Norsk-russisk samarbeid skal gi betre barnehagelærarar

Både dei norske og dei russiske barnehagelærarstudentane fikk kultursjokk etter å ha besøkt barnehagar i dei respektive landa.  No skal desse erfaringane bidra til å gjere barnehagelærarutdanninga meir internasjonal.
Utsi, Inger Elin Kristina
Publisert: 22.12.17 00:00 Oppdatert: 03.01.18 15:02

BARNEHAGEBESØK: Dei russiske barnehagelærarstudentane fekk besøke barnehagar i Alta for å observere. Barnehagane i Noreg vart opplevd som heilt ulike russiske barnehagar.

Barnehagelærarutdanninga ved UiT Noregs arktiske universitet har hatt eit fleirårig samarbeid med barnehagelærarutdanninga i Murmansk.

I haust har ein for første gong inkludert studentane i samarbeidet. Tidlegare i haust besøkte 15 norske studentar både Universitetet i Murmansk og barnehagar i Murmansk. Her er ein reportasje på russisk frå det besøket.

I november fikk ein gjenbesøk frå russiske studentar. Dei besøkte også UiT i Alta og barnehagar i Alta.

– Dette prosjektet er i tråd med den tradisjonen som vi alltid har hatt her i nord, tradisjonen med folk-til-folk-samarbeid trass i prosessane som går føre seg oppe i regjeringane, seier dei tre prosjektdeltakarane Elena Merzliakova, Hilde Pettersen Suhr og Kirsten Stien.

Desse tre jobbar ved UiT i Alta. I 2012 starta dei prosjektet Barnehagelærarutdanningane i Noreg og Russland, dialogiske perspektiv.

Mindre disiplin i norske barnehagar
Avisa Altaposten skreiv ein reportasje frå opphaldet til studentane. I reportasjen kan ein lese kva erfaringar studentane har gjort. Dei norske barnehagelærarstudentane opplevde at russiske barnehagar hadde meir disiplin, samstundes som dei hadde berre éin vaksen som heldt styr på 24 born. Til gjengjeld opplevde dei russiske barnehagelærarstudentane at norske barnehagar var meir frie enn russiske.

– I motsetning til i Russland, er den norske barnehagen ein svært ung institusjon. Det er først på seint 1990-tal at barns deltaking i barnehagar i Noreg vart like stor som ho har vore i Sovjet. Medan russarane har vorte svært dugande didaktikarar, har nordmenn vorte svært flinke til å ta med born og foreldre i det som skjer i barnehagen, seier Elena Merzliakova, som er i eit doktorgradsarbeid knytt til tematikken.

DOKTORGRAD: Elena Merzliakova (i midten) er no i eit ph.d.-løp omkring temaet. Her saman med dei russiske studentane som vitja Alta.

Ph.d.-en i pedagogikk går ut på å få ei djupare forståing for borns læring i barnehagekontekst, og vilkåra for internasjonalisering av barnehagelærarutdanninga i Noreg.

Merzliakova er drivkrafta bak det norsk-russiske samarbeidet, og no jobbar ho og kollegaene målretta for å utvikle samarbeidet. 

Studentutvekslinga mellom Alta og Murmansk er finansiert av Barentssekretariatet.

­

– Vi opplever at samarbeidet med studentutveksling har vore vellukka, seier Kirsten Stien.

Samarbeidet har dei bygt opp stein på stein over fem år, og dei medgir at det tek tid. Men motivasjonen er stor til å halda fram, særleg med tanke på læringsutbytet studentane får.

– Vi som lærarar har ansvar for yngre generasjonar, vi har ansvar for å skape møteplassar for folk i Arktis. Profesjonelle møteplassar. Vi ynskjer ikkje berre at studentane får god læring, men også at dei knyter kontaktar dei kan bruke i sitt vidare arbeid, seier Hilde Suhr Pettersen.

Dei opplever vidare at det ikkje er vanskeleg å samarbeide med russiske institusjonar.

Samstundes er det meir meiningsfullt å sjå på korleis barnehagane vert drivne i Russland enn i dei andre nabolanda, då desse er mykje meir like den norske barnehagen.

I Nord-Noreg er det også mange russarar som har busett seg og får barn. Med det aspektet i barnehagelærarutdanninga, vil dei gjere at også dei framtidige barnehagelærarane har fleirkulturell bagasje med seg i jobben.

– Vi opplever jo at vi også har russiske studentar ved UiT og det er viktig at vi anerkjenner kvarandre og byggjer vidare på det ein har, seier Suhr Pettersen.  

INTERNASJONALT: Med dagens mobilitet blir det fleire born med fleirkulturell bakgrunn i barnehagane. Dette må også spegla seg av i utdanninga. Dirfor dette prosjektet.

Men det er ikkje berre studentane og universitetet som har fått meir input gjennom samarbeidet. Også barnehagane som har fått besøk får eit anna blikk når nokon utanfrå ser på deira forhold. 

– Dei norske barnehagane vart utfordra på fleire tema etter at dei russiske studentane hadde observert drifta, for eksempel innan mat og psykisk helse. Av og til trengst det blikk utanfrå, sier Elena Merzliakova.

No har UiT Noregs arktiske universitet søkt midlar frå SIU for å utvikle dette til eit permanent utvekslingstilbod for studentar.

­­– Intensjonen er å bruke det i det ordinære studieløpet. Den store skilnaden mellom norsk og russisk barnehage er at i Russland har ein fast opplegg, medan ein i Noreg har stor fleksibilitet – noko som også har sine fordelar. Vi kan lære meir av kvarandre, seier Merzliakova.

MURMANSK: Dei norske barnehagelærarstudentane vitja russiske barnehagar i Murmansk tidlegare i haust og fekk oppleve skilnaden. Dei russiske barnehagane har fleire tilsette med relevant utdanning enn dei norske. Kvar enkelt barnehage har to leiarar, ein fagleg og ein administrativ. De tilsette har ofte spesialisert utdanning. Kvar enkelt barnehage har eigen idrettspedagog, musikklærar, logoped og sin eigen sjukepleiar som er ansvarleg for helsekontroll av alle born, vaksinering og utarbeiding av meny. Russiske barnehageborn får tre varme måltid som vert godkjende av sjukepleiaren. Barnehagane har fleire spesialrom og er svært godt utstyrte. Baksida av denne medaljen er kanskje lite handlefridom som både dei tilsette og barnehageborna ser ut til å ha. Både innhaldet og arbeidsmåtane er nøye planlagde ut frå dei statlege normene, og det er lite personalet og borna kan velje bort eller byte ut.
Utsi, Inger Elin Kristina
Publisert: 22.12.17 00:00 Oppdatert: 03.01.18 15:02
Vi anbefaler