45 millionar kroner til unge forskarar ved UiT

Tromsø forskningsstiftelse deler i år ut til saman 45 millionar kroner til fire fremragende forskarar ved UiT Norges arktiske universitet.
Aarskog, Karine Nigar
Publisert: 31.10.17 00:00 Oppdatert: 30.11.17 13:12

Utdelinga skjer på Norges fiskerihøgskule ved UiT Noregs arktiske universitet torsdag 23. november, under årsmarkeringa til stiftinga. 

Unn Sørum er koordinator i Tromsø forskningsstiftelse.
Unn Sørum er koordinator i Tromsø forskningsstiftelse. Foto: Norinnova

– Vi skal dele ut til saman over 45 millionar kroner til tre unge forskarar som får såkalla "Starting Grants" og ein som får midlar frå ein felles, nasjonal utlysing frå oss og Bergen forskingsstifting innan matematikk, fortel koordinator i Tromsø forskningsstiftelse Unn Sørum.

Meld deg på arrangementet her!

– Det største ein givar kan oppnå

Tromsø forskningsstiftelse (TFS) vart oppretta av milliardær og forretningsmann Trond Mohn 28. mars 2007, då han ga UiT ein pengegåve på 100 millionar kroner. I tillegg forsterka staten gåva, slik at det samla beløpet vart på 125 millionar kroner.

Trond Mohn uttalte då at det er ein glede å bidra til god forsking ved UiT:

– Det å få bidra til fellesskapet på denne måten, og å få vere med på å gje unge menneske håp og tru på framtida, er det største ein givar kan oppnå.

Trond Mohn opprettet stiftelsen i 2007.
Trond Mohn opprettet stiftelsen i 2007. Foto: Stig Brøndbo

Stiftinga har som føremål å støtte og dele ut middel til langsiktig grunnleggjande forsking og forskingsstrategiske rekrutteringstiltak ved UiT Norges arktiske universitet. Stiftinga kan òg støtte tilsvarande føremål ved andre institusjonar i landsdelen, når det inneber samarbeid med UiT.

Foredrag med Vegard Ulvang

I 2015 fekk stiftinga ei ny gåve frå Trond Mohn på 300 millionar kroner som skal delast ut i løpet av ti år.

– Stiftinga skal dele ut pengar til rekruttering av yngre toppforskarar, infrastruktur og satsingar mot eksisterande infrastruktur, forklarer Sørum. 

Under årets utdeling vert det korte presentasjonar av dei fire som får tildelt middel, i tillegg til kulturelt innslag med Julie Alapnes og Kine Kjær og foredrag av praksisprofessor ved UiT – og tidlegare skistjerne – Vegard Ulvang. TFS vil òg presentere neste utlysing.

– Tildelinga har betydd alt

Ein av forskarane ved UiT som tidlegare har fått midlar frå stiftinga er Kathrin Hopmann ved Institutt for kjemi. Ho  fekk moglegheit til å starte opp ei ny forskingsretning ved UiT på kjemisk konvertering av CO2 til meir verdifulle molekylar.   

Kathrin Hopmann (t.v.), Trond Mohn og Juha Vierinen fra markeringen i 2016 Foto: Linn Bertheussen / Nordlys
Kathrin Hopmann (t.v.), Trond Mohn og Juha Vierinen frå markeringa i 2016. Foto: Linn Bertheussen / Nordlys

– Tildelinga har betydd veldig mykje for forskinga mi. Sjølv om prosjekt CHOCO starta for mindre enn eitt år sidan, har vi allereie fått god synlegheit og vorte invitert til å delta på diverse konferansar, til å bidra med eit perspektiv på forskingsfeltet og til å vere med i andre internasjonale forskingsprosjekt, seier Hopmann.

Saman med forskarar ved UiT, forskingsgrupper frå andre institusjonar i Norge, Island, Danmark, Sverige og Finland, og dessutan industrielle partnarar, har ho nettopp starta to store nettverksprosjekt – 'Nasjonalt senter for CO2 konvertering’ og 'Nordisk konsortium for CO2 konvertering'.

– Dette hadde vi neppe kunna gjort utan tildelinga frå TFS, seier Hopmann.

Takka vere tildelinga har prosjektet hennar tilsett fleire PhD-studentar og postdoktorar. Pengane har òg gått til å drifte forskinga og kjøpe utstyr til laboratoriet.
– Det som er unikt og veldig bra med TFS er at vi fekk fridom til å nytte midlane til det vi treng. Andre forskingsmidlar sett ofte visse begrensningar. I tillegg til forsking har vi brukt litt av finansieringa til nettverksbygging og formidling, avsluttar Hopmann.

Aarskog, Karine Nigar
Publisert: 31.10.17 00:00 Oppdatert: 30.11.17 13:12
Vi anbefaler