Nye viserektorar ved UiT

Kriss Rokkan Iversen og Sveinung Eikeland er i dag tilsett som viserektorar ved UiT Norges arktiske universitet.
Solhaug, Randi Merete
Publisert: 30.11.17 15:30 Oppdatert: 21.12.17 15:36

Kriss Rokkan Iversen. Foto: SALT

Det vart avgjort på universitetsstyremøtet i dag, 30. november. Kriss Rokkan Iversen er tilsett som viserektor for Sør-Troms og Nordland, medan Sveinung Eikeland er tilsett som viserektor for Nord-Troms og Finnmark.

Glad og takksam

Kriss Rokkan Iversen har doktorgrad i marin systemøkologi frå UiT, og jobbar i dag SALT, ei bedrift ho har vore med å grunnleggje.  For ti år sidan satt ho òg i universitetsstyret ved UiT.

– Eg er utroleg glad, takksam og stolt for høvet til å bidra med min kompetanse og mine perspektiv, samt vere med å utvikle UiT og landsdelen vidare, seier Rokkan Iversen.

Sveinung Eikeland innehar i dag stillinga som viserektor ved UiT i Alta, og er ein del av universitetsleiinga ved UiT.

Viserektorane skal bidra til å løfte fram UiTs satsingar innan forsking og utdanning. Stillinga som viserektor er ein fagleg leiarfunksjon, og har på vegne av rektor ansvar for UiT sin verksemd som regional utviklingsaktør og for å tydeleggjere og forsterke UiTs samla innsats på dette området. Viserektor tilsettast på åremål, og følgjer åremålsperioden til rektor fram til 31.7.2021.

Viserektor skal:

Sveinung Eikeland. Foto: UiT

- Vere eit felles fagleg kontaktpunkt for samhandlinga mellom UiT og regionen som i dag utgjer Sør-Troms og Nordland/ regionen som i dag utgjer Finnmark og Nord-Troms
- Vere ein tydeleg inngangsport til UiT for samfunnsaktørar i regionen
Representere breidda i UiTs profil og kompetanse
- Leggje til rette for hensiktsmessige samarbeidsformer med statlege verksemder, kommunar, fylkeskommunar, næringsaktørar og andre relevante samarbeidspartnarar i regionen
- Ha god dialog og avklare arbeidsdeling med aktuelle einingar og fagmiljø ved heile UiT
- Ha ein fagleg koordinerande funksjon for UiT sine campusar og studiestadar i Sør-Troms og Nordland
- Ha ei pådrivarrolle for fagleg utvikling av og samhandling mellom UiTs aktivitetar og fagmiljø i regionen
- Stimulere til utvikling av campusar og studiestadar i nær dialog med dekanar og instituttleiarar

Solhaug, Randi Merete
Publisert: 30.11.17 15:30 Oppdatert: 21.12.17 15:36
Vi anbefaler