UiT-professor har vore med på å velje ut TIFF-filmane

Da festivalsjef Martha Otte spurte Jahn Petter Johnsen, var han ikkje i tvil om kva han skulle svare.
Torsøe, Mathilde
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Mathilde Torsøe
Publisert: 17.01.18 00:00 Oppdatert: 18.01.18 09:40
Tromsø

GAMMEL TEKNOLOGI: Jahn Petter Johnsen, professor ved Norges Fiskerihøgskole, brukar film i undervisinga si og har ein bunke VHS-filmar på kontoret. - Eg har brukt alle i førelesingane mine, seier han.  Foto: Mathilde Torsøe

– Eg sa ja, så klart, seier han og smiler.

Fiskeriprofessoren ved UiT Noregs arktiske universitet er vanlegvis å finne på kontoret sitt eller førelesingssalen, men denne veka er han også å finne i kinosalen. Jan Petter Johnsen er co-kurator under Tromsø Internasjonale Filmfestival (TIFF), Noregs største filmfestival, og har vore med på å velje ut fleire av filmane som skal visast fram.

I år har TIFF fokus på havet, og visar i alt elleve filmar om dette temaet. Festivalsjef Martha Otte kontakta Johnsen før jul for å høyre om han ville bidra til å velje ut desse.  

– Martha og eg har kjent kvarandre i mange år. Vi var samde om at vi måtte ha med filmar med ulike innfallsvinklar til temaet, nokre kunstnariske filmar og nokre dokumentarar. Vi var opptekne av å framstille korleis havet kan brukast i film. Eg kom med forslag til filmar, men det var TIFF som sette saman det endelige programmet, fortel Johnsen.

– Det var kjempeartig å bli spurt om å hjelpe - det freistar til gjentaking, legg han til og smiler. 

Nokre av filmane som visast fram er eldre, medan andre er nyare og høgaktuelle. Ein svart-kvit film om Terje Vigen, som skal visast i Ishavskatedralen 19.30 onsdag kveld, havnar i sistnemnde kateogri.  

– Eksistensielt tema

Fiskeriprofessoren er glad i film generelt - og over snittet glad i film om havet.

– Eg brukar mykje film i undervisinga mi, og brukar å starte kvar forelesing med eit lite klipp som er relevant for temaet vi skal snakke om. Det fangar merksemda til studentane med ein gong.

– Kor lenge har du vore oppteken av film om havet? 

– Sida eg var bitteliten. I filmen "A whale of a tale", som visast i kveld, får publikum sjå klipp frå den legendariske TV-serien "Flipper". Det var sånn det heile starta, seier Johnsen og ler.  

HJELP: Martha Otte seier TIFF vanlegvis ikkje brukar å spørje UiT-forskarar om hjelp til å velje ut filmar. Foto: Rune Stoltz Bertinussen

Martha Otte, festivalsjef for TIFF, sett stor pris på hjelpa frå Johnsen. Ho seier TIFF ikkje brukar å spørje forskarar om hjelp til å velje ut filmar.

– Eg spurte Jahn Petter fordi eg verkeleg trong kompetansen hans om havet og film, mellom anna for å unngå faktafeil i dokumentarar. Men Jahn Petter er i det heile teke sterk på film.

– Det høyrar òg med til historia at han verkeleg er ein TIFF'ar. Han har vore på så godt som alle filmfestivalane. Det er godt å diskutere film med ein som har så god oversikt, legg ho til og smiler. 

Ifølgje Otte er det første gong TIFF har eit eige sideprogram om havet. Det er fleire grunnar til at festivalen i år har valt å fokusere på dette temaet.  

– I fjor handla fleire av TIFF-filmane om havet, og det slo meg kor levande og mektige desse filmane var. Eg tenkte at det var meir å hente om temaet. TIFF skal seie noko om kvar vi er i verda. Norge er ein havnasjon - og Tromsø ein kystby med ei rik havhistorie. Til mi overrasking jobbar rundt 3000 forskarar i Tromsø med havet. Det er mange.

Otte meiner òg havet er eit eksistensielt, kunstnarisk og framtidsretta tema. 

– Utfordringane som ventar oss i framtida gjer at vi må bygge opp ein større respekt for havet. 

- UiT viktig for filmmiljøet i nord

 UiT har vore ein av TIFF sine samarbeidspartnarar i fleire år. Trond Waage, førsteamanuensis på institutt for samfunnsvitskap, fortel at fleire tidlegare studentar frå faget Visuelle kulturstudiar på UiT er involvert i filmar som visast på TIFF i år. Slik har det vore i fleire år. 

– Mellom anna "Burning memories", som har premiere på Verdsteateret klokka 20 i kveld. Tidlegare UiT-studentar har òg laga fleire av filmane i sideprogrammet "film frå nord", seier han. 

I fjor sto to tidlegare studentar bak "Sealers", ein av hovudfilmane på festivalen, som NRK i ettertid òg laga TV-serie om.

Waage nemnar Kristin Nicolaysen som ein annan filmskaper som har utdanninga si frå UiT, samt Svein Andersen, filmfagleg ansvarleg i FilmCamp i Øverbygd. Dette ressurs- og produksjonssenteret har mellom anna vorte brukt til innspelinga av TV3-serien "Elven" , og fasilitert innspelinga av "Den 12. mann". 

– UiT har i det store og det heile vore viktig for utviklinga av filmmiljøet i nord. Det vart starta opp av professor Lisbet Holthedahl på 70-talet, da ho fekk franske regissørar til å komme til Tromsø og undervise i film, seier Waage. 

Johnsen skal til saman introdusere fem filmar under festivalen.

– I dag introduserer eg «A turning tide in the life of man», som eg absolutt tilrår å sjå, og «A whale of a tale», seier han.

Nokon av dei dagsaktuelle problemstillingane dokumentarfilmane tek opp, er spørsmål om ressursforvalting, bærekraft og ulik forståing av havet.

– "A Whale of a tale" viser til dømes at folk har heilt ulik oppfatning av kva dyr i havet er. Japanske kvalfangarar ser på delfinen som ein stor fisk, medan naturvernarane ser på den som ein høgtståande organisme. Desse konkfliktane kjem veldig godt fram i filmen, seier han, som gler seg mest til å sjå "A whale of at tale" og "A turning tide in the life of man" på festivalen.

– Elles synest eg jo at alle dei andre filmane om havet er verdt å sjå, seier han og ler. 

Torsøe, Mathilde
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Mathilde Torsøe
Publisert: 17.01.18 00:00 Oppdatert: 18.01.18 09:40
Tromsø
Vi anbefaler