Ny ski- og sykkelverkstad skal gjere grøne transportalternativ meir populære

UiT Norges arktiske universitet har inngått ein samarbeidsavtale om grøn mobilitet med Framtida i våre hender. Den går mellom anna ut på å etablere sykkel- og skiverkstad på UiT i Tromsø.
Torsøe, Mathilde
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Mathilde Torsøe
Publisert: 08.09.17 00:00 Oppdatert: 05.10.17 10:31
Tromsø

BØLGE: - Det er ei sykkelbølge i Tromsø, og den er det moro å vere med på, seier Amund Kristiansen i Framtida i våre hender (t.h.). Til venstre Inger Solheim og Øistein Hanssen, begge tilsett ved UiT. Foto: Mathilde Torsøe

Avtalen vart lansert fredag, i samband med opninga av nytt sykkelskur ved Naturfagsbygget i Tromsø. Skuret har varme i golvet, lys og døropnar, og har plass til 52 syklar.

– Det kjennest bra at sykkelskuret no offisielt er opna. Vi gler oss særleg til å kunne setje syklane under tak til vinteren. Som alle andre statlege bygg har sykkelskuret eit kunstverk, denne gong signert av ein anonym kunstnar, seier Inger Solheim, kontorsjef på institutt for geovitskap, til latter frå dei kring tjue som har møtt fram.

Ho siktar til avtrykka ein tilfeldig mann og hund la igjen i skuret i vinter, før betongen hadde rukka å tørke.   

Sykkelskuret samsvarer med målet med UiTs nye samarbeidsavtale med Framtida i våre hender (FIVH); å gjere grøne transportalternativ som å sykle, gå og ta buss til UiT meir populært. Framtida i våre hender skal gi råd om korleis universitetet best kan få til dette, og skal gjennomføre ein haustkampanje for desse transportformane. 

– Eg er svært nøgd med avtalen. Den tek universitetet eit langt steg i riktig retning når det gjeld grøn campus-tenking. Vi så at vi trong hjelp til å få fleire til å velje grøne transportformar, og kontakta difor Framtida i våre hender. Avtalen er eit kjempeflott tiltak, seier Erland Loso, direktør for Bygg og eigedom (BEA) ved UiT.

LES OGSÅ: Bruker parkeringspenger på sykkel

MUSIKK: Øistein Hanssen ved Bygg- og eigedomsavdelinga baud på blokkfløyte-spilling under opninga. Foto: Mathilde Torsøe

– Like effektivt som bil

I førsteomgang gjeld avtalen berre UiT i Tromsø, men den kan bli utvida til å gjelde andre studistadar òg.

FIVH skal involvere Universitetsjukehuset Nord-Norge (UNN), Troms fylkeskommune og Tromsø kommune for å sjå heilheita for Breivika-området når det gjeld miljøvenleg transport.

– Framtida i våre hender skal tenke fellesløysingar. UiT har som målsetning å redusere miljøbelastninga innan eiga verksemd, seier Loso.

Amund Hagen Kristiansen, prosjektleiar i Framtida i våre hender, synest det er stort å vere med på avtalen.  

– Vi ser på avtalen som ein pilot for å få til meir samarbeid med UiT. Det er viktig at ulike offentlege institusjonar samarbeider meir for å få til miljøtiltak. Det beste med å sykle til jobb og skule er at ein får ein god start på dagen fordi ein får mosjon og frisk luft. Dessutan er det ofte like effektivt som å køyre bil. Gulrota er at ein ikkje slepp ut klimagassar og forureinar lokalmiljøet – samt at ein sparar pengar, seier han, og legg til:

– Syklar du til jobb er du ferdig med dagens trening. Då får du meir tid til å vere med familie og vener.

Sykkel- og skiverkstad

Utover hausten er planen å opprette eit såkalla bike- og skikitchen på Kraft treningssenter, der studentar og UiT-tilsette kan få utført små reparasjonar på syklar og ski.

– Eg ønsker at UiT skal bli kjent som universitetet der ein kan gå på ski inn til hjartet av campus. Denne moglegheita er unik, og noko som vert lagt merke til internasjonalt. Dei siste åra har vi sett ein veldig auke i folk som syklar til universitetet, og vi har også sett ein formidabel auke av elsyklistar det siste året, seier Loso.  

LES OGSÅ: Færre velger bilen

Øistein Hanssen ved Bygg og eigedomsavdelinga seier det skal komme sykkelverksted liknande det som vart opna i dag over heile studiestad Tromsø.

– Vi skal setje opp små servicestasjonar ved dette sykkelskuret og skuret ved Handelshøgskolen, med verktøy og sykkelpumpe. Vi ser også på mogelegheita for lade elsykkelbatteri på campus, seier han.

"LUKSUSSKUR": Sykkelskuret ved Naturfagsbygget har varme i golvet, lys, døropnar og ekstra god utnytting av plassen. Foto: Mathilde Torsøe

100.000 kroner

Dei siste åra har det vorte færre parkeringsplassar på UiT i Tromsø, og det har vorte innført parkeringsavgift. UiT skal jobbe for å få enda færre til å ta bilen til campus, på tross at det snart vert flere parkeringsplassar tilgjengeleg ved Medisin og helse-bygget.

– Den langvarige byggeaktiviteten her er ferdig om ikkje lenge, og då kan parkeringsplassane som opphavleg var her brukast igjen, seier Loso.

Samarbeidsavtalen kostar universitetet 100.000 kroner.

LES OGSÅ: Avgiftsparkering gir miljøeffekt

MØTTE OPP: Kring 20 møtte opp for å få med seg opninga av sykkelskuret - og lanseringa av samarbeidsavtalen med Framtiden i våre hender. Foto: Mathilde Torsøe Foto: Mathilde Torsøe
Torsøe, Mathilde
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Mathilde Torsøe
Publisert: 08.09.17 00:00 Oppdatert: 05.10.17 10:31
Tromsø
Vi anbefaler