UiT på Arctic Partnership Week

Arctic Partnership Week i Busan i Sør-Korea er godt i gang, med UiT til stades.
Gotaas, Geir
Publisert: 14.12.17 00:00 Oppdatert: 06.01.18 14:25

UiTs delegasjon på Arctic Partnership Week: Fra venstre: Young-Sook Lee, Kenneth Ruud, Torbjørn Eltoft, Matthias Forwick, Geir Rudolfsen, Astrid Brokke, Geir Gotaas.
UiTs delegasjon på Arctic Partnership Week. Frå venstre: Young-Sook Lee, Kenneth Ruud, Torbjørn Eltoft, Matthias Forwick, Geir Rudolfsen, Astrid Brokke, Geir Gotaas. Foto: privat

Arctic Partnership Week er eit årleg arrangement i regi av Ministry of oceans and fisheries, Ministry of foreign affairs, Korea Maritime Institute (KMI) og Korea Polar Research Institute (KOPRI). Som tidlegare år er Noregs ambassade ein aktiv partnar. 

På den første dagen blei det særleg fokusert på politikkutforming og Sør-Koreas og Norges strategiar i Arktis, medan det på dag to var arktisk forsking som stod i sentrum.

Prorektor Kenneth Ruud og leder for KOPRIs internasjonale avdeling, Hyoung Chul Shin undertegnet en samarbeidsavtale.
Prorektor Kenneth Ruud og leder for KOPRIs internasjonale avdeling, Hyoung Chul Shin undertegnet en samarbeidsavtale. Foto: Geir Gotaas

UiT er sterkt representert på Arctic Partnership Week (APW). På avslutningssesjonen den første dagen presenterte professor Young-Sook Lee framtidsutsikter og utfordringar knytte til reiseliv i Arktis, medan professor Torbjørn Eltoft, instituttleiar Geir Rudolfsen og instituttleiar Matthias Forwick på dag to i tur og orden presenterte CIRFA, biologi- og geologiforskinga ved UiT.

Har stasjon på Svalbard

Høgdepunktet var likevel signering av ein samarbeidsavtale mellom UiT Noregs arktiske universitet og Korea Polar Research Institute (KOPRI). Prorektor for forsking og utvikling Kenneth Ruud signerte på vegner av UiT, medan leiar for KOPRIs avdeling for internasjonalt samarbeid, Hyoung Chul Shin, signerte på vegner av KOPRI.  

KOPRI driftar mellom anna den koreanske forskingsstasjonen i Ny-Ålesund på Svalbard, dei to stasjonane landet opererer i Antarktis, og forskingsisbrytaren ARAON. I tillegg til eit langvarig samarbeid innan geologi – som også inkluderer Seoul National University – har arrangementet i Busan vist tydeleg at det er eit stort potensial for forskings-, utdannings- og formidlingssamarbeid mellom UiT og koreanske partnarinstitusjonar innan geovitskap, biovitskap og samfunnsvitskap.

I tillegg til UiT er også Norsk Polarinstitutt og Nord universitet med på Arctic Partnership Week. 

Gotaas, Geir
Publisert: 14.12.17 00:00 Oppdatert: 06.01.18 14:25
Vi anbefaler