– Viktig med eit nasjonalt havsenter

UiT-rektor Anne Husebekk skal leie styringsgruppa for eit nytt kompetansesenter for hav i Tromsø
Aarskog, Karine Nigar
Publisert: 12.10.17 12:00 Oppdatert: 21.12.17 15:22

Anne Husebekk skal lede styringsgruppa som skal starte arbeidet med å etablere et kompetansesenter for hav.
Anne Husebekk skal leie styringsgruppa som startar arbeidet med å etablere eit kompetansesenter for hav. Foto: Tommy Hansen

Det vart i dag kjent at regjeringa løyver fem millionar kroner til eit nytt senter for hav og arktiske spørsmål i neste års statsbudsjett. Senteret skal liggje i Framsenteret i Tromsø og opprettast 1. januar neste år.

– Senteret skal involvere alle nasjonale fagmiljø som er oppteke av hav og arktiske spørsmål, og det vil få ei viktig rolle i å hjelpe oss med å ta vegval og leggje strategiar for å vidareutvikle den blå økonomien, seier fiskeriminister Per Sandberg (Frp).

– Riktig og viktig

Regjeringa har sett ned ei styringsgruppe som skal utarbeide ein arbeidsplan og ein modell for styring, leiing, organisering og drift av det nye senteret. Rektor ved UiT Noregs arktiske universitet, Anne Husebekk, vert leiar for styringsgruppa. Ho er glad for at regjeringa realiserer planen om å opprette eit eige kompetansesenter for hav.

– Å samle kompetanse frå nasjonale fagmiljø innanfor dette området er både riktig og viktig. Eg ser på det som ei stor og viktig oppgåve å leie styringsgruppa til det nye senteret. Saman med dei andre i styringsgruppa vil eg utføre oppdraget så hurtig og godt som mogleg, seier Husebekk.

Store endringar i Arktis

I ei pressemelding skriv Nærings- og fiskeridepartementet at senteret skal byggje på gjeldande kunnskap og forsking, samanlikne og analysere denne, og formidle resultata til eit nasjonalt og internasjonalt publikum.

– Vi opplever store endringar knytt til klima, miljø, demografi, økonomi og teknologi som påverkar grunnlaget for hausting og verdiskaping i nordområda og i Arktis. Det er behov for meir tverrfaglege analysar av korleis Noreg sine interesser og handlingsrom som hav- og kystnasjon vert påverka, seier næringsminister Monica Mæland (H).

Dei andre representantane i styringsgruppa er direktør for Havforskningsinstituttet, Sissel Rogne, direktør for Norsk Polarinstitutt, Ole Arve Misund, administrerande direktør for Nofima, Øyvind Fylling-Jensen, direktør for Akvaplan Niva, Salve Dahle og divisjonsdirektør i Innovasjon Noreg, Inger Solberg. Nofima vert sekretariat for det nye senteret.

Aarskog, Karine Nigar
Publisert: 12.10.17 12:00 Oppdatert: 21.12.17 15:22
Vi anbefaler