Her er UiTs nye dekanar

Vi gjør oppmerksom på at denne artikkelen er over to år gammel, og kan ha innhold som er utdatert.

Bjørn Solvang, Sonni Olsen, Kathrine Tveiterås og Arne Smalås skal leie kvart sitt fakultet.

Bjørn Solvang Foto: Espen Eidum

Tilsettingane blei behandla i universitetsstyremøtet ved UiT i dag.

– Eg er svært nøgd med å få på plass så godt kvalifiserte kandidatar til stillingane. I desse fire får UiT utviklingsorienterte og engasjerte dekanar som skal videreutvikle og leie fakultetas forskings-, utdannings-, innovasjons- og formidlingsverksemd i tråd med UiTs mål og strategiar, seier rektor Anne Husebekk.

Dekanane ved UiT ivaretar den daglege leiinga av den samla verksemda til fakultetet, saman med prodekan(ar) og fakultetsdirektør. Dekanen har eit overordna fagleg ansvar og resultatansvar for fakultetet. Som del av UiTs leiargruppe skal dekanen bidra til god samhandling og heilskapleg leiing av verksemda ved universitetet.

Sonni Olsen Foto: Tommy Hansen, UiT

Dekanar blir tilsette på åremål for ein periode på fire år, med høve for tilsetting i ytterlegere to fireårsperiodar. Det er ønskjeleg at dei startar 1.1.2018.

Fakultet for ingeniørvitskap og teknologi

Bjørn Solvang er tilsett som dekan ved Fakultet for ingeniørvitskap og teknologi (IVT-fak).

Solvang er i dag dekan ved det same fakultetet.

Kathrine Tveiterås Foto: UiT

Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning

Sonni Olsen er tilsett som dekan ved Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning (HSL-fak).

Olsen har vore dekan ved HSL-fakultetet sidan 2013.

Fakultet for biovitskap, fiskeri og økonomi

Kathrine Tveiterås er tilsett som dekan ved Fakultet for biovitskap, fiskeri og økonomi (BFE-fak).

Tveiterås er i dag instituttleiar ved Noregs fiskerihøgskole.

Fakultet for naturvitskap og teknologi

Arne Smalås er tilsett som dekan ved Fakultet for naturvitskap og teknologi (NT-fak).

Smalås er i dag professor i kjemi og leiar av Norstruct.

Helsefak og jur.fak

Arne Smalås Foto: UiT

Som følgje av at UiTs styre i juni vedtok å redusere tal på fakultet frå åtte til seks, blei det tidlegare i haust utlyst seks dekanstillingar. Fire av stillingane er det no dekanar i, medan to dekanstillingar er lyste ut igjen. Søknadsfristane for stillingane som dekan for Det juridiske fakultet og dekan for Det helsevitskaplege fakultet er høvesvis 1. og 2. november.

– Dels som følgje av at søkjarar har trekt seg, og dels som følgje av dei vurderingane tilsettingsutvalet har gjort, har vi vald å opne for nye søkjarar på to av dekanstillingane, på Det juridiske fakultet og på Det helsevitskaplege fakultet, opplyser fungerande universitetsdirektør Jørgen Fossland.

Sjå alle ledige stillingar ved UiT her.

På Twitter   #norgesarktiske