Populært arrangement i gang igjen: – Mangfaldig program

24.01.18 Mathilde Torsøe

Tema for årets sesong med Laurdagsuniversitetet er «drivkraft i nord». Det heile startar med eit foredrag om kval- og nordlysturisme.

Laurdagsuniversitet startar opp igjen for sesongen. Her frå da Andrea Mannberg frå Handelshøgskulen ved UiT i fjor haust heldt foredrag om snøskred og kven som tek risiko i snøskred. Foto: UiT Norges arktiske universitet

Førstkomande laurdag kan du igjen fylle på med aktuell, populærvitskapleg kunnskap på UiT sitt Laurdagsuniversitet. Arrangementet har som mål å kombinere det nyttige med det behagelege, og gjennom våren kan du få med deg ti opne foredrag med forskarar frå UiT – mens du nyter ein gratis kopp kaffi.  

Det er Nina Prebensen frå Handelshøgskulen som startar det heile laurdag 27. januar, med foredraget «Turismen etter kvalen og nordlyset». 

Som i fjor kjem dei fleste foredraga til å gå føre seg på KulturHuset i Tromsø. På grunn av UiT sitt 50-årsjubile vert det òg arrangert Laurdagsuniversitet på fleire av dei andre studiestadane. Arrangementsansvarleg Stine Holand er glad for at sesongen no er i gang igjen.  

– Årens tema skal gjenspegle universitetets overordna strategi, "drivkraft i nord".  Tidlegare år har vi henta ut element frå strategien og gjort det til tema for Laurdagsuniversitetet, men sidan vi no er inne i jubileumsåret syntest vi det passa bra å spegle heile strategien. Temaet er breitt, difor er vårens program mangfaldig, fortel ho. 

130 publikummarar i snitt

Stine Holand, arrangementsansvarleg for Laurdagsuniversitetet ved UiT Norges arktiske universitet, seier at vårens program er mangfaldig. Foto: Mathilde Torsøee

Gjennom våren kan du mellom anna få med deg foredrag om ungdom og overvekt, vitskapens rolle i økonomisk utvikling og ein dramatisk ekspedisjon gjennom villmarka i Finnmark.

Laurdagsuniversitetet er eit populært arrangement som i fjor i snitt trekte 130 publikummarar.   

– Kvifor bør folk komme hit? 

– På Laurdagsuniversitetet kan du få innsikt i forsking på nært hald. Du får ein god akademisk input på ein laurdags føremiddag, og moglegheit for å snakke med foredragshaldarane om dagsaktuelle tema, seier Holand.  

Rektor Anne Husebekk seier at Laurdagsuniversitetet er ein viktig arena for UiT sine forskarar. 

– Her kan dei fortelje eit allment publikum om resultatet av forskinga si - forskingsresultat som elles ikkje er så lett tilgjengelig for folk flest. Talet på tilhøyrarar viser at interessa, nysgjerrigheita og vitebegjæret er stort. Arrangementet er ein del av UiT sitt samfunnsoppdrag, og den viktigaste kontaktflata mot folk utanfor universitetet, seier ho, og legg til:

– Til dei som enno ikkje har oppdaga Laurdagsuniversitetet, det er vel verdt å ta turen. Her får ein gode framstillingar av spanande forskingstema – eit viktig bidrag til UiT sin funksjon som er å vere ein «drivkraft i nord».

Laurdagsuniversitetet går føre seg alle laurdagar frå klokka 13- 14 til og med 7. april.  

Radioteasarar kvar veke

I likskap med i fjor haust kjem UiT kvar veke til å legge ut korte teasarar i forkant av vekas foredrag. Desse kan du lytte til på UiT sin Soundcloud-side. 

Formålet med radioteasarane er å gje ein kort smakebit på kva publikum har i vente denne laurdagen - og freiste folk til å komme.

Av foredraga denne sesongen trekk Holand særleg fram Hege Brækhus' foredrag om me too-kampanjen, og det første foredraget om kval- og nordlysnæringa. 

– Me too-kampanjen er viktig, har gått føre seg lenge og har nok sett seg i folks bevisstheit. Kval- og nordlysnæringa har verkeleg gjort det godt i Nord-Norge dei siste åra, men mange lurer nok på korleis det vil gå med den i framtida. 

På Twitter   #norgesarktiske