UiT-student vann pris frå britisk advokatfirma

Jusstudent ved UiT, Sonja Lorentzen, er på utveksling i Wales. Her fekk ho så gode eksamensresultat at ho vart påskjønna med ein pris frå eit stort internasjonalt advokatfirma.
Moe, Trude Haugseth
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Trude Haugseth Moe
Publisert: 01.09.17 00:00 Oppdatert: 06.01.18 14:31
Tromsø

I førre veke vart prisene delt ut og prisvinnarane gjort stas på med god mat og drikke på advokatfirmaets hovudkontor i London.

– Det var svært hyggeleg! Eg hadde ikkje rekna med å vinne nokon pris, så dette kom som ei hyggeleg overrasking, seier ei glad Sonja Lorentzen på telefon frå Swansea.

Ho fortel at det har vore mykje arbeid med innleveringar og eksamenar, og at det dirfor kjendest ekstra godt å få ei påskjønning. Sonja tar ein såkalla LLM, ein master i internasjonal maritim rett ved College of Law and Criminology ved Swansea University. 

Beste resultat i faget

Utmerket seg: Jusstudent ved UiT, Sonja Lorentzen, vant en pris for sitt gode eksamensresultat under sitt utvekslingsopphold ved universitetet i Swansea i Wales. Foto: Privat

Om prisen fortel Sonja at det i Swansea finst enkelte advokatfirma som deler ut prisar til studentar. Det store globale firmaet Holman Fenwick Willan (HFW) delte ut tre prisar i år, og ein av dei gjekk altså til norske Sonja, som vann prisen for beste resultat innan faget «admiralty law». 

– Det er fagområdet som handlar om erstatningsrettslege tvistar, berging av skip og felleshavari, forklarar jusstudenten. Resultata var baserte både på eksamensresultat, 36-timars heimeeksamen og ei langtidsinnlevering.

Prisvinnarane fekk, i tillegg til heider og ære, 500 pund kvar.

Spennande med anna rettssystem

Sonja er elles veldig fornøgd med å studere ved universitetet i Swansea.

– Det er veldig gøy – det er folk frå heile verda på studiet, og vi lærer om eit heilt anna rettssystem – det engelske. Det er veldig spennande, sier Sonja, og utdjupar at medan det i Noreg er meir fokus på lovgivinga, er det i Wales og England meir fokus på tidlegare dommar som har vore avsagt.

– Eg lærer også juridisk engelsk, som er veldig nyttig å kunne, i ei stadig meir globalisert og internasjonal verd. Du er nærast garantert å komme borti situasjonar der du treng det i yrkeskarrieren, meiner Sonja.

Med ein master i internasjonal maritim rett, og ein integrert master i rettsvitskap frå UiT og Noreg, vil Sonja når ho er ferdig gå ut med to mastergradar. 

Anbefaler utanlandsopphold

Lorentzen skryter av nivået på colleget.

– Det er kjempedyktige førelesarar her, spesielt innan shipping og handel, fortel ho.

– Eg vil absolutt anbefale fleire å prøve å studere utanlands. Det er utruleg spennande med så mange nye impulsar, avsluttar den fornøgde prisvinnaren, som framleis har nokre månadar att av studieoppholdet på tre semester i Wales.

– Kjempeprestasjon

Fornøgd er også prodekan for utdanning ved Det juridiske fakultet, Gunnar Eriksen. 

På vegner av leiinga på fakultetet vil eg gratulere Sonja med prisen. Dette er ein kjempeprestasjon som Sonja garantert har lagt mykje arbeid ned i. Det har nok også spela ei rolle at ho har vore på ein studiestad som ho har trivest godt på, og ein studiestad der undervisningskvaliteten har vore god. Vi er svært fornøgde med avtalen vår med Swansea, der vi også har samarbeid ut over studentutveksling, seier prodekanen.

Viktig med gode avtalar for internasjonalisering

– Internasjonalisering er eit viktig fokus i studiekvalitetsarbeidet ved fakultetet, og Sonja sitt prislønna arbeid er eit døme på kor viktig gode avtalar med utanlandske universitet er, avsluttar Eriksen. 

Moe, Trude Haugseth
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Trude Haugseth Moe
Publisert: 01.09.17 00:00 Oppdatert: 06.01.18 14:31
Tromsø
Vi anbefaler