– Ser fram til nærare samarbeid med UiT

26.09.17 Kjetil Nilsen/UiT
Vi gjør oppmerksom på at denne artikkelen er over to år gammel, og kan ha innhold som er utdatert.

– Vi ser med stor spenning fram til å inngå partnarskapsavtale med UiT – det første universitetet i Skandinavia vi opprettar avtale med.

Steven Green, som er deputy director ved Centre for Global Education and Exchange ved Toyo University i Tokyo, er full av entusiasme over utsiktene til tettare samarbeid med UiT. Dette fekk han nyleg høyre om på EAIE-konferansen i Spania.

I oktober reiser ein delegasjon frå UiT, leia av prorektor for utdanning Wenche Jakobsen, til Tokyo for å signere ein overordna intensjonsavtale innan utdanning og forsking med Toyo University.  

Sigrid Ag saman med Steven Green fra Toyo University under EAIE-konferansen i Sevilla. Foto: Kjetil Nilsen/UiT

Positivt inntrykk

– Vi har eit svært positivt inntrykk av UiT frå det gode samarbeidet med Centre for Peace Studies. Det er vel akta internasjonalt og har bidrege til å gjere UiT kjent, seier Green.

Han legg til at studentane deira som har vore på studieopphald i Tromsø gjev tilbakemeldinger om at dei ikkje berre har fått eit endra fagleg perspektiv som følgje av det, men at oppholdet har endra liva deira.

– Som du skjønner har opphalda i Tromsø verkeleg gjort inntrykk, seier Green.

Top Global University

I 2014 vart Toyo universitetet inkludert i den japanske regjeringa si Top Global University program – eit prosjekt som tek sikte på å løfte universiteta i landet opp blant dei 100 beste på verdsrankinga.

– Bakgrunnen for at Toyo vart inkludert var det ambisiøse målet universitetet har innan internasjonalisering, seier Green.

– Støtta vi no får frå regjeringa i dette programmet vil gjere det mogleg å leggje til rette studium for ikkje-japansktalande studentar, og dessutan styrkje universitetet sine internasjonale forskingssamarbeid, legg han til.

Storsatsing på internasjonalisering

– I strategien vår har vi sett som mål at 20 prosent av alle studieprogramma våre skal ha engelskspråklege emne innan 2020. Dette vil opne opp heilt nye høve for internasjonale studentar som ønskjer å kome til universitetet vårt, seier Green.

– Samstundes har vi som målsetting for våre eigne studentar at alle skal ha eit utanlandsopphald i løpet av studiet. Dette er tilhøve som nok har gjort oss fortent til å inkluderast i Top Global University programmet.

Turisme – ei vekstnæring

Green meiner det òg har betydd mykje at Toyo universitetet har oppretta tre nye fakultet som synleggjer at dei satsar på internasjonalisering. Fakulteta dekker fagområde innan internasjonal kultur og kommunikasjon, globale innovasjonsstudium og International Tourism Management. Alle studieprogramma vil vere på engelsk.

Han understrekar at det siste vil passe som hand i hanske i den japanske regjeringa si satsing på turisme, ei vekstnæring som omfatta 25 millionar turistar i 2016 . Tokyo skal arrangere OL i 2020, og ventar i samband med det ein sterk auke i mengd vitjande. 

– Kompetansen studentane våre får med seg frå turiststudia vil vere viktige bidrag for å styrke både næringa og Japans framtidige politikk på området, avsluttar Steven Green.

Han rosar spesielt kollegaen James Short og UiTs Astrid Brokke og Sigrid Ag ved Seksjon for Internasjonalisering av studium, for deira innsats for å få i stand samarbeidsavtala mellom dei to universiteta.

Bred norsk representasjon 

I tillegg til møte ved Toyo University skal UiT-delegasjonen ha møte med Waseda University, Tumsat University og Tokyo University of Foreign Studies som UiT allereie har utvekslingsavtaler med. Fagmiljø ved Handelshøgskulen, NT-fakultetet og HSL-fakultetet inngår i UiT-delegasjonen. 

– Den norske ambassaden i Tokyo har gjort ein veldig fin jobb med koordinering av besøket, der både SIU, Norges forskingsråd og Innovasjon Norge òg vil være representert, understreker Sigrid Ag. 

På Twitter   #norgesarktiske