Universitetsdirektørstillinga er lyst ut

Prosessen med å tilsetje ny universitetsdirektør er i gang. Målet er å ha nokon på plass i juni neste år.
Solhaug, Randi Merete
Publisert: 13.12.17 14:00 Oppdatert: 06.01.18 14:28

Universitetsdirektørstillinga er ein del av toppleiinga ved universitetet saman med rektor. Direktøren er leiar for den administrative verksemda ved universitetet, og vert tilsett i ei åremålsstilling for seks år med verknad frå 1. juni 2018.

UiT Noregs arktiske universitet er på jakt etter ein dyktig leiar med ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medverknad og dialog.

Du kan lese heile utlysningsteksten her 

– Aldri ein kjedeleg dag 

– Universitetsdirektørstillingen ved UiT er en av de mest spennende og krevende stillinger i Nord-Norge. Universitetsdirektøren er administrativt ansvarlig for 4000 ansatte og 16 000 studenter i en institusjon som er en drivkraft i nord. Det blir aldri en kjedelig dag i denne stillingen og den som ansettes får anledning til å bruke kløkt, raushet og godt humør hver eneste dag til å lede kompetente medarbeidere mot nye mål", seier rektor Anne Husebekk. 

Den som vert tilsett må dessutan vise til omfattende erfaring og gode resultat frå leiing av større verksemder med stor kompleksitet og ha god organisasjonsforståing. Det er ønskeleg med erfaring frå kunnskapsorganisasjonar og med høgare grads utdanning på masternivå, eller tilsvarende.

Leg vekt på gode evner til kommunikasjon

”Vi legger stor vekt på personlig egnethet for stillingen. Den som tilsettes må ha svært gode evner til samarbeid og til å arbeide systematisk og målrettet både strategisk og operativt. Vi vektlegger gode evner til intern og ekstern kommunikasjon”, står det i utlysingsteksten. 

Søknadsfristen er 15. januar 2018. 

Lasse Lønnum har vore direktør ved UiT sidan 1. juni 2006. Hans åremålsstilling går no ut. 

Dei siste åtte månadane har Jørgen Fossland vore konstituert i stillinga.

 

Solhaug, Randi Merete
Publisert: 13.12.17 14:00 Oppdatert: 06.01.18 14:28
Vi anbefaler