Korleis sove godt i mørketida

I Tromsø har sola sokke under horisonten og vi har sagt farvel til i midten av januar. Men korleis påverkast vi av mangel på dagslys?
Bludd, Ellen Kathrine
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Tonje Engevik Eriksen
Publisert: 05.12.17 00:00 Oppdatert: 30.01.18 13:34

Dagen blør ut over fjella i Balsfjord. Foto: Gabriela Wagner.

For menneske sør for polarsirkelen verkar det nærmast utenkjeleg å leve ein stad som er dekt til av mørke i nesten to månader, men for mesteparten av Tromsøs folkesetnad betyr mørketida det same som fyr i peisen, tende lys og ein god kopp te under pleddet i sofakroken.

Likevel opplever mange at dei vert slappa, treng meir søvn og at det er vanskeleg å komme seg opp om morgonen når mørketida gjer sitt inntog. Pussig nok motverkas kjensla av å vilje gå i vinterdvale av at det er utfordrande å komme til sengs til riktig tid eller av dårleg søvnkvalitet. Forklaringa bak liggar i vår indre biologiske klokke.

Fysiolog Gabriela Wagner frå TV2-sending om solformørking. Foto: Torbein Kvil Gamst

For mye søvnhormon 

– Når sola går ned og mørket sig på om kvelden produserer ein liten kjertel i hjernen vår eit hormon kalla melatonin. Dette søvnhormonet fortel kroppen vår at det er tid for å gå til sengs, fortel Gabriela Wagner, fysiolog ved Institutt for arktisk og marin biologi.

Ho fortel at når lys treffer auga om morgonen vert hormonet brote ned i blodet, og utskiljinga stansar. Mangelen på lys i mørketida kan gjere at melatoninnivået i kroppen ikkje går ned, og at ein vert slapp og får problem med å komme i gang med dagens aktivitetar.


TIPS FOR EIN GOD NATTESØVN I MØRKETIDA 

  • Tilfør kroppen tilskot av vitamin D, anten i form av mølje, tran eller vitamintilskot i mørketida.

  • Utsett kroppen for sterkt lys rett etter du har vakna, hjernen trenge eit tydelig signal på at det er morgon sjølv om det er stupmørkt ute!

  • Forsøk å utnytte dagslyset til å få frisk luft og dagleg fysisk aktivitet.

  • Ikkje utsett leggjetida. Unngå hard trening og skarpt lys (mobil, ipad, datamaskin) før du skal leggje deg.

  • Unngå kaffi etter lunsj. Koffeinet vert igjen i kroppen i mange timar og er kjent for gi den indre klokka jetlag.


Frisk luft og fysisk aktivitet hjelp til med å halde den biologiske klokka tikkande. Foto: Monica Alterskjær Sundset.

Sosial klokke

Wagner forklarer at døgnrytmen vår vert styrt av jordas lys-mørkesyklus, og  syklusen vert oppretthalde på omtrent 24 timar sjølv utan vekslingar i lys og mørke.

– Den indre klokka må resettast kvar dag slik at han vert synkronisert med omgjevnadanes nøyaktige 24-timars rytme. Resettinga vert normalt sett gjort av dagslys, spesielt i morgontimane. Ved mangel på dagslys om morgonen vil kroppen kjennast trøytt og han vert usikker på når det er på tide å gå til sengs igjen, seier forskaren.

Ho fortel at mange klarer å kompensere for denne utfordringa ved hjelp av den “sosiale klokka.”

– Å starte på skule eller jobb til fast tid kan vere nok til å synkronisere den indre klokka, men det fungerer ikkje for alle, seier Wagner.

 

Forska på seg sjølv

Forsking studentar har gjort på seg sjølve ved Institutt for arktisk og marin biologi viser tydelege skilnadar i søvnmønster i mørketida. Mange klarer å tilpasse seg den sosiale klokka og får seg ei god natts søvn ved at dei legg seg og står opp omtrentleg til same tid kvar dag.
Studien viser at nokon vert påverka betydeleg av mangel på dagslys for å synkronisere den indre klokka, og dessutan at dei ikkje vert korrigert av sosiale forpliktingar.

– Konsekvensen er ei kjensle av jetlag kvar morgon, utfordringar med å sovna sjølv om ein er trøytt, og vanskar med å få god og regelmessig søvn, fortel Gabriela Wagner.

Fysiske utfordringar i mørketida

Forsking har vist at redusert søvnkvalitet kan vere ekstra problematisk for menneske med svekka allmenntilstand. Langvarig søvnmangel kan dessutan føre til redusert kognitiv funksjon, det vil seie evne til å tileigne oss og bruke kunnskap.

Søv du dårleg over tid kan det òg føre til nedsett immunforsvar eller til og med depresjon. Difor er det viktig å halde den indre klokka tikkande i samsvar med miljøet.

Les også: Du skal sova bort sumarnatta 

Denne nyheitsartikkelen vart først publisert i 2015.

Bludd, Ellen Kathrine
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Tonje Engevik Eriksen
Publisert: 05.12.17 00:00 Oppdatert: 30.01.18 13:34
Vi anbefaler