– Kan bli vakraste campus i landet

17.10.17 Kjetil Nilsen

– Dette er ein plan for campus, men òg ein plan for byen. Det vert eit signalområde snarare enn eit signalbygg, seier ein tydeleg begeistra rektor Anne Husebekk om campusutviklingsplan for UiT Harstad som vart lagt fram tysdag.

– Iden bak planen er tidsriktig og inviterer til bruk av campus utover kjernetida. Kva betyr så dette for studentane? Jo, det vil bidra til å gjere campus til ein godt stad å vere, seier UiT-rektor Anne Husebekk. 

Campusutviklingsplanen lanserer spannande utviklingsmoglegheiter for UiT campus Harstad. Foto: Rodeo arkitekter / tegn_3 / Downtown

Stort potensial

Bygg- og eigedomsdirektør Erland Loso gjennomgjekk planen og følgde opp det innleiande lovordet til rektor med å fastslå at UiT Harstad ikkje berre er den venaste campusen, men òg han med størst potensial i UiT-systemet for byintegrasjon. Campusen som tilhøyrar framtida er i byen – med byen.

– Havnegata 11, som i dag vert nytta til parkeringsplass for tilsette og studentar, er den «feitaste tomta i byen», seier Loso.

– Tomta har potensial for at campus vert endå meir integrert i byen, og vil styrkje Harstad som universitetsby. Samstundes er det utviklingshøve på tillgrensande tomter, men dagens hovudbygningsmasse i Havnegata 5 skal enno utgjere «navet» i den vidare utviklinga av campus, legg han til.

Ein pulserande by i byen veks fram i Havnegata: Påbygging på hovudbygget til høgre. Det gamle ullageret – kommunalt P-hus i dag – har vorte til Ulla, og eit enkelt murbygg ved inngangen har vorte til ein ettertrakta kafé. Foto: Rodeo arkitekter / tegn_3 / Downtown

Rådmann Hugo Thode Hansen var til stades under presentasjonen av campusutviklingsplanen. Han understreka at planen burde ha gode moglegheiter for å bli realisert, i og med at UiT, Statsbygg, Samskipnaden og Harstad kommune står samla bak planen.

– Kommunen har store forventingar til UiT etter fusjonen. Vi vil gjerne sjå både fleire studietilbod og nye bygningar materialisera seg – og vi er for ein ambisiøs tidsplan. Dette kan bli bra, uttrykkjer han.

Utviklingsbehov på kort og lang sikt

Utviklingsarbeidet med campusutviklingsplanen har vore organisert med ei arbeidsgruppe og ei styringsgruppe samansett av medlemmar frå UiT, Harstad kommune, Norges arktiske studentsamskipnad, Campustinget ved UiT Harstad og Statsbygg.

- Arbeidet har omfatta planfaglige og bygningsmessige vurderingar av utviklingsbehova til campus Harstad, på kort og lang sikt. Men dette er sett i samanheng med Harstad by sitt utviklingsbehov og moglegheiter.

Dagens bruk er kartlagd og potensialet for eksisterande bygningsmasse vurdert. Planen omfattar òg tilgrensande område i kvartalet aktuelle for campusfunksjonar. Koplingar til sentrum, næringsliv, idrettsfasilitetar og kultur med meir er vurdert.

Sentrale problemstillingar 

Campusutviklingsplanen har spesielt sett på moglegheita til å:
- løyse utvidingsbehova til UiT Harstad på kort sikt
- kunne dekke behov for fleire studentbustader nært campus
- kunne dekke behov for viktige studentfunksjonar som treningsfasilitetar/studenthus/møteplassar.

Planen har i tillegg vurdert kva for utvidingsbehov UiT Harstad vil få på lang sikt, og korleis desse kan sikrast på campus. Framtidig og hensiktsmessig bruk av Havnegata 11 – som er eid av Statsbygg for UiT - vert viktig i denne samanheng, med sin attraktive plassering. 

Samstemt begeistring for campusutviklingsplanen. Frå venstre: Rådmann Hugo Thode Hansen, rektor Anne Husebekk, leiar av Campustinget Tonje Isabell Isaksen og campusdirektør Karl Erik Arnesen. Foto: Andreas Isachsen/Harstad Tidende

Kopling mellom UiT i Harstad og lokalmiljøet

Planen understrekar den viktige betydinga universitetsmiljøet har for regional næringsutvikling og rekruttering til arbeidsmarknaden. Sentral plassering, med nærleik til sentrum, gjev UiT i Harstad høve for endå meir samhandling med innbyggjarane i byen, næringsliv og skuleverk.

Det er eit behov for å etablere ein felles arena campus Harstad og næringsliv som har fokus på innovasjon og nyskaping. Sambruk av lokale eller ressursar vil kunne ha stor betyding for kapasitetsutnytting, men òg fremje samhandling og arenautvikling mellom UiT Harstad og lokalt/regionalt organisasjons- og næringsliv. 

Tilrådingar: 

- UiT løyser sitt kortsiktige arealbehov i eksisterande bygningsmasse, og i eit mogleg tilbygg ved behov.
- Behov for studentbustader og andre studentfunksjonar vert løyst på delar av Havnegata 11 og på alternativ tomt i Tordenskioldsgate.
- Ullageret (Havnegt 8) kan bli gjort om til «makar space»/uformell lærings-/ sambruksarena. Det kan òg møte behov for studentfasilitetar eller fleksible/uformelle undervisingsareal.
- Den eldre transformatorstasjonen har potensial for kafédrift, utleie til arrangement, møteplass for studentar, tilsette og folkesetnad i Harstad elles. 
- Deler av Havnegata 11, som ikkje vert disponert til bustader, vert foreslege oppgradert til fleksibel bruk, inntil eit eventuelt byggebehov.
- Tiltak i Svalbardparken, Havnepromenaden og tilgrensande gater vil vere viktige bidrag for auka trivsel og brukarkvalitet på campus for studentar, tilsette og folkesetnaden i byen.

Sjå heile campusutviklingsplanen

På Twitter   #norgesarktiske