Meiner fleire må utdannast til privat sektor

– UiT har lykkast utruleg godt med å utdanne arbeidskraft til offentleg sektor – særleg innan helse. No må universitetet få fleire kandidatar inn i privat sektor.
Torsøe, Mathilde
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Mathilde Torsøe
Publisert: 23.01.18 00:00 Oppdatert: 24.01.18 09:18
Tromsø

Prektor ved UiT Kenneth Ruud, Ida-Sofie Seppola Asplund og den ferske kunnskapsministeren Iselin Nybø på Cafe Sånn i Tromsø i kveld. Foto: Mathilde Torsøe

Det var eit av hovudbodskapa til NHO Arktis og Akvaplan-niva AS under Open Arctic-debatten «Arktisk kunnskapshovudstad» på ein fullsett Cafe Sånn i Tromsø tysdag kveld.

Dei andre debattantane var Kenneth Ruud, prorektor for forsking og utdanning ved UiT, den nye kunnskapsministeren Iselin Nybø (V) og Ida-Elise Seppola Asplund, leiar for Studentparlamentet. Ordstyrar var Skjalg Fjellheim, politisk redaktør i Nordlys.

– Ingen "quick fix"

– UiT forsyner i aller høgaste grad Nord-Norge med arbeidskraft til offentleg sektor. Universitetet har i langt mindre grad klart å sørge for å utdanne arbeidskraft til privat sektor, og det er det eit stor behov for – særleg i Nord-Norge, sa Salve Dahle, direktør for Akvaplan-niva AS.

Det var Målfrid Baik i NHO Arktis einig i.

– Veldig mykje av innovasjonen skjer i etablert industri. Eg håper innovasjonen i Nord-Norge i framtida vert mykje meir drive av næringslivet. Her vert det i større og større grad tverrfagleg samarbeid, slik håper eg det også vil bli på universitetet, sa ho.

Kunnskapsminister Nybø påpeika at det ikkje berre er UiT som må vere aktiv for å klare å forsyne den private arbeidsmarknaden med kandidatar:

– Her må verkeleg også arbeidslivet vere på ballen. Dei kan ikkje berre forvente at UiT skal levere varane, men seie kva dei treng.

Det var Baik og Dahle samde i.

– Eg meiner det store målet bør vere at næringslivet og universitetet i samspel evnar å skape fleire arbeidsplassar og auke verdiskapinga i landsdelen. Eg trur vi er på god veg, men dette er ikkje nokon "quick-fix". Vi må tore å tenkje litt nytt om korleis studentar og næringsliv, og forsking og næringliv, kan samhandle, sa Baik.  

Prorektor Ruud er kjend med at UiT utdannar for få til privat sektor.

– Vi kan bli betre på kontakt med næringslivet. Det jobbar vi med kontinuerlig, mellom anna gjennom Senter for karriere og arbeidsliv. Vi har næringlivsmentorar, og ønskjer å styrke dette ytterlegare, sa han. 

– Det er for stor avstand mellom akademia og praktisk kompetanse. Koplinga mellom universitets- og høgskulesektoren må bli tettare. Det gjeld ikkje for heile landet. På universitetet lærer ein ikkje i praksis korleis ein skal drive ein bedrift, det må ein ut i næringslivet for å lære, sa Dahle.

– UiT er nøydd til å ha toppforsking for å vere ein attraktiv studie- og arbeidsplass, mellom anna for å få ekstern finansiering. Vi er også nøydd til å drive med grunnforsking, svarte Ruud.

Det lét sidan til at debattantane var einige om dette.

– Men eg meiner ikkje det er eit motsetnadsforhold mellom desse to oppgåvene. UiT må klare å tenkje at dei både skal drive med grunnforsking og utdanne kandidatar til privat sektor, sa Baik.

– Norge er underrepresentert på forsking i næringslivei forhold til andre land. Kvalitet må til. Vi må ha kunnskapsbasert utvikling, og på UiT meiner at det ikkje finnast nokon mastergradssjuke. VI ønskjer oss òg fleire doktorgradar, sa Ruud.

Målfrid Baik, regiondirektør i NHO Arktis, og ordstyrar Skjalg Fjellheim Foto: Mathilde Torsøe

Praksis i alle fag

Eit anna mykje diskutert tema var korleis ein kan få meir praksis inn i utdanningane ved UiT. Seppola Asplund peika på at UiT-studentane alt i alt er nøgde, men at mange ønskjer langt tettare kontakt med næringslivet.

