Innhaldsrikt Ottar med ny grunnlovsforsking

Det nyaste nummeret av tidsskriftet Ottar er vigd til Grunnlova, med særleg vekt på tilhøva i nord i merkeåret 1814. Nummeret byr på både nye perspektiv på etablert kunnskap og ny forsking om sentrale aktørar og hendingar i nord.
Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 07.03.14 00:00 Oppdatert: 13.03.14 09:55

ottar-lansering
Hefteredaktør Narve Fulsås (t.v.), Bente Engelsen og Einar Niemi. Foto: Sigrun Høgetveit Berg

Lanseringa av Ottar-nummeret gjekk føre seg under ein svært godt besøkt Vin&Viten-kveld på Tromsø museum.

Hefteredaktør og historikar Narve Fulsås hadde fått med seg to av bidragsytarane, historikar Einar Niemi og Bente Engelsen ved Riksarkivet, til å presentere heftet.

Det vart ein innhaldsrik kveld.

- Det er lenge sidan eg har lært så mykje nytt om Nord-Noreg, var ein av kommentarane etterpå.

Det første stortingsvalet gjekk føre seg i Tromsø

Tittelen for kvelden var "For seint og først ute". Det spegla det etterkvart godt kjende faktum at ingen frå Nord-Noreg kom fram til riksforsamlinga på Eidsvoll. Dei fleste stadene i nord fekk dei ikkje ein gong greie på at det skulle vera ei riksforsamling, før 17. mai var over og grunnlovsjobben gjort.

Men det som kanskje er meir ukjent for dei fleste, er at som eit resultat av dette, vart det første reelle stortingsvalet faktisk halde i Tromsø.

- Det var det aller første og allermest plutselege stortingsvalet i norsk historie, sa Bente Engelsen.

Val av representantar til riksforsamlinga var eit indirekte val - slik at først skulle valkrinsane velja valmenn som deretter skulle møtast og velja utsendingane til Eidsvoll. Når desse valmennene endeleg var på plass - mange stader ikkje valde før langt utpå sommaren - var altså heile Eidsvoll allereie over.

Men det var då handlekrafta i nord sette inn.

stemmesetel tromsø
Ein av dei bevarte stemmesetlane frå valet i Tromsø 1. august. Statsarkivet i Tromsø, Fylkesmannen i Finnmark, arkivstykke 2905. Foto: Riksarkivet

- Sidan han likevel venta 40 mann til det som skulle vera riksforsamlingsval i Tromsø 1. august, fann konstituert amtmann i Finnmarken amt, Johan Caspar Krogh, ut at dei likesågodt kunne velja representantar til det første stortinget som var varsla at skulle tre saman i februar 1815, fortalde Engelsen.

Og det gjorde dei. Prost og sokneprest Nils Drejer frå Hammerfest, handelsmann Lorenz Peter Jessen frå Senja og bonde Henrich Larsen Schjerret frå Balsfjord vart valde.

- Frå Tromsø har me dei einaste bevarte valsetlane som hittil er kjende frå vala til riksforsamling i 1814, og me kan slå fast, at det langt frå var noko hemmeleg val, sa Engelsen.

Lojalitet og patriotisme

Viljen og evna til å gjennomføre eit stortingsval på så kort varsel kan sjåast som eit døme på at sjølv om landsdelen låg langt frå Eidsvoll og Kristiania, følte ikkje embetsmenn og vanlege folk  i nord seg noko mindre forplikta på å ta aktivt del i den lagnadstunge tida for fedrelandet. Patriotismen og offerviljen var stor, trass i harde naudsår og utmattande napoleonskrigar.

- Det var ein stor kongelojalitet og ein voldsom patriotisme i nord, og kjeldene syner at aktørane var svært opptekne av at også dei skulle kjempe for konge og fedreland, kunne Einar Niemi fortelja.

