Flytter 68 breiddegrader

Krishna Agarwal (36) og Dilip K. Prasad (39) fra India byter ut Singapore med Tromsø for å forske.
Aarskog, Karine Nigar
Publisert: 05.05.17 13:00 Oppdatert: 18.01.18 10:11

Dilip K. Prasad (t.v.), Krishna Agarwal og Balpreet Singh Ahluwalia møttes i Singapore. Nå skal de samarbeide i Tromsø.
Dilip K. Prasad (t.v.), Krishna Agarwal og Balpreet Singh Ahluwalia møttest i Singapore. No skal dei samarbeide i Tromsø. Foto: Karine Nigar Aarskog

– Sjølv om eg er veldig begeistra for nordlys, gruar eg meg til mørketida. Det er den einaste bekymringa eg har for å flytte til Tromsø, seier Krishna Agarwal.

Ho sit i ein hotellobby i Singapore med utsikt over havet, nokre skyskraparar og byen sitt drikkevatnreservoir. Ho og ektemannen Dilip K. Prasad skal diskutere det kommande forskingssamarbeidet med førsteamanuensis ved UiT Noregs arktiske universitet, Balpreet Singh Ahluwalia. Han er i Singapore saman med ein delegasjon frå UiT leia av Anne Husebekk som skal sondere utsiktene for meir samarbeid i Singapore og Kina.   

Blei begeistra

Agarwal og Prasad besøkte Tromsø for første gong som turistar i 2014. Dei let seg begeistre og tok allereie då til å snakke om at dei kunne tenkje seg å flytte til byen dersom det baud seg eit høve.

– Eg hugsar at vi gjekk langs havet og såg på Ishavskatedralen og var einige om at det var ein god stad å vere og at dersom vi fekk høve til å forske der, så ville vi vurdere å reise. Vi visste ingenting då om at den sjansen plutseleg ville dukke opp, seier Agarwal.

Balpreet Singh Ahluwalia (t.v.) fikk omvisning på Singapore-MIT Alliance for Research and Technology under besøket i Singapore.
Balpreet Singh Ahluwalia (t.v.) fekk omvisning på Singapore-MIT Alliance for Research and Technology under besøket i Singapore. Foto: Karine Nigar Aarskog

Ho kom tilbake til Tromsø ved eit par høve i 2016, og vart då klar over kva vilkår for forsking som fanst ved UiT. Ho vart nemleg kjend med Balpreet Singh Ahluwalia og det han forskar på.  

Medisinsk revolusjon

Det han gjer er å utvikle ein liten chip som omformar standard optiske mikroskop til det som vert kalla nanoskop. Forskinga hans er inkje mindre enn ein medisinsk revolusjon. For med denne chipen er det mogelg å sjå på innsida av levande celler, noko som vil vere til stor hjelp for dei som forskar innan medisinsk biologi.

– Hans forskningsfasilitetar opna eit høve til å ta forskinga mi vidare inn i den verkelige biologien, forklarar Agarwal.

Krishna Agarwal har fått støtte frå EU gjennom det prestisjetunge programmet MSCA Individual Fellowship. Programmet skal stimulere til at forskarar på postdoktornivå  kan reise ut for ein periode og på den måten styrke karriereutviklinga si, utvikle fagleg fridom og leggje grunnlaget for eit internasjonalt nettverk.

– Finansieringa frå EU gjer at Dr. Krishna kan jobbe i to år med forskingsaktivitetar saman med meg på UiT, seier Ahluwalia.  

Prestisjetungt stipend

Det indiske ekteparet har begge teke ein doktorgrad i Singapore og har jobba på postdoktornivå dei fem siste åra. Agarwal har vore knytt til ein av dei leiande institusjonane innanfor sitt fagfelt, Singapore-MIT Alliance for Research and Technology. Ho forskar på bereknande nanoskopi innan biologiske prosessar og Prasad innan maskinlæring.

Balpreet Singh Ahluwalia fortel at Agarwal var ein god kandidat til eit prosjekt han skulle søke om støtte til frå EU.

– Eg såg etter ein seniorforskar som kunne passe inn i prosjektet og fekk vite om Krishna gjennom ein felles ven. Ho kjem truleg til å ha eit samarbeid med ei forskingsgruppe på Det helsevitskaplege fakultetet som driv med vaskulær biologi og som ser på leverceller, fortel Ahluwalia.

Også Prasad skal søke om EU-stipend. Hans forsking på maskinlæring har eit sterkt fokus på marin shipping, noko som absolutt vil vere relevant i Noreg.

– Det er Krishna som er mest begeistra for å dra til Tromsø, men eg tykkjer også det er ein god idé, smiler han. Går alt etter planen, er dei to på plass i ishavsbyen 19. juni.

– Vi ser fram til å komme til Tromsø, avsluttar Agarwal.   

Aarskog, Karine Nigar
Publisert: 05.05.17 13:00 Oppdatert: 18.01.18 10:11
Vi anbefaler