Desse vil verte universitetsdirektør

Sju personar har søkt på stillinga som universitetsdirektør. Alle er menn.
Solhaug, Randi Merete
Publisert: 29.01.18 15:00 Oppdatert: 30.01.18 13:59

I desember i fjor vart universitetsdirektørstillinga ved UiT, ei av dei mest spennande og krevjande leiarstillingane i Nord-Noreg, lyst ut.

I utlysingsteksten står det at ” UiT Noregs arktiske universitet er på jakt etter ein dugeleg leiar med ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medverknad og dialog. Den som vert tilsett må dessutan vise til omfattande erfaring og gode resultat frå leiing av større verksemder med stor kompleksitet og ha god organisasjonsforståing.”

No er den offentlege søkjarlista klar:

  • Søkar er unnateke offentlegheit, mann
  • Kjetil Kvalsvik (48) Fakultetsdirektør for Det helsevitskapelege fakultet, UiT, Tromsø
  • Konstantinos Voulgaris (30) Jobseeker, Piraeus
  • Rune Sverre Fjellheim (53) Direktør, Karasjok
  • Stig Ørsje (54) IT-direktør, Tromsø
  • Jørgen Fossland (47) Fakultetsdirektør, Tromsø
  • Magne Aasheim Knudsen (50) Fakultetsdirektør, Kristiansand

To søkjarar trekte seg etter at søknadsfristen gjekk ut. Søknadsfristen var opphavleg sett til 15. januar, men vart forlenga med éi veke fordi universitetsleiinga ønskte seg fleire søkarar.

Avgjerast i styret

Universitetsdirektørstillinga er ein del av toppleiinga ved universitetet saman med rektor. Direktøren er leiar for den administrative verksemda ved universitetet, og vert tilsett i ei åremålsstilling for seks år med verknad frå 1. juni 2018.

Kven som til slutt får stillinga vert avgjort på universitetsstyremøtet.

Lasse Lønnum har vore direktør ved UiT sidan 1. juni 2006. Hans åremålsstilling går no ut. Dei siste åtte månadane har Jørgen Fossland vore konstituert i stillinga.

 

Solhaug, Randi Merete
Publisert: 29.01.18 15:00 Oppdatert: 30.01.18 13:59
Vi anbefaler