– Stort sett nøgde med IT-tenestene

Studentane ved UiT er i hovudsak nøgde med IT-tenestene, viser ei brukarundersøking. Men dei ønskjer blant anna betre audio-visuelle tenester.
Solhaug, Randi Merete
Publisert: 20.12.17 00:00 Oppdatert: 08.01.18 08:28

Underdirektør ved IT-avdelinga, Kai Mathisen, er veldig glad for at student Gunilla Hansen svarte på brukerundersøkinga som vart sendt ut i november i år. Foto: IT-avdelinga

Studentane ved UiT er IT-avdelinga sine viktigaste kundar, og det er difor avgjerande at dei synest IT-tenestene er gode, fortel underdirektør Kai Mathisen ved IT-avdelinga.

Difor vart det i november i år sendt ut ei spørjeundersøking for å finne ut kor godt nøgde denne brukargruppa er med tenestene dei tilbydast. Målet er å vidareutvikle og kvalitetssikre IT-tenestene for studentane.

Gode og nyttige tenester

Cirka 30 prosent av studentane svarte på brukarundersøkinga. Den viktigste tenesten dei nyttar er trådlaust nett, og dei ønskjer enda betre tilgang. Til tross for dette har talet på misnøgde med det trådlause nettet gått ned fra 30,3% i 2014, til 18,1% i år. Fleire studentar ønskjer dessutan betre tilgang til straum.

Ein av dei er jusstudent Gunilla Hansen. Ho er generelt sett godt nøgd med IT-tenestene ved UiT.

– Streaming og opptak av forelesingar er eit utruleg godt tilbod som vi studentar set stor pris på. VPN-tenesta er også flott, og gjer at ein får tilgang til UiT sine tenester uansett kor ein er. Det er til dømes veldig nyttig når ein skal ha tak i artiklar og slikt fra biblioteket, seier ho.

I haust har det likevel vore ien del forseinkingar, og det har teke noko tid før opptaka har vorte tilgjengelege.

– Årsaka er at det har vore driftsproblem hjå leverandøren (Uninett). På grunn av stor auke i bruk av tenesta både lokalt og nasjonalt, har dei ikkje klart å levere. Men problema ser no ut til å vere løyste, seier sjefingeniør Nils Johan Lysnes på Seksjon for digitale utdanningstenester. 

Utvidar mobilprint-kvotane

I tillegg set Gunilla Hansen også stor pris på mobilprint-tenesta.

– Eg bruker ho mykje og synest det er spesielt kjekt at ein kan sitte heime og skrive ut artiklar og hente ut desse dagen etter på UiT. 

Slik ordninga er i dag må utskrifta hentast ut minimum 12 timar etter at ho er printa, ellers vert ho sletta. IT-avdelinga ser no på om denne fristen kan utvidast, kanskje til 24 timar.

– UiT kjem også til å doble utskriftskontoane for alle studentar frå og med neste år. Det er noko vi reknar med at studentane vil sette stor pris på. I dag kjøper mange ekstra utskriftskvote, seier Lysnes.

Som takk for hennar bidrag fekk Gunilla Hansen ein Apple Macbook Pro i premie fra IT-avdelinga. Premien vart rekt over av Kai Mathisen. Foto: IT-avdelinga

Feil bruk av utstyr forstyrrar

Ein av dei viktigaste tilbakemeldingane fra studentane er at problem med det audio-visuelle (AV) utstyret forstyrrar undervisinga. Det kan vere alt frå vanskar med projektor, til power-pointpresentasjonar som ikkje kan visast. Ifølgje undersøkinga opplever om lag 20 prosent av studentane dette éin gong i veka, eller oftare.

– Om lag 70 prosent av AV-sakene våre skuldast brukarfeil. Det betyr at vi har noko å gå på når det gjeld opplæring. Samtidig må vi hugse på at det vert meir og meir bruk av AV. Kvart år får 100 nye rom ved UiT tilgang til AV-tenester, fortel Nils Johan Lysnes.

Gunilla Hansen fortel at AV ikkje har vore noko tema på hennar forelesingar.   – Desse løysingane har stort sett fungert godt, men om eg skulle sette fingeren på noko, så må det vere å oppfordre faglærarane til å vere ute i god tid og få logga på PC og slått på systema, slik at ein ikkje mistar tid på dette.

Tre studentar vart premiert 

Brukarundersøkinga viser dessuten at 45 prosent av studentene er nøgde og 13,5 prosent svært nøgde med læringsplattformen Canvas. 14 prosent synest likevel han er vanskeleg å ta i bruk.

For å auke svarprosenten på brukarundersøkinga vart det gitt premie til tre heldige som svarte. Gunilla Hansen var éin av dei og dei andre vinnarane var Erik Mikkelsen og Sølvi T. J. Næss.

Ein full rapport om funna i brukarundersøkinga vil vere klar om nokre månader.

 

Solhaug, Randi Merete
Publisert: 20.12.17 00:00 Oppdatert: 08.01.18 08:28
Vi anbefaler