«Kronprins Haakon» sjøsett

Noregs nye polarstoltheit blei sjøsett måndag denne veka i Italia. Forskingsskipet «Kronprins Haakon» blir eit av verdas mest avanserte fartøy og ikkje minst eit av verdas mest spennande undervisningsrom.
Utsi, Inger Elin Kristina
Publisert: 01.03.17 00:00 Oppdatert: 30.01.18 18:45

ÆREFULLT OPPDRAG: Rektor Anne Husebekk fekk vere med på å klippe snora under sjøsetjingseremonien i Italia. Kven som blir skipets gudforelder er foreløpig uvisst. Foto: Gunn Sissel Jaklin

Ikkje sidan 1917 og Roald Amundsen sin «Maud», har eit norsk forskingsfartøy blitt sjøsett.

Verftet Fincantieri, der skipet er bygd, inviterte til ein sjøsetjingsseremoni måndag 27. februar. Direktørane for Norsk Polarinstitutt og Havforskingsinstituttet, og rektor for UiT Noregs arktiske universitet fekk høve til å klippe snora som markerte at skipet er sjødyktig. Sjølve sjøsetjinga tar derimot mange dagar.

Rektor Anne Husebekk har blogga frå den historiske hendinga. I bloggen skriv ho at skipet vil gi høve til ny kunnskapssanking som langt overgår det som til no har vore mogeleg.

Viktig bidrag for polarforsking

Skipet kostar 1,4 milliarder og vil vere eigd av Polarinstituttet, medan Havforskingsinstituttet vil stå for drifta. UiT vil vere den største brukaren av skipet og vil bruke det til forsking i Arktis og Antarktis. Skipet vil også vere sentralt i prosjektet «Arven etter Nansen» og blir det mest høgteknologiske og avanserte forskingsfartøyet som opererer i polarområde. Både dronar og fjernstyrte ubåtar er ein del av skipet. Du kan lese meir om skipet her.

NORGE TIL HAUSTEN: Skipet kjem til Noreg i oktober. Sjølve dåpen vil bli i Tromsø. Foto: Gunn Sissel Jaklin

Ombord er det mellom anna 15 laboratorium og det vil vere plass til 55 personar. I tillegg har skipet helikopterdekk her både Super Puma og Kystvaktens NH-90 kan lande.

Blir tatt i bruk i 2018

Regjeringa har som målsetjing at skipet skal styrke Noregs leiarrolle innan klima- og ressursforsking i polare strøk.

Skipet kjem til Noreg i oktober der dei siste installasjonane vil gli gjort. Det vil bli tatt i bruk tidleg i 2018, og den store dåpen vil vere i heimehamna Tromsø. Det er ikke bestemt kven som blir gudforelder til skipet.

STORT SKIP: Skipet vil bli Noregs flaggskip innan forsking og skal halde oppe Noregs leiarrrolle innan polarforsking. Foto: Gunn Sissel Jaklin 
Utsi, Inger Elin Kristina
Publisert: 01.03.17 00:00 Oppdatert: 30.01.18 18:45
Vi anbefaler