Samarbeid på tvers utvikla nytt doktorgradsemne

I juni tilbyr UiT eit doktorgradsemne spesiallaga for puebloindianarar frå Arizona State University. Fagleg ekspertise er henta inn frå fleire land og fagområde, og emnet er ope for alle interesserte ph.d.-studentar.
Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 17.03.14 00:00 Oppdatert: 17.03.14 15:43

- Me er stolte over den føredragsrekka me tilbyr. Det kjem til å bli skikkeleg bra! lovar fagleg leiar Else Grete Broderstad ved Senter for samiske studium (Sesam). Saman med Institutt for filosofi og førstesmesterstudium (IFF) og Det juridiske fakultet (Jurfak) skal dei arrangere doktorgradsemnet "Legal and Political Approaches to Indigenous Peoples' Rights - the case of the Samis" i byrjinga av juni.

tverfagleg samarbeid
Susann. F. Skogvang (t.v.) frå Jurfak, Kjersti Fjørtoft frå IFF og Else Grete Broderstad frå Sesam gler seg til å samarbeide. Foto: Sigrun Høgetveit Berg

Kontakta av Arizona State University

Utgangspunktet for samarbeidet er ein førespurnad Sesam fekk frå Arizona State University. Dei har eit tverrfagleg ph.d.-program for puebloindianarar og tok kontakt med UiT for å få til eit samarbeid om eit doktorgradsemne.

- Dei hadde høyrt om Sesam og profilen vår og ville gjerne ha eit samarbeid knytt til rettsleggjering, styring og forvaltning. Me syns det var ei spennande utfordring, men såg at me trengde også andre fag for å tilby eit slikt emne - og difor vende me oss til filosofane og juristane, fortel Broderstad.

Ein invitt som vart møtt med positiv respons og eit samarbeid kom kjapt på plass.

- Det har ikkje vore noko vanskeleg å jobbe på tvers av institutta og fakulteta, slår dei tre fast.

Jus, politisk teori, antropologi og filosofi

Ph.d.-emnet inneheld bolkar om juridiske og politiske tilnærmingar i forståinga av utviklinga av urfolksrettar, om retts- og rettferdsoppfattingar og døme frå ulike lovgjevingsstrategiar.

- Og før sjølve doktorgradsemnet her i Tromsø, tek me deltakarane med på ei langelg til Manndalen, med fullt fagleg og sosialt opplegg, seier Broderstad.

- Det samiske caset er kjent verda over, og me får mange slike henvendelsar frå forskarar og urfolksmiljø som vil studere nøyare dei prosessane som har gått føre seg her. Då er det fint å kunne ta dei med ut i felten, legg ho til.

- Forsking på det samiske og urfolksrettar opnar jo også for generelle spørsmål om kva som er grensene for jussen, kva som er grensene for politikk. Samerett er eitt av våre forskingsområde der politikk, økonomi og jus er nærare kvarandre, enn til dømes panteretten, seier førsteamanuensis Susann F. Skogvang frå Jurfak.

- Difor er verdiar og grunngjeving svært viktig å få eit grep om.

Og der har filosofane alltid kunne bidra.

- Men i tillegg er mange urfolksspørsmål no innanfor eit svært lovregulert felt som filosofane absolutt burde interessere seg meir for, meiner instituttleiar på IFF, Kjersti Fjørtoft.

Starten på meir samarbeid

Sjølv om Jurfak og Sesam har samarbeidd om andre prosjekt før, er det første gongen dei set saman eit ph.d.-emne som dette. Det er eit spleiselag mellom dei tre einingane.

- Urfolk i Nord-Amerika har heilt andre utfordringar enn samane her, så me ser fram til spennande diskusjonar, seier Skogvang.

- Spørsmåla me stiller er ikkje så ulike, men faga våre er det, strekar ho under.

- Difor er me også spente på korleis dei ulike fagtilnærmingane vil fungere saman, legg Kjersti Fjørtoft til.

Dei tre er alle svært nøgde med samarbeidet så langt.

- Me ser allereie no at me burde samarbeide meir og oftare, så me satsar på at dette er starten på betre tverrfagleg samarbeid mellom oss, slår dei tre fast.

Emnet er ope for alle ph.d.-studentar, ikkje berre dei på HSL-fak og Jurfak. Søknadsfristen er 14. april.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 17.03.14 00:00 Oppdatert: 17.03.14 15:43
Vi anbefaler