Skal gi Tromsø-barn samisk «SFO» for første gong

UiT og Tromsø kommune startar opp eit prosjekt som skal få samisktalande barn til å beherske språket enda betre - gjennom leik og moro.
Torsøe, Mathilde
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Mathilde Torsøe
Publisert: 08.02.18 00:00 Oppdatert: 08.02.18 20:32
Tromsø

Elin Jørgensen i Tromsø kommune og UiT-professor Øystein Vangsnes gler seg til å starte opp "Samisk språkdusj". Foto: Mathilde Torsøe

Det er Øystein Vangsnes, professor i nordisk språkvitskap ved UiT Norges arktiske universitet, som er primus motor bak prosjektet, som har fått namnet «Romssa giellariššu» (samisk språkdusj). Han fekk ideen til prosjektet for eitt år sidan.    

– I dag er alle dei samiske språka anten truga eller særs truga. For å gjere samisk meir utbreidd er det spesielt viktig at fleire born lærer språket. Det viktigaste for å lære eit språk er i kor stor grad ein får «vere» i språket, altså snakke og omgi seg med det, seier Vangsnes.

Torsdag haldt han og Elin Jørgensen, leiar for Utdanning- og oppvekstkomitéen i Tromsø kommune, eit informasjonsmøte om prosjektet på Perspektivet Museum. «Romssa giellariššu» skal vere ein språksimuleringsarena for barneskulelevar som får opplæring i nordsamisk. 

Dobbel gevinst

Alle i grunnskulen som ønskjer undervising på samisk har rett det, men i dag finst det ikkje noko skulefritidstilbod i Tromsø som går føre seg på samisk.

– Det, og det at onsdag er ein kort dag i tromsøskulen, var det som sette meg på idéen. Samlingane skal gå føre seg innanfor normal arbeidstid for dei fleste foreldre, på eit tidspunkt som ikkje krasjar med andre fritidsaktivitetar, seier Vangsnes.

Tanken er at barna skal møtast på Workinnmarka skule på onsdagar frå 13- 16. Samlingane skal leiast av studentar ved UiT som beherskar samisk særs godt. I tillegg skal kommunen tilsette ein koordinator i 40 prosent stilling i prosjektet.

Vangsnes meiner prosjektet vil gi UiT-studentane unik språkpraksis – erfaring som ikkje kan lærast bort i førelesingssalen. Dermed vil prosjektet vere ein vinn-vinn-situasjon for både barna og studentane.  

– Aktivitetane på samlingane skal vere så morosame at ungane ikkje kan tenkje seg å ikkje delta, seier han og smiler.

– Eg håper prosjektet vil gjere at studentane ein dag får lyst til å bli samisklærarar, seier Jørgensen.

Gunn Karin Skoglund vil gjerne at dottera Aila Louise (1) skal delta "SFO" på samisk. Foto: Mathilde Torsøe

Auke nasjonalt

Skuleåret 2017/2018 får 1580 elevar i den norske barneskulen ei eller anna form for opplæring i samisk. 129 av desse bur i Tromsø.  

– Det utgjer 8,1 prosent av det nasjonale talet. Difor er det ingen tvil om at Tromsø er ein viktig stad for opplæring av framtidas brukarar av nordsamisk, seier Vangsnes.

Ifølge professoren har det vore ein svak oppgang av samisktalande personar i Norge dei siste par åra. Det har skjedd samstundes med at talet på samiskelevar på barneskulane i Tromsø nesten har dobla seg. Ifølge Vangsnes står Tromsø for ein tredjedel av den nasjonale auken, noko han skriv meir om i denne kronikken.

Elevane i Tromsø som får samisk undervisning er i dag fordelt på over 20 skular. Det er dei 21 som ikkje går i samiskklassen på Prestvannet Vangnes særleg håper å fange opp i prosjektet. Desse får stort sett samiskundervising aleine. Eit av hovudmåla med er å styrke dei sosiale banda mellom dei samisktalande elevane på tvers av skulane.

Godt teke imot

Tilbodet vart tilsynelatande godt motteke av foreldra som møtte opp torsdag. Dei ga uttrykk for at eit tilbod som dette lenge har vore etterlengta. Ei mor tykte også det var bra at prosjektet skulle gå føre seg innanfor arbeidstida.  

– Eg trur det er meir sannsynleg at ungane vil delta da.

Gunn Karin Skoglund hadde møtt opp saman med vesle Aila Louise (1). 

– Dette høyrest ut som eit kjempespanande prosjekt eg vil at mine barn skal delta på. Det er utruleg viktig å styrke samisk, eg er oppteken av at borna mine lærer språket så tidleg som mogleg. Samfunnet elles er totalt dominert av norsk, sa ho.

Skoglund har sjølv samisk som morsmål og har òg ein dotter på sju år i samiskklassen på Prestvannet.  

– Barnets første leveår er enormt viktig for språklæring, difor er eg veldig oppteken av det er nok barnehageplassar i den samiske barnehagen i Tromsø. Førebels har ikkje min yngste dotter fått plass her. Det håper eg verkeleg ho får.

– Heilt nytt

Ein handfull møtte opp for å høyre om prosjektet. Foto: Mathilde Torsøe Foto: Mathilde Torsøe

Ifølge Elin Jørgensen har det aldri har eksistert eit tilbod som dette i Tromsø før.

– Frå ein politisk ståstad er vi veldig opptekne av å leggje til rette for eit godt språktilbod og gode samiskarenaer for samiske born. Difor vil kommune vere med på prosjektet, sa ho.

– Det er kjempeviktig at elevane får eit djupdykk i samisk utan nokon form for påverknad av det norske språket. Det vil dei få under samlingane – både språkleg og sosialt. Dett vil bidra til å bygge identitet.

Før prosjektet kan starte opp skal Vangsnes søkje Sametinget om økonomisk støtte til transport av elevane.  

–  Kjem kommunen til å bidra økonomisk viss Sametinget seier nei?

– Det kan eg ikkje love på ståande fot, men vi vil sjølvsagt gjere det vi kan for at prosjektet vert vellykka. Eg håper Sametinget ser at dette er eit veldig viktig prosjekt i bidra i, seier Jørgensen.

Ei referansegruppe med språkarbeidarar og forskarar frå ulike delar av Sápmi skal følgje prosjektet. Det er støtta av  Samisk foreldrenettverk i Tromsø, og skal i første omgang gå over eitt år.

 

Torsøe, Mathilde
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Mathilde Torsøe
Publisert: 08.02.18 00:00 Oppdatert: 08.02.18 20:32
Tromsø
Vi anbefaler