Idrettssamarbeid i aust opna jernteppet

Idretten var ein tidleg samarbeidsarena med Sovjet under den kalde krigen. I jernteppet opna det seg eit hol i Aust-Finnmark.
Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 20.02.14 00:00 Oppdatert: 20.02.14 13:46

stian bones
Stian Bones har vore i idrettsarkiva. Foto: Sigrun Høgetveit Berg

- Det var særleg ski, svømming, bryting og fotball det dreidde seg om, og engasjementet rundt idretten og idrettsutveksling var drive fram lokalt i Aust-Finnmark, seier Stian Bones.

Han er i desse dagar med på å leggje siste hand på tobandsverket Det asymmetriske naboskap, om tilhøvet mellom Noreg og Russland gjennom 200 år. Bøkene er resultat av eit fireårig forskingsprosjekt og blir lanserte i haust.

- Det handla om at idrettsmiljøet i Aust-Finnmark ønskte å få folk å konkurrere med, og dei visste at på hi sida av grensa var det folkerike område med den store byen Murmansk berre nokre timar unna, fortel Bones.

Opna seg etter Stalin

Fram til 1954 hadde Sovjetunionen meir og mindre avstengd seg sjølv frå internasjonal vinteridrett. Men i VM i Falun i 1954 og i OL i Cortina i 1956 var dei på plass. Då kom dei med eit brak og vart beste nasjon - med 7 gull, 3 sølv og 6 bronse.

- Mot slutten av Stalin-tida opna klimaet seg for meir samarbeid, og mønsteret frå idretten ser me såleis også til dømes innanfor vitskap og forsking.

- Noreg var av dei første som responderte positivt på den nye sovjetiske tilnærminga til omverda, og skøyteforbundet og fotballforbundet tok imot og sende invitasjonar til sine søsterorganisasjonar i Sovjetunionen, fortel Bones.

Ein villa politikk?

Men var dette ei villa utvikling frå dei politiske styresmaktene si side - eller gjekk det på tvers av kva dei eigentleg ønskte? 

- Eg finn ingen spor i arkiva på anna enn at dette var villa også frå styresmaktene si side. Og det er ganske spesielt, særleg tatt i betraktning at Noreg var NATO-land, seier Bones.

- Det var Statens ungdoms- og idrettskontor (STUI) som koordinerte samarbeidsaktiviteten. Dei var på ei stor studiereise til Sovjet i 1954, der mellom andre Werna Gerhardsen var med som leiar for "Framfylkingen" - Arbeidarpartiet sin organisasjon for idrett og kultur.

Stian Bones har vore i arkiva og funne spor etter det omfattande idrettssamarbeidet over grensa i nordaust.

Noreg det første vestlege landet med kulturavtale

Samarbeidet førde i 1956 til at Noreg var det første vestlege landet som inngjekk ei kulturavtale med Sovjetunionen som omfatta kulturutøvarar og vitskapsfolk. Idretten var ikkje del av denne, men underforstått skulle samarbeidet på det feltet halde fram direkte mellom forbunda.

- Dette handla først og fremst om pengar - og kva staten skulle bruke støttekronene sine til, seier Bones.

Men det var eitt unntak, og det galdt Aust-Finnmark. Idrettskretsen søkte - og fekk - pengar frå Utanriksdepartementet, og arbeidet vart knytt til kulturavtala med årleg støtte.

- Det var eit heilt spesielt forhold over grensa i nordaust. Utover 60-talet kunne ein sjå at det samarbeidet som der hadde vakse fram var eit smutthol i jernteppet, og eit uttrykk for den allmenne liberaliseringa langs grensa.

Tsjekkoslovakia 1968

Men så kom den sovjetiske innmarjsen i Tsjekkoslovakia i 1968 - og det vart brått stopp.

- Når ein les kjeldene frå tida før 1968, er det slåande i kor stor grad alle partar er innstilte på normalisering av forholdet mellom nabostatane. Ikkje berre innanfor idretten, men også i handel og næringsliv. Faktisk gjekk det i 1967/68 føre seg utgreiingar om ei norsk-sovjetisk grensebuarsone i Aust-Finnmark - noko som først no i fjor er komen på plass, fortel Bones.