– Praksis er enormt viktig, men i disiplinfaga er det nærast ikkje-eksisterande. Universiteta i Oslo, Bergen og Stavanger har fått til dette, kvifor får ikkje UiT det til? sa ho.

– Vi har ambisjon om å få praksis inn i alle utdanningar, i større eller mindre grad. Det er klart det er lettare å seie kva studentane treng av praksis i meir profesjonsretta fag enn disiplinfag, fordi disiplinfaga kan brukast til så mykje forskjellig. Vi innfører gradvis praksis i fleire studiar, både i offentleg og privat sektor, sa Ruud.

I debatten herska det ikkje tvil om at UiT har vore enormt viktig for samfunns- og næringsutviklinga i landsdelen dei siste 50 åra.

– Tromsø, Bodø og Alta er byane i nord som veks mest i innbyggartall, og det er hovudsakleg på grunn av kunnskapsmiljøa her. I ein noko ustabil tid i dei nordnorske fylka står UiT fram som noko av det mest stabile, sa Skjalg Fjellheim.

Den viktige arbeidskrafta

UiT har 16.000–17.000 studentar. Heile sju av ti blir igjen i landselen etter utdanninga, men debattantane tok opp korleis vi kan få enda fleire til å bli - sårt tiltrengt arbeidskraft i framtida.

– Studentane må vite at dei får noko spesielt når dei tar ein utdanning frå UiT. UiT må tore å si at dei skal vere best i arktisk på alle felt. Studentane må bli uteksaminert med ein kompetanse på Arktis som er best i verda, meinte Seppola Asplund.

UiT-student Eirik Birkelund Olsen kom noko tilfeldig over debatten tysdag kveld. Foto: Mathilde Torsøe

Kunnskapsministeren utfordra UiT og næringslivet i nord til å tenkje litt annleis:  

– Ein nyutdanna UiT-kandidat har verdi sjølv om han eller ho tek seg jobb sørpå. Vedkommande gjer framleis ein viktig jobb. Eg ønskjer at dei norske universiteta tenkjer at dei skal utdanne kandidatar som skal kunne ta jobb i heile landet – ikkje berre i nord. Vi kan alltid bli betre, og universitets- og høgskulesektoren har eit særleg ansvar for å tenkje slik.

– I framtida er det ekstremt viktig med arbeidskraft frå utlandet. Over halvparten av mine tilsette er frå utlandet, skøyt Dahle i Akvaplan-niva inn.

– UiT er best i landet av universitets på knoppskyting av bedrifter, sa Ruud.

Treng jobb og ein framtid

Legestudent ved UiT Eirik Olsen kom tilfeldig over debatten på Cafe Sånn. Han synest det var interessant å høyre diskusjonen mellom staten, næringslivet og universitetet.

– Men dei hadde litt for mange runde svar. Mellom anna verka det ikkje som debattantane var heilt samde i kva som er UiTs oppgåver, sa han.

– Korleis kan vi få fleire unge til å bli i Nord-Norge?

- Eg hadde høyrt mykje av det før, sa Monica Lyngh om debatten. Foto: Mathilde Torsøe

– Skal eg snakke ut frå mitt eiget studie vil eg seie at det trengs fleire attraktive arbeidsplassar. Sjølv om det vert sagt at det er stort behov for legar i nord, er det mange av dei unge legane som ikkje får turnusplass etter avslutta studie og dermed vidare jobb i landsdelen. Det gjeld omtrent halvparten av dei som søkjer spesialisering. Det er ganske ironisk.

– Når det gjeld resten; ein treng jobb og ein framtid. Ingen vil flytte til ei lita bygd viss dei ikkje ser noko framtid der. Utfordringa til staten er å gjere kloke vegvalg som gjer næringslivet villig til å investere på desse plassane, la Olsen til. 

Monica Lyngh synest ikkje det kom fram så mykje nytt i debatten.

– Men panelet var dyktig, og det kom fine innspel særleg frå studenten. Det var også moro å høyre den nye statsråden, ho var frisk.

Lyngh trur særleg kvalitet i studietilbodet er viktig for å få fleire til å flytte til og busette seg i nord.

– Dessutan må studia ha eit tidsriktig innhald, som gir utdanning som trengs i framtida.

Torsøe, Mathilde
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Mathilde Torsøe
Publisert: 23.01.18 00:00 Oppdatert: 24.01.18 09:18
Tromsø
Vi anbefaler