Åse Hiorth Lerviks pris til oppgåve om russisk militærnekting

Hanna Marjaana Kuosmanen skreiv i fjor masteroppgåve om militærnekting hjå unge, russiske menn. Det gav ho Åse Hiorth Lerviks pris for beste oppgåve ved UiT med eit kjønnsperspektiv.
Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 04.06.14 00:00 Oppdatert: 04.06.14 16:07

Hanna Majaana Kuosmanen
Hanna Majaana Kuosmanen vann Åse Hiorth Lerviks pris for 2014. Alle foto: Sigrun Høgetveit Berg

Kuosmanen årets Åse Hjorth Lerviks prisvinnar

Oppgåva til Kuosmanen har tittelen "'I don't owe you anything' - Draft avoidance among young men in contemporary Russia".

Juryen uttalar om Kuosmanen si avhandling at denne bidrar til både å forstå det post-sovjetiske samfunnet og samtidige former for maskulinitet, og ikkje minst utfordrar ho førestillingane våre om båe desse felta.

Det er KVINNFORSK som deler ut Åse Hiorth Lerviks pris - og det heile gjekk føre seg på sommarfesten til KVINNFORSK.

Kuosmanen avla masteroppgåva si på Senter for fredsstudium ved HSL-fakultetet, og ho hadde førsteamanuensis Percy Oware som rettleiar. Tilliks med dei fire andre nominerte kandidatane fekk ho karakteren A.

Også pris til Elisabeth Jarhelle for kreftforsking

I tillegg til prisen for beste masteroppgåve med eit kjønnsperspektiv, valde KVINNFORSK i år å dele ut ein pris til beste oppgåve med eit kvinnefokus. Denne gjekk til Elisabeth Jarhelle (Institutt for medisinsk biologi ved Helsefak) og hennar oppgåve "A study of possible genetic causes of inherited breast and ovarian cancer in a Norwegian cancer population".

Prisen for beste oppgåve med eit kvinnefokus kjem også til å bli årleg.

dei nominerte ÅHL 2014
Dei nominerte til Åse Hiorth Lerviks pris 2014 var Elisabeth Jarhelle (hadde ikkje høve til å møte sjølv), Hanna Majaana Kuosmanen, Karen Sofie Netland (hadde ikkje høve til å møte sjølv), Maja Helene S. Nikolaisen og Jeanette Skoglund.
Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 04.06.14 00:00 Oppdatert: 04.06.14 16:07
Vi anbefaler