UiT lanserer jubileumspodcast

4. januar kjem ei ny satsing frå UiT Noregs arktiske universitet på lufta. I løpet av jubileumsåret kan du bli kjend med 50 forskarar og forskinga deira i podcasten Observatoriet.
Aarskog, Karine Nigar
Publisert: 27.12.17 00:00 Oppdatert: 02.01.18 17:07

Geir Hevnskjel Ringvold (t.v.) og Marit Anne Hauan er de to programlederne i den nye podcasten. Her sammen med en av årets gjester – professor Ørjan Olsvik.
Geir Hevnskjel Ringvold (t.v.) og Marit Anne Hauan er dei to programleiarane i den nye podcasten. Her saman med ein av årets gjester – professor Ørjan Olsvik. Foto: Jørn Berger Nyvoll

– Universitetet feirar 50-årsjubileum i 2018, og vi fann tidleg ut at ein podcast med 50 forskarar i 50 veker måtte vere midt i blinken, fortel Cathrine Paus som er prosjektleiar og teamleiar for forskingskommunikasjon ved Tromsø Museum – Universitetsmuseet.

Gjennom podcasten Observatoriet får publikum – på under 30 minutter – ikkje berre høyre om den fantastiske forskinga som finst ved universitetet, men også møte dei spennende menneska bak forskinga.

Cathrine Paus er prosjektleder for den nye podcasten.
Cathrine Paus er prosjektleiar for den nye podcasten. Foto: UiT

– Kvifor vart det akkurat dette fagfeltet? Kva driv dei? Eg kan love publikum nokre riktig gode historiar, sier Paus.

Høyr podcast når du vil!

Ho fortel at podcast er eit veksande medium som kan nå mange ulike målgrupper:

– Det å kunne laste ned og høyre på akkurat når det passar deg, er noko eg også likar personleg. Vi har så mange strålande forskarar som ikkje berre er flinke på det dei forskar på, men som også er gode til å dele kunnskapen med andre. Ein podcast er ein svært god stad å dele slik kunnskap. Enten du sit på bussen eller tar oppvasken heime, kan du samtidig bli klok på alt frå hjartesorg til at det å tulle med den biologiske klokka di kan vere dødsfarleg. Tenk på kva du kan bidra med neste gong du er i eit middagsselskap!

Forskarane blir intervjua av dei to programleiarane Marit Anne Hauan, som er førsteamanuensis i folkloristikk ved UiT, og Geir Hevnskjel Ringvold som er kjend for mange frå NRK Super. No jobbar han til dagleg for Kreftforeningen.

Lar seg imponere

Hauan har jobba ved UiT i over 30 år og seier at ho aldri sluttar å lata seg imponere av iveren og nyfikna som forskarane vert drivne av.

– Framtida er lys og fylt med von på grunn av forskinga som kontinuerleg svarar på våre utfordringer og behov. Forsking er viktig i kampen for ei betre verd, noko podcastens mange stemmer tydeleg vil vise. Lån oss øyra, og vi lovar å overraske, sier Hauan.

Også Hevnskjel Ringvold er imponert over korleis forskarane brenn for det dei gjer.

Podcasten er en av de store satsingene til UiT under 50-årsjubileet som feires gjennom hele 2018.
Podcasten er en av de store satsingene til UiT under 50-årsjubileet som feires gjennom hele 2018. Logo: Bjørn Hatteng, Tove Midtun, Torger Grytå, Ernst Asbjørn Høgtun og Gunn Astrid Eidesen.

– Det smittar verkeleg over! Sjølv om det sikkert kan bli kompliserte ting vi gir oss ut på, lovar eg å presse alle til å forenkle forskinga si til eit nivå som er forståeleg for meg. Og mitt nivå skal dei fleste hengje med på. Smartare enn dét er eg ikkje, ler han.

– Viktig for samfunnsdebatten

Første sending av Observatoriet vert publisert på SoundCloud og iTunes torsdag 4. januar. Deretter blir det ei sending i veka gjennom heile jubileumsåret. Forskarane skriv kronikkar knytte til intervjuet, som kan lesast på jubileumsnettsida, der også lenke til podcasten blir lagt ut. Observatoriet har også si eiga Facebook-side: @observatorietpodcast.

Sjølv om det i første omgang berre er planlagt sendingar for 2018, håpar Cathrine Paus at podcasten vil leve vidare også etter at jubileumsåret er over.

– Forskarane våre har viktig kunnskap å bidra med i samfunnsdebatten, og det bør så mange som mogeleg får ta del i. Observatoriet viser fram forskinga bak diskusjonane, og menneska bak forskinga på ein spennande måte, avsluttar ho.

Aarskog, Karine Nigar
Publisert: 27.12.17 00:00 Oppdatert: 02.01.18 17:07
Vi anbefaler