Desse vil bli dekanar


Søkjarlistene til dei seks dekanstillingane ved UiT er klare. Mellom søkjarane er det både interne og eksterne kandidatar.

Dekan er øvste leiar av eit fakultet, retta mot undervising og forsking, innan eitt eller fleire beslekta fagfelt. Dette inneber ivaretaking av den samla verksemda på fakultetet, i ein sentral leiarposisjon, saman med prodekan og fakultetsdirektør.   

Sonni Olsen er den einaste søkjaren til stillinga som dekan ved HSL-fakultetet. Ho har for øvrig same stillinga i dag. Foto: Tommy Hansen

BFE-fakultetet

Til stillinga som dekan ved Fakultet for biovitskap, fiskeri og økonomi (BFE), er det tre søkjarar:

  • Kathrine Tveiterås (36), Instituttleiar
  • Harald Steen (55), Leiar for ICE senteret ved Norsk Polarinstitutt, Tromsø
  • Søkjar er unntatt offentlegheit, mann

Helsefak

Til stillinga som dekan ved Det helsevitskaplege fakultet (Helsefak) er det tre søkjarar:

  • Geir F. Lorem (48), Professor/prodekan utdanning
  • Søkjar er unntatt offentlegheit, mann
  • Vinjar Fønnebø (65), Professor og direktør

HSL-fak

Til stillinga som dekan ved Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning (HSL-fak) er det kome inn éin søknad:

  • Sonni Olsen (60), dekan ved Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning

IVT-fak

Til stillinga som dekan ved Fakultet for ingeniørvitskap og teknologi er det tre søkjarar:

  • Ashraf Radwan (65), professor, Oslo
  • Bjørn Solvang (51), Dekan ved fakultet for ingeniørvitskap og teknologi, UiT Narvik
  • Kjetil K. Jåsund (51), Avdelingsdirektør

Jurfak

Til stillinga som dekan ved Det juridiske fakultet (Jurfak) er det to søkjarar:

  • Tore Henriksen (52), Professor
  • Gunnar Eriksen (55), Professor

NT-fak

Til stillinga som dekan ved Fakultet for naturvitskap og teknologi (NT-fak) er det tre søkjarar:

  • Ashraf Radwan (65), Professor, Oslo
  • Helge Maakestad (48), Arbeidsledig, Hurum kommune
  • Arne Smalås (56), Professor

Søknadsfristen til stillingane var 4. september. Ifølge den føreblese planen til universitetsdirektøren vil tilsetting av nye dekanar bli vedtatt på styremøtet 26. oktober.

Sjå også: UiT på lederjakt

 

På Twitter   #norgesarktiske
Skip to main content