Universitetets største karrierearrangement rett rundt hjørnet

11.09.17 Mathilde Torsøe

På Arbeidslivsdagen kan studentar ved UiT Norges arktiske universitet knyte kontaktar med over 80 arbeidsgivarar frå inn- og utland.

RETT FØR: – Over 80 bedriftar deltek på Arbeidslivsdagen. Dei gler seg veldig til å kome og møte studentane, seier Elise-Margrete Modell (t.v.), Ingfrid Fossbakk og Julie Høie Nygård ved Senter for karriere og arbeidsliv ved UiT, som arrangerer Arbeidslivsdagen. Foto: Mathilde Torsøe

Arbeidslivsdagen er det største karrierearrangementet ved UiT Norges arktiske universitet, og arrangerast førstkommande torsdag. Her kan deltakerane få tips til korleis dei kan kapre draumejobben, og kanskje møte sin framtidige arbeidsgjevar. I likskap med dei siste åra er arrangementet også i år fullbooka av deltakande  bedrifter. Nokre står óg på venteliste.

På Arbeidslivsdagen snakkar mange bedrifter om konkrete jobbar dei skal lyse ut på eit seinare tidspunkt, og gir info om mastergradsordningar og trainee-stillingar. Studentar kan skrive bachelor- eller mastergradsoppgåver i samarbeid med bedrifter. På den måten svarer oppgåvene på reelle problemstillingar bedriftene lurer på, seier Ingfrid Fossbakk, arrangør og rådgjevar ved Senter for karriere og arbeidsliv ved UiT.

Ho seier at fleire studentar mellom anna får seg sommarjobb på Arbeidslivsdagen. Fleire tusen brukar å delta på arrangementet, som i år skjer for tolvte gang.

LES OGSÅ: Dette gjør deg klar til arbeidslivet

Hjelp på vegen til ein karriere

Blant arbeidsgivarane som deltek er 25 kommunar, fleire næringshagar, Politiets sikkerhetstjeneste (PST), Klima- og miljødepartementet og Ernst & Young.

– Dei siste åra har fleire regionar og kommunar gått saman om å ha stands. Det er kjempepositivt, for det gjer det lettare for studentane å sjå kor mange spennande moglegheiter som finst i regionane. Mellom anna kjem ordførarar og rektorar, seier Fossbakk.

Ho meiner ein til ein-møtet mellom studentar og arbeidsgjevarar er det viktigaste som skjer på Arbeidslivsdagen. 

 Alle studentane møter denne dagen skal hjelpe dei på vegen mot ein karriere. Dei vert kjende med kva for kompetanse arbeids- og næringslivet faktisk etterspør.

Tidligare UiT-student Håkon Tveiterås er ein av dei som fekk god nytte av Arbeidslivsdagen i fjor. Då var han òg med på «Powerlunsj», eit konsept der fire studentar trekkjast ut til å møte fire nordnorske næringslivsleiarar. I dag jobbar Tveiterås i konsulentselskapet Mind.

 Eg fekk ikkje jobb direkte som følgje av Arbeidslivsdagen eller Powerlunsjen, men det hjelpte meg på vegen. På Arbeidslivsdagen prata eg med mange, eg prøvde å rekruttere bedrifter til mastergradsprosjektet mitt og etablerte kontakt med eit spanande selskap som eg framleis  har kontakt med, fortel han.  

På Arbeidslivsdagen kan du mellom anna delta på CV-kurs hos Manpower og trene på jobbintervju. Du kan teste evnene og ferdigheitene dine gjennom ein test som er mykje brukt i arbeidslivet, og ta nytt CV-bilde.

LES OGSÅ: Her kan du møte din fremtidige arbeidsgiver

NY ERFARING: Håkon Tveiterås hadde ein uvanleg lunsj med tre næringslivsleiarar i fjor, i samband med Arbeidslivsdagen. Foto: Privat

Risikerer ein hard landing

På Powerlunsjen møtte Tveiterås avdelingsleiaren i Innovasjon Norge i Troms, senterleiaren for Nerstranda kjøpesenter og leiaren for privatmarknaden i Sparebank 1.

– Eg fekk trening i å snakke med næringslivsleiarar og gjere meg sjølv interessant for arbeidsgjevarar. Eg fann litt ut om kva dei ser etter i tilsette, og det var veldig interessant å finne ut meir om korleis arbeidsgjevarar tenkjer. Det var ein hyggeleg lunsj.

Næringslivsleiarane hadde på førehand sjekka Tveiterås’ LinkedIn- og Facebook-profil.

– Dei hadde funne ut så mye dei kunne om meg, seier han og smiler.

– For dei som skal delta på lunsjen løner det seg å finne ut litt om næringslivsleiarane òg. Ver nysgjerrig og still dei spørsmål, legg han til.

Tveiterås tilrår på det sterkaste å delta på Arbeidslivsdagen og prøva å bli med på Powerlunsjen.

– Som student er det lett å hamne i ein akademisk boble, men då risikerer ein ei hard landing når ein først skal ut i arbeidslivet. Difor bør studentar utnytta alle høve til å kome i nærkontakt med arbeidslivet under studia.

Viktig også tidleg i studieløpet

Fossbakk tilrår også studentar tidleg i studieløpet å delta på Arbeidslivsdagen.

– Det løner seg å tenkje karriere sjølv om ein er på 1. eller 2. året. Kanskje kan ein finne seg ein deltidsjobb som er relevant for studia. Arrangementet kan også bidra til å stake ut eit relevant masterløp.

I morgon er det Kick-off for Arbeidslivsdagen, og her kan studentane få tips frå bedrifter om korleis dei kan få mest mogleg ut av Arbeidslivsdagen. Det serverast òg gratis frokost.   

Arbeidslivsdagen arrangerast 14. september frå klokka 10 til 15 i Solhallen i Teorifagsbygget og vidare bort mot Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning (HSL-fakultet). Les meir i årets brosjyre.

FÅR JOBB: – Mange studentar får seg sommarjobb ved å delta på Arbeidslivsdagen, seier Ingfrid Fossbakk ved Senter for karriere og arbeidsliv ved UiT. Her frå ein av dei tidlegare arrangementa ved UiT. Foto: Lars-Åke Andersen

Ti tips til korleis du får mest ut av Arbeidslivsdagen: 

  1. Kom på «Kick-off: Få dei beste Insider-tipsa til Arbeidslivsdagen» tysdag 12. september
  2. Sjekk ut deltakarlista
  3. Merk deg kva for verksemder du synest er interessante
  4. Førebu ein pitch – kven er du og kva kan du? 
  5. Ha CV-en din klar og ta den med deg på sjølve dagen
  6. Førebu nokre spørsmål til dei som står på stand
  7. Oppgåvesamarbeid – er det nokon av verksemdene du kunne tenke deg å skrive ein oppgåve for? 
  8. Bruk Karrierefløya: Dra på CV- og intervjukurs, test dine ferdigheiter og lær meir om dei ulike bedriftene på presentasjonane deira
  9. Håndhels, smil og snakk med bedriftene på stand
  10. Følg opp bedriftar du kom i god kontakt med etter Arbeidslivsdagen
På Twitter   #norgesarktiske
Skip to main content