Rektor deltek på Agenda Nord-Norge

Korleis kan ein møte globalisering, urbanisering og digitalisering med kunnskap? Det skal rektor Anne Husebekk helde innlegg om på ein av Nord-Norges største møteplassar for næringsliv, politikarar og akademikarar.
Solhaug, Randi Merete
Publisert: 13.11.17 00:00 Oppdatert: 24.11.17 12:11

Agenda Nord-Norge vert arrangert 13.-14. november i Mo i Rana, og tema i år er ”G.U.D. og Nord-Norge – korleis møter vi globalisering, urbanisering og digitalisering”.

Deltakarane på samlinga er leiarar av nordnorske føretak, representantar frå fagrørsla, akademikarar og politikarar.

Meir kunnskapsbasert næringsliv

Globalisering, urbanisering og digitalisering er tre megatrender i verda i dag, og dei får difor òg konsekvensar for utviklinga i Nord-Norge, og ikkje minst for nordnorske føretak.

Digitalisering fører med seg auka krav til forståing og kjennskap til nye datasystem, og her går utviklinga så fort at ein må halde seg hyppig oppdatert. Globalisering fører til at verda vert grenseløs, noko som igjen krev at selskap må liggje forkant for å helde seg relevante for marknaden.

For å møte kravet i framtida må næringslivet verte meir kunnskapsbasert og utdanningane må endrast for å fylla det framtida krev av kompetanse, meiner Husebekk.

– I framtida kjem vi til å trenge ein annan kunnskap og kompetanse enn no. Til dømes vil juristar, tilsette innan fiskerinæringa og helsetenesta byggje yrkesutøvinga si på digitale plattformer som dei må forstå. Nasjonale lovar vil i mange tilfelle overstyrast av internasjonale lovar og reguleringar. Samstundes er det naudsynt med mellommenneskelege relasjonar, det er naudsynt å forstå, diskutere og trøyste. Det tyder på at utdanningar må byggast opp på ein annan måte. Og sidan verda endrar seg raskt er det på høg tid å starte diskusjonen om både den generiske og den spesielle informasjonen som studium må innehelde for å møtte behovet i framtida, seier rektor Anne Husebekk.

Ho trur òg desse endringane vil gjera det stadig vanskelegare å komme inn i arbeidsmarknaden utan formell kompetanse.

UiT og FNs bærekraftsmål

Rektor vil i innlegget sitt òg komme inn på FNs berekraftsmål, som er den felles arbeidsplanen i verda for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030.

Totalt er det 17 mål, og under dei igjen 169 delmål. Bærekraftsmåla forpliktar alle land, òg Noreg, til å gjere sitt for å oppfylla måla. Mange av måla er allereie oppfylt her til lands, men ikkje alle.

– Eit av bærekraftsmålene er at alle skal ha høve til god utdanning. Eit anna er å stansa klimaendringane, og dessutan verne og bruke hav og marine ressursar på ein måta som fremjar berekraftig utvikling. Alt dette er globale mål som vil skape ein betra kvardag for menneske, og som vi må vere med på å nå, seier Anne Husebekk.

Sjå òg: Studenter og mentorer fra UiT i Agenda Nord-Norge

UiT- stipendiat blir ambassadør for Nord-Norge

Solhaug, Randi Merete
Publisert: 13.11.17 00:00 Oppdatert: 24.11.17 12:11
Vi anbefaler