Ønskjer fleire kvinner på Wikipedia

Er du interessert i å skrive fram kvinner og bli Wikipedia-skribent? Det kunstfaglege fakultet ved UiT inviterer til Wiki-LAN laurdag 16. september.
Aarskog, Karine Nigar
Publisert: 11.09.17 16:00 Oppdatert: 06.12.17 22:48

Dosent ved Musikkonservatoriet, Hilde Blix, fikk tildelt likestillingsprisen under rektors sommerfest i juni i år.
Dosent ved Musikkonservatoriet, Hilde Blix, fekk tildelt likestillingsprisen under rektors sommarfest i juni i år. Nokre av prispengane skal ho bruke på pizza til Wiki-LAN Foto: Lars Åke Andersen

– Vi arrangerer ein gratis skriveverkstad for folk som har lyst til å lære å skrive på Wikipedia. Kurset har fokus på kvinner, både som forfattarar og som dei det blir skrive om, seier initiativtakar og dosent ved Musikkonservatoriet, Hilde Blix.

Skrivekurset er ein del av BALANSE-prosjektet ”Kjønn og skjønn i kunstfag – nye karrierebarrierer for kvinner” som har fått støtte frå Noregs forskingsråd. Det er første gongen eit slikt skrivekurs blir arrangert i Tromsø.

Les også: Kjønn og skjønn i kunstfagene

– Eit demokratisk problem

Ifølgje Hilde Blix er berre mellom 10 og 15 prosent av artiklane på Wikipedia skrivne av kvinner. Like få er skrivne om kvinner.

– Dette har tyding for kunnskapsdanning og definisjonsmakt i verdssamfunnet. Wikipedia er nemleg ei av verdas mest lesne nettstader. Difor er det eit demokratisk problem at så få av artiklane blir skrivne av og om kvinner, slår Blix fast.

Les også: Varierende kjønnsbalanse i akademia

Vil framskrive kvinner 

For å bidra til å balansere Wikipedia arrangerer Det kunstfaglege fakultet ved UiT ein skrivedag for nye Wikipedia-forfattarar laurdag 16. september, i aulaen på Musikkonservatoriet.

– Vi på Kunstfak er spesielt opptatt av kvinnelege kunstnarar, og også å få skrive fram nordnorske kvinner. Både menn og kvinner kan delta på skrivedagen, og vi tar også gjerne imot forfattarar som har skrive ei stund, seier Blix.

Det blir føredrag, underhaldning og rettleiing, og deltakarane må ta med eiga datamaskin som dei kan jobbe på.

– Vi har latt oss inspirere av konseptet data-LAN. Eit LAN-party er i dag oftast brukt om samankomstar kor dataspelinteressert ungdom møtest for å spele dataspel, vere sosiale og utveksle idear – gjerne fleire døgn i strekk. Også på arrangementet vårt skal folk få tid til å vere sosiale, samstundes som dei kan bruke dagen til å skrive og jobbe, seier Blix.

Bruker prispengar på pizza

I sommar fekk ho likestillingsprisen ved UiT Noregs arktiske universitet, og nokre av prispengane skal ho bruke på å kjøpe pizza til Wiki-LAN-arrangementet.

– Det er ein typisk LAN-aktivitet å ete pizza, smiler Blix.

Ho håpar ingen blir avskrekka av at arrangementet varar i tolv timar, og understrekar at det er lov å kome og gå som ein vil. Men ho ønskjer at dei som planlegg å kome melder seg på, slik at ho veit kor mange som dukkar opp.

Sjå heile programmet her

Aarskog, Karine Nigar
Publisert: 11.09.17 16:00 Oppdatert: 06.12.17 22:48
Vi anbefaler