktar her i 2012. Da vart også Zakiyatou og Ibrahim jaga ut av landet, seier Trond Waage, førsteamanuensis på Institutt for samfunnsvitskap.

Ekteparet var sentrale i prosessen med å skape fred i Mali og Mauritania på slutten av 90-talet. Metodane Youssuff utvikla den gang har FN seinare brukt i andre fredsprosessar. Det er islamistar og opprørarar nord i Mali som har tvunge paret ut av landet. Dei utgjer ein trugsel for opprørarane fordi dei var så viktige i fredsprosessen.

Etter utdanninga begynte Halatine å jobbe med å planlegge utviklingsaktivitet i heimlandet saman med FNs utviklingsprogram. På grunn av dette fekk ho jobb i FNs organisasjon for industriell utvikling.

– Dei ti siste åra i Mali har ho hjelpt menneske her med å skape sine eigne bedrifter og arbeidsplassar ettersom arbeidsmarknaden i Mali er veldig dårleg. Ho hjelpte personane med å lukkast med prosjekta sine, og ikkje minst få dei inn i Mali sin formelle økonomi. Dette fekk ho til veldig godt, og jobba med fram til vi vart kasta ut av landet, seier Youssuff.

Halatine kunne ikkje vere til stades under intervjuet. 

Etter at paret vart kasta ut at Mali i 2012 har dei levd i asyl i Frankrike og i periodar i Mauritania – under tøffe forhold. 

– Vi vil dele opplevingane våre i Norge i tilfelle det kan hjelpe andre. Vi håper vi kan gi nordmenn ei veldig god forståing for situasjonen i Mali – det er det minste vi kan gjere for eit land som prøver å hjelpe fattige, konfliktfylte land. Vi er så glade for å vere her på UiT, seier Youssuff.

– Vi skal ha fleire doktorgradskurs og seminar i løpet av året som dei to skal delta på. Stipendiatane våre frå Mali og Kamerun skal få Zakiyatou og Ibrahim som rettleiarar. Det er veldig positivt, seier Waage.

Trond Waage ved Institutt for samfunnsvitskap ser fram til samarbeidet med Ibrahim Ag Youssouff og kona. Foto: Mathilde Torsøe

– Fantastisk ressurs

Førsteamanuensis Holger Pötzsch er strålande nøgd med at Uzunoglu har begynt å jobbe på hans institutt. 

– Sarphan har allereie vist seg å vere ein fantastisk ressurs her på instituttet. Eg håper SAR-programmet i framtida vert utvida ved UiT, slik at vi kan ta imot enda fleire akademikarar i fare. Å ha dei her har ein veldig positiv effekt langsiktig, seier han. 

Uzunoglu har mellom anna gjort fleire studiar på arbeidsforholda til utanlandske journalistar.

Rektor Anne Husebekk er naturleg nok glad for at UiT kan gje dei to SAR-forskarane fridom til å gjere forskinga si – i alle fall for ein periode.

– Aller helst skulle det ikkje ha vore naudsynt med eit SAR-program. Forskarane burde hatt høve til å utføre arbeidet sitt i heimlandet så sant forskinga følgjer internasjonalt aksepterte etiske retningsliner. Når det ikkje er tilfellet, er SAR-programmet ei verdifull moglegheit til å ha mellombelse, trygge forskingsopphald til dømes ved UiT, seier ho. 

Husebekk peikar på at fridom i forskinga er eit grunnleggjande prinsipp i Noreg. 

– Forsking dannar grunnlaget for politiske avgjerder og kan vere samfunnskritisk i sin natur. I Noreg er forsking ein drivkraft innanfor alle samfunnsområde og ikkje avgrensa av politiske avgjerder. Slik må det vere – både her og internasjonalt.

Uzunoglu synest det er fint å bli ønskja velkommen på UiT. 

– I Tyrkia er det tusenvis som meg, som ventar på å få same type stipend som meg. Nokon av dei får ikkje lov til å reise ut av Tyrkia. Eg, som er her i Tromsø, er ein av dei heldige, seier han og smiler.

Uzunoglu seier at den første tida på UiT har vore storarta. - Folk har teke meg godt imot og ønskt meg velkommen, seier han. Her saman med rektor. Foto: Jørn Berger-Nyvoll

– I Tyrkia er det ei utbreidd oppfatning at den norske levemåten, samfunnet og demokratiet er som ein «kur» for såra det tyrkiske demokratiet har påført oss, legg han til. 

Dødsdømt i Iran

UiT vart med i SAR-nettverket i 2012.

– Same år tilsette vi ein SAR-akademikar frå Kamerun for ein 4-årsperiode. At vi no har tilsett to nye forskarar betyr at UiT har begynt å satse meir på Scholars at Risk, seier Håkon Fottland, koordinator for SAR ved UiT. 

Husebekk, som sjølv er forskar, engasjerer seg sterkt for temaet akademikarar i fare. I januar vart den svensk-iranske medisinforskaren Ahmadreza Djali, som er fast tilsett ved Karolinska Institutt i Sverige, dødsdømt i heimlandet Iran.

Seniorrådgiver Håkon Fottland er koordinator for Scholars at Risk ved UiT. Foto: Karine Nigar Aarskog

Husebekk og rektorane ved fire andre universitet i Noreg skreiv ein hardtslåande kronikk om dommen i Aftenposten, der deoppmoda Iran sin ambassadør i Noreg og norske myndigheiter til å gjere alt dei kan for å forhindre at dødsstraffa mot Djalali vert fullbyrda – og deretter få han lauslatt. 

– Det er utrolig trist. Eg tek på det sterkaste avstand frå dødsdommen til Djalali, seier Husebekk. 

Djalali har permanent opphaldstillaring i Sverige, og vart arrestert da han besøkte Iran i april 2016. I februar i fjor fortalde han at han hadde vorte pressa til å underskrive ei tilståing. I denne skal forskaren ha tilstått at han var involvert i spionasje og i å handle i strid med den nasjonale tryggleiken.

Dødsdommen kom i oktober i fjor. Djalali har sjølv sagt at han vart spurt om å spionere for Iran, men at han svarte nei til dette. Den prominente forskaren har hatt eit utstrekt samarbeid med kollegaer i andre land. Amnesty International har lenge engasjert seg i saka hans.  

For eit par veker sidan skreiv Husebekk og universitetsdirektør Jørgen Fossland eit brev til politisk leiing i Iran i håp om at det kunne bidra til å oppheve dommen. Brevet vart sendt i kopi til ei rekke mottakarar, mellom anna den iranske ambassadøren i USA, leiinga i USA, FN, UNESCO og utanriksministarane i Italia, Belgia, Sverige. 

– Vi har ikkje fått noko svar ennå. Vi får håpe på det beste, seier Husebekk.

Torsøe, Mathilde
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Mathilde Torsøe
Publisert: 16.02.18 17:30 Oppdatert: 19.02.18 08:20
Tromsø
Vi anbefaler