Med actionfilm på timeplanen


- Eit fritt og samansett studium. Veldig spennande. Det seier studentane på medie- og dokumentasjonsvitskap, etter ein times førelesing om farsrolla i amerikanske actionfilmar.

gjelsvik og studentar
Professor i filmvitskap, Anne Gjelsvik, omkransa av studentane Sigrid Nordgulen (t.v.) og Arne Steinvik. Alle foto: Sigrun Høgetveit Berg

Arne Steinvik og Sigrid Nordgulen er bachelorstudentar i medie- og dokumentasjonsvitskap. Steinvik er på andreåret og har søkt seg attende til studia etter 20 år i næringslivet, medan Nordgulen er førsteårsstudent og kom rett får vidaregåande i haust. Begge er svært nøgde med studiet.

- Det er så utruleg variert innhald, og me får brukt oss sjølve på ulikt vis. Dessutan opnar det for mange ulke typar arbeid etterpå - innan bibliotek, arkiv, medie- og informasjonsbransjen, seier Steinvik.

- Eg vil bli bibliotekar, og med dette studiet kan eg jobbe overalt. Eg synest også det er bra at me får ein historisk bakgrunn og ei drøfting av kva dokument er for noko, seier Nordgulen.

Styrkar filmdelen av medievitskap

Medievitskap er eit relativt nytt forskingsfelt ved UiT, og bachelorprogrammet i medie- og dokumentasjonsvitskap starta opp i fjor haust - som ei ny utgåve av det tidlegare progammet i dokumentasjonsvitskap.

Anne Gjelsvik er professor i filmvitskap på NTNU, ved det største fagmiljøet innan film i Noreg. Ho er også tilsett som professor II ved Institutt for kultur og litteratur ved UiT og skal her vera med og styrke filmdelen av medievitskap.

- I tillegg til å gje ein del undervisning til studentane, skal eg arbeide med fag- og forskingsutvikling innan medievitskap, fortel ho.

anne gjelsvik
Anne Gjelsvik ser etter farsrepresentasjonar i filmar.

Far lyser mot oss

I den opne førelesinga på UiT denne veka snakka ho om "Pappa - den nye helten?", om farsolla i samtidige amerikanske actionfilmar.

- Forskingsinteressa mi for film har alltid konsentrert seg rundt film og samfunn - korleis film reflekterer samfunnet og korleis det pregar oss.

- Dei siste åra har eg arbeidd med farsrepresentasjonar - i alle filmsjangrar - og feltet blir berre større og større. Far lyser mot oss overalt, smiler ho.

På Twitter   #norgesarktiske
Skip to main content