Idrettshøgskolen bidrog sterkt under idrettshelga i Finnmark

350 deltakarar vitja UiT i Alta under idrettshelga i Finnmark. Sigurd Beldo og Tor Oskar Thomassen frå Idrettshøgskulen ved UiT bidrog med ny kunnskap med det føremålet å styrkje idretten.
Utsi, Inger Elin Kristina
Publisert: 25.10.17 00:00 Oppdatert: 29.11.17 18:12

BASISTRENING: Stipendidat Sigurd Beldo instruerte kring 90 deltakarar i basistrening under idrettshelga. Her saman med Håvard Klemetsen, som no er tilsett i ei deltidsstilling i Olympiatoppen Nord. Foto: Tor Oskar Thomassen

UiT Norges arktiske universitet opna lokala sine då 350 deltakarar frå heile Finnmark deltok på det som på førehand vart beskrive som «superhelga». Idrettshelga er ein årleg hending der ein samlast for å diskutere og presentere ulike tema innanfor barneidretten, breiddeidretten og toppidretten. Utøvarar, idrettsleiarar, dommarar, trenarar frå heile spekteret av idrettar tok turen til Alta for å dele kunnskap og erfaringar. 

 

– Det fine med idrettshelga er at trenarar, dommarar og leiarar har sine spesielle workshops og praktiske øktar, i tillegg til at fleire fellesforedrag samlar alle deltakarane. Årets idrettshelg vart eit spesielt stort arrangement fordi fotballkrinsen hadde sin årlege haustsamling samstundes, seier førsteamanuensis ved Idrettshøgskolen Tor Oskar Thomassen. 

Kunnskapsdeling

Han bidrog sjølv med eit foredrag på søndagen saman med verdsmeister og olympisk meister i kombinert Håvard Klemetsen. Saman snakka dei om korleis drøymer kan verte verkelege med lidenskap og stoltheit frå nord. Klemetsen og Thomassen har samarbeidd i ei årrekkje - Thomassen har bidrege med gode råd opp igjennom Klemetsen sin idrettskarriere. 

Førsteamanuensisen var ikkje den einaste frå Idrettshøgskolen som bidrog til at deltakarane fekk input som dei anten kan nytte seg av sjølv eller ta vidare med sine respektive idrettslag og idrettsgreiner.

Doktorgradsstipendiat Sigurd Beldo hadde saman med Morten Trane frå OLT Nord ansvaret for basistrening på fredagen. Her var det først ein introduksjon av teori og deretter ein praksisøkt med basistrening i idrettshallen, leia av Beldo. Heile 90 deltakarar var med på denne seansen. Thomassen var òg med på den praktiske delen.

– Idrettshelga er ein utroleg fin arena der heile Finnmark samlast på tvers av idrettar, klubbar, særkrinsar og der ein verkeleg ser kva fylket har å by på og kor mange som jobbar med barn og unge på ein fantastisk måte. Heilt imponerande korleis Finnmark idrettskrets og Finnmark fotballkrins har klart å setje saman eit så omfattande program med all logistikk som følger med, seier, Thomassen, som òg er nøgd med at Idrettshøgskulen kan vere med som bidragsytar for å løfte idretten i fylket.

Utsi, Inger Elin Kristina
Publisert: 25.10.17 00:00 Oppdatert: 29.11.17 18:12
Vi anbefaler