Fisk for utvikling

Når så vel professorar som studentar ved Norges Fiskerihøgskule (NFH) snakkar om “sør” er dei langt forbi Sinsenkrysset. Då handlar det om land som ligg rundt ekvator og sørover, og det nokså nøyaktig 30 år sidan NFH for første gang gjorde denne delen av verda til fiskerifagleg pensum.
Bludd, Ellen Kathrine
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Gunnar Grytås
Publisert: 05.03.15 00:00 Oppdatert: 06.03.15 09:41

Arbeidet for fiskeri- og akvakulturutviklinga i sør vart markert med ein jubileumskonferanse på Norges Fiskerihøgskule tirsdag 3. mars. Her kunne instituttleiar Kathrine Tveiterås enkelt ha rekna opp 30-40 personar, noverande og tidlegare tilsette, som har utført eit stort arbeid i den globale fiskerinæringa med undervisning og forskning som tyngdepunkt i innsatsen for fiskerisamfunn som på dei fleste måtar har det verre enn her heime.

Ekstra ære på to

Dagen var likevel som skapt for å gjere ekstra ære på to som i ein mannsalder har brukt store deler av sitt yrkesaktive liv i Asia, Afrika, Latin- og Sør-Amerika. Det handlar om professorane Svein Jentoft og Bjørn Hersoug som fekk NFH si gullnål. Den heng høgt og går berre til dei som over lang tid har vore særleg sentrale på vegne av Norges Fiskerihøgskule og i utviklinga av institusjonen sitt faglege arbeid. 

Instituttleiar Kathrine Tveiterås med professorane Bjørn Hersoug og Svein Jentoft. Foto: Trine Holm Larsen

Tettskrivne rulleblad

Oversikta over den faglege innsatsen til dei to, krevde om lag ei tettskriven A4-side for kvar sjøl om Tveiterås heldt seg til korte stikkord gjennom lange faglege rulleblad med forskning, undervisning, bøker og anna publisering, arbeid i viktige forskarnettverk, komiteear og utvalg – nasjonalt og internasjonalt. Begge har mange utanlandsopphald bak seg, og begge har vore aktive deltakarar i det politiske ordskiftet på heimebane. Sjøl om dei periodevis har arbeidd på ulike felt, har dei mange tangeringspunkt. Sist var det i forhandlingane om FAO sine retningslinjer for forvaltning av småskalafisket verda over, der begge var medlemmer av den norske delegasjonen. Her fann dei felles glede i at det var ein gamal fiskerikandidat, Johan Williams, som leia forhandlingane og banka saka gjennom.

NFH-profilar

Også dei personlege eigenskapane vart framheva. Om Jentoft sa Tveiterås at han er ein rettferdig og mjuk mann, og at dette har prega hans tema og engasjement – og ikkje minst væremåte. Han inkluderer villig yngre forskarar i sine publikasjona, og viser stor omsorg for stipendiatane og studentane sine.

Hersoug har mykje av det same: Åpen og raus, noko som mange studentar og kollegaer har stor glede og nytte av. Kjend for ein munter og ordrapp væremåte, men også uredd og rastlaus – og ikkje sein med å gjennomføre det han har tru på.

“Fisk for utvikling”

Begge heldt foredrag på jubileumsseminaret i går, og understreka at både NFH og resten av Noreg som fiskerinasjon har mykje ugjort – også i sør. Her er det eit tankekors at av all norsk fiskeribistand er det berre 0,5 prosent som går til fiskeri- og havbruksprosjekt. Det er nesten sensasjonelt lite med tanke på kor viktige fiskeressursane vil bli i den globale matforsyninga i overskueleg framtid, og kor sårbare både ressursane og fiskerisamfunna framleis vil vere – ikkje minst på grunn av klimaendringar.

Her står arbeidet med eit nytt program “Fisk for utvikling” sentralt, der ikkje minst akvakultur er tiltenkt ein større plass. På møtet i går kom det ingen klare signal om korleis Solberg-regjeringa stiller seg til dette. Norsk bistand vil i framtida bli konsentrert om seks sårbare og seks ekstra fattige utviklingsland. Fleire av desse har eit stort innlandsfiske, men berre to-tre har ei kystlinje. Det gjeld ikkje minst Myanmar der fiskerinæringa er stor og har eit endå større potensiale, men der fiskeribefolkninga slit tungt for å få kontroll med si eiga framtid.

 

Bludd, Ellen Kathrine
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Gunnar Grytås
Publisert: 05.03.15 00:00 Oppdatert: 06.03.15 09:41
Vi anbefaler