Norsk rikdom på naturbasert mangfold

29.08.14 Grytås, Gunnar
Vi gjør oppmerksom på at denne artikkelen er over to år gammel, og kan ha innhold som er utdatert.

Totalt har Noreg ikkje mindre enn ni ulike næringar som er basert på naturressursar. Dei har gjort oss til eit av dei rikaste landa i verda. Også utan oljeinntektene ville vi stått sterkt.

Ei ny lærebok; "Naturressursenes økonomi" fortel historia om kvifor Noreg er blitt så rikt og korleis vi har forvalta rikdommen så langt. I framtida vil klima- og miljøutviklinga gje store utfordringar som krev ny kunnskap i denne forvaltninga. Boka har to eigne kapittel som handlar om dette.

I 2013 har oppdrett for første gong bidratt meir til Norges BNP enn landbruket, går det fram av ei ei ny bok om naturressursbaserte næringer.

Næringar med mange særtrekk

- Vi har i dag til saman ni ulike næringar som er tufta på naturressursar. Utvinninga av olje og gass er sjølsagt den største, medan reindrifta er minst og nesten ikkje målbar når det kjem til brutto nasjonalprodukt. Mellom desse ytterpunkta har vi fiske, oppdrett,landbruk, skogbruk, el-produksjon av vasskraft, jakt og rekreasjonsfiske og mineralutvinning. Alle har sine særtrekk, men i sum gjev dei Noreg ein nesten unik, naturskapt rikdom, seier professor Ola Flåten ved UIT Norges arktiske universitet som saman med professor Anders Skontoft frå NTNU i Trondheim er redaktør for boka. Den er først og fremst tenkt som ei lærebok for studentar der dei får ei samla innføring i naturressursbasert økonomi.

Ei bok for mange

I tillegg kan den brukast som eit referanse- og opplagsverk for alle som jobbar med aktuelle problemstillingar rundt faget. Og ikkje minst; alle som er interessert i det politiske ordskiftet om korleis Noreg som nasjon forvaltar og fordeler naturressursar som vi alle er med på å eige.

"Naturressursenes økonomi" omtalar kvar av dei ni næringane med eigne kapittel både når det gjeld ressursgrunnlaget og med ein historikk når det gjeld utvinning eller hausting, lovgjeving og andre former for politisk styring. Her vert det trekt eit skilje mellom ikkje fornybare ressursar (som olje), fornybare (vasskraft) og betinga fornybare som fisk og skog. I tillegg  kjem økosystema i havet, i ferskvatn og på land som gjer ein jobb vi bade har nytte og glede av, men utan at det kjem med i nasjonalrekneskapen. Korleis vi også kan verdsetje slike økosystemtenester er drøfta i eit eige kapittel, skrive av Claire Armstrong og Margrethe Aanesen, UiT. Boka er eit resultat av bidrag frå 16 forfattarar, og seks av desse er kvinner.

Nasjonal kontroll

- Målet med boka har ikkje vore å felle nokon endeleg dom over forleis vi som nasjon har forvalta desse ressursane opp gjennom tidene. men ut frå innhaldet må vi likevel kunne seie at Noreg har greidd denne jobben bra. Tidleg på 1990-talet fekk vi konsesjonslovene som sikra nasjonal kontroll med vasskrafta. Tankegangen var den same på 1960-talet då vi ikkje starta "rot-salg" av olje og gassfelt til store internasjonale selskap, men tok kontroll via Statoil og ei sterk lovgjeving som sikre fellesskapet dei største inntektene. Hadde vi hatt eit EØS på den tida, og Noreg vore medlem, ville vi neppe kunne gjort det vi gjorde, sier Flåten.

- Samanlikna med mange andre land der kampen om naturressursane har skapt borgarkrig eller krigar med andre land. har folket i Noreg hatt stor glede både av oljen, fisken, jorda og vassdraga, meiner han.

Problem med privatisering

I tillegg til gjennomgangen av kvar næring har redaktørane eit eige kapittel om ressursøkonomi. Bruk og forvaltning ut frå motsetningar mellom samfunnsøkonomisk og privat lønsemd diskutert. Her er omgrepet eksternialitet viktig; Det som skjer når ein økonomisk aktør påverkar produksjon og konsum hos andre aktørar, men utan at det blir teke omsyn til i den økonomiske tilpasninga. Eit anna oversiktskapittel drøftar ressursnæringane i norsk økonomi, og samanliknar dei med andre land - og utviklinga over tid.

Oppdrett større enn landbruk

Når det gjeld storleik målt i BNP (eksklusiv petroleum) er det kraftproduksjonen som er størst. Men no viser nye tal for 2013 at oppdrett har passert landbruk i basisverdi (utan avgifter og subsidiar). I denne artikkelen slår Ådne Cappelen fra Statistisk Sentralbyrå fast at takka vere råvareøkonomien ligg Noreg i dag 80 prosent over OECD-landa i BNP per innbyggjar. I 1970 var vi under gjennomsnittet. Sjøl utan drahjelp frå oljeindustrien har inntektsnivået i Noreg auka raskare enn i landa rundt oss - takka vere ein ny og moderne råvaresektor.

På Twitter   #norgesarktiske