Bokhandlarpris til UiT-historikar

Marianne Neerland Soleim mottar i dag bokhandelens sakprosapris for Operasjon asfalt. Kald krig om krigsgraver.
Brøndbo, Stig
Publisert: 02.06.17 11:00 Oppdatert: 31.01.18 14:19
Tromsø Kirkenes Narvik

Frykten for sovjetiske spionar gjorde at norske myndigheiter fekk det travelt med å flytte graver med leivningane til sovjetiske krigsfangar som døydde i Norge. Operasjonen var hemmeleg og vart kalla ”Operasjon asfalt”, skriv Marianne Neerland Soleim i boka som får bokhandlarprisen i dag.  Foto: Stig Brøndbo

"Dette er historia om sovjetiske krigsfangar og soldatar som mista livet i Norge under andre verdskrig
Slik byrjar boka  ”Operasjon asfalt”, som instituttleiar for Barentsinstituttet ved UiT Noregs arktiske universitet i Kirkenes, Marianne Neerland Soleim, mottek pris for på Norsk Litteraturfestival på Lillehammer i dag. I boka avslører ho at norsk spionfrykt sette i gong ein hemmeleg og massiv tømming av krigsgraver i nord. I arbeidet som leia fram til boka identifiserte ho òg gravane til 4000 sovjetiske krigsfangar, noko Putin sende ho ei personleg takkehelsing for.

Svært glad                          

– Eg er svært glad for prisen, og han gir god motivasjon til å forske vidare på fange- og okkupasjonshistorie. Operasjon asfalt er ei gløymd hending knytt til den kalde krigens politikk. Eg meiner det er viktig å få fram den uverdige måten operasjonen vart gjennomført på og synleggjere krigens kulturminne som er gløymt, seier Marianne Neerland Soleim.

At det er Bokhandlarforeninga og Norsk faglitterær forfattar- og omsetjarsamskipnad som står bak prisen, set ho ekstra stor pris på.

Kald krig

Namnet på boka kjem frå den omfattande hasteflyttinga av leivningar etter daude sovjetiske krigsfangar som fann stad i 1951. Dei døydde vart flytta frå 88 lokale krigsgraver spreidd over heile Nord-Noreg til ein felles krigsgravstad på Tjøtta på Helgelandskysten. Operasjonen var nært knytt til den kalde krigens politikk, og var eit resultat av mistenksamheit og frykt for russisk spionasje frå norsk side.

Sterke reaksjonar

I boka skriv Soleim om årsakene til at sovjetiske krigsfangar døydde, det norsk-russiske samarbeidde knytt til flyttinga av gravene, gjennomføringa av sjølve «Operasjon asfalt» og dessutan dei sterke reaksjonane frå lokalsamfunn og andre.

– Leivningane vart ikkje handsama med respekt, og til lokalavisene fortalte folk om groteske tilhøve då kroppsdelar vart lagde synleg for alle før dei til slutt vart stappa i asfaltsekker for å fraktast bort, seier UiT-historikaren.

Nøgd forleggjar

Då boka kom ut i 2016 fekk den svært gode kritikkar, og forleggjar Elisabeth Johansen i Orkana forlag er svært nøgd med at den no òg haustar ein prestisjetung pris.

- Vi er glade og stolte over å vere forleggjar for denne boka – vi er imponert over det særs omfattande forskingsarbeidet som ligg i botnen, og over Marianne Neerland Soleims evne til å formidle dette tunge temaet på ein interessevekkjande og god måte, seier Elisabeth Johansen.

Lovande

Prisane er eit samarbeid mellom Bokhandlarforeninga og Norsk faglitterær forfattar- og omsetjarsamskipnad (NFFO). Prisane vert delt ut til lovande forfattar- og oversetterskap som er i etableringsfasen. Vedkommande må ha ei ny utgjeving det føregåande året for å bli i teke i betraktning. Prisane er på 50 000 kvar og vert likt dekka av Bokhandlarforeninga og Norsk faglitterær forfattar- og omsetjarsamskipnad.

Les også: Amerikansk interesse for sovjetisk krigshistorie

Brøndbo, Stig
Publisert: 02.06.17 11:00 Oppdatert: 31.01.18 14:19
Tromsø Kirkenes Narvik
Vi anbefaler