– Det er jobbar til dokker der ute!

15.08.17 Øvreberg, Elisabeth

Semesterstart ved Det helsevitskaplege fakultet var prega av optimisme og openheit.

samling semesterstart
Lysgården var stappfull av ferske studentar då Helsefaks eige mannskor, Ultralyd, song. Foto: Bjørn-Kåre Iversen

15. august opna Det helsevitskaplege fakultet dørene for årets nye studentar. Det var dekan Sameline Grimsgaard som ønskte dei spente studentane velkomne.

– Gratulerer med valet av Tromsø og Helsefak! sa ho frå talarstolen og fortalde studentane at dei vil møte rausheit og opne dører. Det helsevitskaplege fakultetet er nemleg kjent for å ha god kommunikasjon med studentane sine, for normalen er at både professorar og undervisarar har opne kontordører.

– Mi dør er oppe på plan 8, og er eg på kontoret, så er det berre å kome, sa dekanen hjarteleg.

Helsevesenet treng fleire

Grimsgaard håpar at fakultetet, som har alle helseprofesjonar samla under eitt tak, skal gje norsk helsevesen kloke hovud, varme hjarte og trygge hender – for det er ikkje tvil om at helsevesenet står overfor ei utfordring dei neste åra. Helseomsorga treng fleire tilsette.

Eit døme er at Noreg i løpet av dei neste ti åra vil trenge 30.000 fleire sjukepleiarar.

I dag har Noreg 43 ulike sjukepleiarutdanningar, med til saman 4758 studieplassar. I år var det nær 1000 fleire enn i fjor som hadde dette studiet som førsteval. Også Helsefak satsar sterkt på å få utdanna sårt tiltrengte sjukepleiarar, særleg til Nord-Noreg, og fakultetet har søkt om å få utdanne endå fleire.

– Det er jobbar til dokker der ute, sa Grimsgaard frå talarstolen.

Les også: Sykepleierne blir i Nord-Norge

(Artikkelen held fram under biletet)

Farmasifaddere
Studentanes fadrar var klare for å ta imot dei ferske studentane. Her er det farmasifadrane som har samla seg under slagordet "We are only in it for the drug".
Foto: Bjørn-Kåre Iversen

Lære godt samarbeid

Ho er stolt over at Helsefak har alle helseprofesjonane samla.

– Det er eit fantastisk utgangspunkt, poengterte ho og fortalde dei nye studentane kor viktig det er at alle helseprofesjonane lærer samarbeid allereie som studentar.

– De kjem til å måtte jobbe saman, så då er det viktig at de blir kjende tidleg, og på den måten er vi ein føregangsinstitusjon, forklarte ho.

Les også: Høie imponert over utdanningen ved Helsefak

Dekan Samline Grimsgaard
Dekan Sameline Grimsgaard håpar alle studentane brukar dei første vekene på å bli kjende med kvarandre. Foto: Bjørn-Kåre Iversen

Nytt bygg og nye vener

Grimsgaard ba også studentane, som no skal vere hos Helsefak dei neste åra, om å ha litt tolmod – for fakultetet er under ombygging.

– Det ser kanskje ut som ein byggeplass, men om eitt år vil vi flytte inn i det store MH2-bygget. Då blir det nye auditorium, klasserom, grupperom, kafear og vrimleareal, lova Grimsgaard, som også håpa at studentane brukar dei første vekene på å bli godt kjende med kvarandre.

– Bli kjende med kvarandre i DebutUka, og møt kvarandre med respekt og nysgjerrigheit. Studietida er meir enn berre pensum, så flokk dokker saman, råda ho og la til at studentane no er i byrjinga på ein spennande fase i livet.

– Åra som student vil prege dokker som menneske, smilte ho.

På Twitter   #norgesarktiske