Reindrift i Alaska, sommarskole og joikearkivet er noko av det UiT vil tilby under Riddu

Festivalsjef Karoline Trollvik kunne med glede lansere årets festivalprogram på UiT. Årets UiT-seminar handlar om samar og kvenar som reiste til Alaska for å starte tamreindrift.
Utsi, Inger Elin Kristina
Publisert: 27.05.17 00:00 Oppdatert: 30.01.18 14:36

PROGRAMSLEPP: Med gjester, UiT-tilsette og presse kunne Karoline Trollvik lansere årets program. Foto: Lars Åke Andersen/Frifoto

Den internasjonale urfolksfestivalen Riddu Riđđu vert arrangert 12. – 16. juli i Kåfjord kommune. UiT er ein av samarbeidspartnarane og brukar festivalen som praksis- og forskingsarena. 

Årets program  vart offentleggjort fredag 26. mai under eit arrangement i Árdna, universitetet sitt samiske kulturhus. Då kunne også festivalsjef Karoline Trollvik fortelje kva UiTs samarbeid med festivalen har resultert i. For til sommaren skal fleire aktørar ved UiT bruke festivalen til formidling.  

Studentar og tilsette skal bidra på to spennande seminar som universitetet tilbyr festivalpublikummet, og fjorårets suksess med joikelavvo vil bli gjenteke. I tillegg blir det arrangert sommarskole på festivalen.

Les også: Bidreg med gamle joikeskattar på Riddu Riđđu

Deler historier om Alaska-samane 

Senter for samiske studiar ved UiT (Sesam) har i ei årrekkje tilbode festivalpublikummet spennande seminar. Årets seminar vil ta for seg reindrift i Alaska fordi årets nordlege gjestefolk kjem nettopp derifrå.

– Seminaret blir difor ein unik arena for å utveksle historier og erfaringar, samt setje søkelys på  kvifor det vart innført tamreindrift i Alaska. Kven var samane som reiste bortover? Kva opplevde dei? Og kva er urfolk i Alaska sitt forhold til reindrift i dag? spør førsteamanuensis Torjer A. Olsen som  skal leia seminaret. 

For frå slutten av 1800-talet til rundt 1940 reiste samar og kvenar frå Noreg til Alaska for å starte tamreindrift. Dei var hyra inn for å innføra reindrift i Alaska fordi det var nedgang og nær kollaps i andre ressursar. Opplevingane derifrå er fokus for UiT Noregs arktiske universitet sitt festivalseminar. 

SAMARBEIDER OM ÅRETS NORDLIGE FOLK: Riddu har lagt til rette for at UiT saman med gjestene frå Alaska skal kunne utveksle historier om samane som reiste til Alaska for å lære dei opp om reindrift Sven Roald Nystø er no fungerande leiar på Senter for samiske studiar, som skal bidra med sin kunnskap på festivalen. Foto: Lars Åke Andersen/Frifoto

– Dette er noko eg gler meg til, historiane frå Alaska, dei samiske og kvenske spora. Eg trur festivalpublikummet vil synast dette er spennende og mange generasjoner har høyrt om Alaska-samane, seier han.

Seminara til UiT vert  haldne fredag 14. juli. 

Les også: Utvider samarbeidet med Riddu Riđđu

I tillegg vert det arrangert ytterlegare eitt seminar i regi av UiT. For til sommaren skal studentar for første gang ha undervisning på festivalen. UiT er nemleg vertskap for ein internasjonal sommarskole for sjukepleiestudentar frå arktiske land. Dei tolv påmelde studentane vil også dele sin kunnskap og lærdom under seminaret “Kulturforståing som nøkkel for betre helsetenester i arktiske område”.

– Vi spør i seminaret: Korleis blir tradisjonar og verdiar teke vare på i helsetenesta som vert gitt til urfolk? Studentane, som er frå Canada, Grønland, Russland, Island og Noreg, vil vise korleis sjukepleiarar kan gi betre helsetenester når dei har kunnskap om kultur og tradisjonar. Studentane vil presentere sine meiningar og kulturell forståing som rollespel og i diskusjonar, seier Bente Norbye, som er ansvarleg for seminaret og undervisninga som Helsefak gir studentane.

UIT PÅ FESTIVAL: Rektor Anne Husebekk kunne saman med festivalsjef Karoline Trollvik fortelje om høvet til å bruke festivalen som formidlingsarena. UiT sine seminar er godt besøkte under festivalen. Foto: Lars Åke Andersen/Frifoto

Joikelavvo i år igjen 
Tromsø Museum – Universitetsmuseet (TMU) har i fleire år vore til stades på festivalen. Mellom anna er alle bilda til utstillinga «Following Arctic Fashion» tekne på Riddu-sletta.

I fjor var museet for første gong til stades med utdrag frå sitt store arkiv med joikar. Dette er kanskje verdas største arkiv av joik. Dette var ein stor suksess og museet har bestemt seg for å gjere det igjen. Så dermed vil publikum endå ein gong få høve til å høyre gamle joikar, kanskje frå sin eigen familie.

Les mer om UiTs kultursamarbeid

Utsi, Inger Elin Kristina
Publisert: 27.05.17 00:00 Oppdatert: 30.01.18 14:36
Vi anbefaler