Hammerfest på 1830-talet. Litografi av H.C. Knudsen. Eigar: Tromsø museum

- Kysten leid under blokade frå engelskmennene som stod på andre sida enn Danmark-Noreg, og det kom til trefningar.

- I Finnmark vart det først mobilisert eit frivillig sjø- og kystvern frå 1804, og etterkvart eit regulært kystvern, ein milits.

Fleire stader vart det blodige kampar.

- I 1812 stod det såkalla "Slaget ved Pølsehavna" i Tromsø, med Hans Carl Bodenhoff, "Løven fra Tromsø", i spissen mot engelskmennene, sa Einar Niemi.

I rette med den nordnorske offerrolla

Han gjekk også i rette med den offer- og utestengingshistoria som ofte er vorte presentert om Nord-Noreg - som han mellom anna meiner vart særleg bygd opp rundt hundreårsfeiringa av Grunnlova, med nordnorske ideologar i Nordlendingenes forening i Kristiania i spissen.

- Men historia om 1814 syner ikkje slike bastante offerbilete som etter 1914. Nord-Noreg låg ikkje gøymd og gløymd "bak hundrede mile", slo Niemi fast.

Både Engelsen og Niemi peika også på at i 1814 vart det ikkje lagt for dagen nokon sterk fornorskingsideologi.

- Den einaste endringa av Grunnlova før 1884 var den røsyterettsutvidinga som skjedde i 1821, der også reindriftssamar fekk røysterett. Då Trondenes seminar vart oppretta i 1826, som den første lærarutdanninga i landet, var det særleg lagt vekt på at der skulle også samisktalande lærarar utdannast.

- Og då presten Stockfleth vidareførde Thomas von Westen sitt misjonsarbveid mellom samane, var det på samisk - og det vart undervist i samisk og kvensk på Det Kongelige Fredriks universitet på 1830-talet, sa Niemi.

- Og Henrik Larsen frå Balsjord, han var kven, la Engelsen til.

"Med valget av Henrik Larsen til stortingsmann var altså også kvenene representert", skriv Bente Engelsen i Ottar. Henrik Larsen Skjæret sitt fjøs blir no den første freda bygningen i Balsfjord. Foto: Troms fylkeskommune, kulturetaten.

Regionalt, nasjonalt og internasjonalt

Ottar-heftet inneheld tre artiklar om nordnorske tilhøve. Einar Niemi skriv altså om patriotisme og lojalitet i Finnmark og Troms og Bente Engelsen om omstenda rundt sjølve valprosessane i nord.

Kyrkjehistorikar Hallgeir Elstad skriv om stemninga i dei nordnorske fullmaktene som prestane og kyrkjelydane sende sørover i samband med opprørspolitikken som regenten, Christian Fredrik, førde.

I tillegg er det to allmenne artiklar som rammar heftet inn. Narve Fulsås skriv om den historiske bakgrunnen for krisa og grunnlovsverket i 1814, og jurist Dag Michalsen gjev eit utsyn over viktige politiske endringar og kriser etter 1814 - og korleis desse er vorte oppfatta og tolka i høve til Grunnlova.

Grunnlovsjubileet no i 2014 skal særleg vera ei feiring av demokratiet. Grunnlova slik me kjenner ho i dag er mykje endra frå 1814 - og det på ein grunnlovsmessig irregulær måte, poengterte Fulsås under lanseringa.

- For den normalordenen som Grunnlova føreskreiv i 1814 er langt frå det me i dag kallar demokrati.

- Til dømes vart prinsippet om parlamentarisme innført gradvis frå 1884 og ikkje grunnlovsfesta før i 2007, sa han.

- Det er såleis eit døme på den "konstitusjonelle sedvanen" som har utvikla seg langsmed utviklinga av demokratiet, og som i vårt styresett har fått same rang som dei faktiske grunnlovsreglane, slo Fulsås fast.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 07.03.14 00:00 Oppdatert: 13.03.14 09:55
Vi anbefaler