Universitetsbrua er opna

Gladnyheit til alle som syklar eller går til campus i Breivika: De har fått ein mykje tryggare veg inn til jobb og studium.
Solhaug, Randi Merete
Publisert: 17.03.16 15:00 Oppdatert: 21.12.17 15:17
Tromsø

Den siste delen av Dramsvegen og vidare nedover Veslefrikkvegen har ikkje vore god nok trafikksikkerheitsmessig – spesielt for syklistar. No kan ein imidlertid sleppe å bruke denne vegen og heller velje å ta av ved Breivangvegen og krysse Universitetsbrua for å kome inn til UiT og UNN.

Rektor Anne Husebekk held i snora, medan fylkesråd Ivar B. Prestbakmo klypper. Foto: Randi Solhaug

Universitetsbrua går over den sterkt trafikkerte Erling Kjeldsens veg (kanskje meir kjend som Tverrforbindelsen), og representerer eit langt tryggare alternativ sidan ho berre kan brukast av syklistar og gåande.

– Brua har blitt eit kledeleg landemerke i eit elles hektisk område, seier fylkesråd for samferdsel og miljø, Ivar B. Prestbakmo.

Troms fylkeskommune har bidratt med midlar for å få brua bygd, og Prestbakmo fekk også æra av å klippe snora då Universitetsbrua blei opna torsdag 17. mars.

Offisielt opna! Foto: Randi Solhaug

– Denne brua bidrar også til å binde saman den gamle Husmorskolen, eller gamle Breivang, koe Handelshøgskolen skal flytte til, og campus. Vi gler oss alle til å bruke denne vegen og brua når vi skal til og frå campus, seier rektor Anne Husebekk som også deltok på opninga.

UiT har fått ei svært fin sykkel- og gangbru over Tverrforbindelsen, og ho er klar til å brukast. Foto: Randi Solhaug
Solhaug, Randi Merete
Publisert: 17.03.16 15:00 Oppdatert: 21.12.17 15:17
Tromsø
Vi anbefaler