- Men nokre illusjonar brast med Tsjekkoslovakia. Og sjølv om samarbeidet gjennom kulturavtala ganske raskt vart plukka opp att eitt års tid etter innmarsjen, var det nok mange som var skuffa og vonbrotne over Sovjetunionen.

- Idrettsrørsla på norsk side var svært opptekne av å behalde idretten som "ideologisk rein" og utan politisk innblanding. Samstundes er det klart at styresmaktene ville vera med å kontrollere, og det er vel mykje truleg at det var med folk i delegasjonane på begge sider som noterte og observerte, seier Bones.

Vladimir Kuzin.

På norsk side var det grensekommisariatet i Kirkenes som organiserte turane over grensa. I 1963 for ein norsk delegasjon til Murmansk, og ein sovjetisk kom til Kirkenes. Begge gonger var den tidlegare langrennsløparen og doble verdsmeistaren frå Falun-VM, Vladimir Kuzin frå Arkhangelsk, med på sovtjetisk side. Han møtte mellom andre Oddmund Jensen frå Skiforbundet - som seinare var herretrenar frå 1964 til 1978.

Idrettsdiplomati på høgt nivå

- I følgje Jensen prata han og Kuzin utelukkande om smørjing, metodar og skiteknikk. "Kuzin var overhodet ikke interessert i militære saker", refererer Bones.

- Med Kuzin og Jensen i spissen vart det idrettsdiplomati på høgt nivå, noko som la grunnlag for eit vidare omfattande samarbeid utover 60- og 70-talet, mellom anna på den store Nordfestivalen i Murmansk kvar vår, seier Bones.

- Der møttest dei beste austblokkløparane - og i 1966 stilte dei norske VM-vinnarane i stafett opp; Harald Grønningen, Gjermund Eggen og Odd Martinsen.

- For idretten i Aust-Finnmark var dette samarbeidet sjølvsagt svært viktig - det heva nivået, ikkje berre i langrenn, men også i fotball og svømming og ikkje minst bryting.

Les også: Brøt Jernteppet med skismurning og vodka

Einar Niemi - også som idrettspioner

Den første gruppa som ordinært passerte grensa på Storskog utanfor Kirkenes var nettopp eit sovjetisk fotballag frå Murmansk og ein friidrettstropp - sommaren 1959. 

- Fotballaget spelte i alt fire kampar, og vann tre. Vadsø , som stilte med eit bylag, Vardø Idrettslag og Sørild måtte sjå seg slått, medan Kirkenes Idrettsforening greidde uavgjort.  Friidrettsstevnet heldt høgt nivå, med to nye kretsrekordar på norsk side, fortel Bones.

Året etter reiste eit fotballlag frå IL Norild frå Vadsø og ei gruppe brytarar og boksarar frå AK 54 frå Vardø til Murmansk.  Sidan gjekk det slag i slag utover 1960-talet. Professor emeritus i historie, Einar Niemi, som også er med og ferdisgstiller Det asymmetriske naboskap, spelte på kretslaget og hugsar turane godt.

- Det var eit eventyr, fortel han.

- Idretten i Nord-Russland stod svært sterkt den gongen, også med fotballaget Sever (“Nord”) som spelte i allrussisk divisjon. Det var ikkje noko småtteri å koma frå Finnmark og spela på stadion i Murmansk med svære tribunar - det skulle visstnok vera 25 000 tilskodarar!

Einar Niemi var fotballspelar på kretslaget i Aust-Finnmark på 1960-talet. Foto: Sigrun Høgetveit Berg

- Men det eg også hugsar var den venlegheita og interessa russarane møtte oss med, allereie på grensa.

- Dei hadde alltid med tolk, og ein av dei mest brukte var ein av etterkomarane etter "kolanordmennene" som slo seg ned på Fiskarhalvøya på slutten av 1800-talet. Han hadde vakse opp med norsk som morsmål - og snakka eit arkaisk norsk.

- Det slo meg kor opptekne russarane var av våre felles historiske tradisjonar - og fredelege naboskap - frå pomorhandelen til frigjeringa av Aust-Finnmark under andre verdskrigen. Eg trur at denne gjestfridomen me vart møtte med i alle fall til ein viss grad må botne i desse hstoriske vilkåra, seier Niemi.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 20.02.14 00:00 Oppdatert: 20.02.14 13:46
Vi anbefaler