Ny professor II styrkjer samarbeidet i Brennpunkt Nord-prosjektet

Brennpunkt Nord-prosjektet rullar vidare. Prosjektet - og samarbeidet på tvers av Nordkalotten - vart nyleg styrkt med tilsetjing av Patrik Lantto frå Umeå Universitet.
Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 18.02.14 00:00 Oppdatert: 18.02.14 14:09

broderstad&lantto
Leiar ved Senter for samiske studium, Else Grete Broderstad, er fornøgd med å ha fått Patrik Lantto som professor II på Brennpunkt Nord-prosjektet. Alle foto: Sigrun Høgetveit Berg

Lantto er professor i historie og skal vera med og utvikle Brennpunkt Nord-prosjektet både fagleg og organisatorisk. Brennpunkt Nord er eit nettverksprosjekt som kombinerer utdanningstilbod, forsking og nettverksbygging mellom institusjonar i nord. Senter for samiske studium (SESAM) er navet i nettverksprosjektet.

Treng meir kunnskap - og større pensum

Nyleg var det seminar i prosjektet i Tromsø; “Indigenous peoples, extractive industries and policies. Encounters and resources in the North”.

Innleiingsvis snakka prosjektleiar og professor i statsvitskap, Hans-Kristian Hernes, om dei viktigaste siktemåla med prosjektet.

- Det skjer store endringar i vår nordlege region, og me må skjøne kva som går føre seg her. Me treng såleis meir forsking og meir kunnskap.

- Og me treng det i form av fleire publikasjonar, for studentane våre på urfolksmasteren treng større pensum, la han til.

Han trekte også fram den store utviklinga som går føre seg innanfor dei samiske institusjonane på Nordkalotten, og seminaret var difor eit ledd i arbeidet med å styrkje nettverka mellom desse.

- Det vil kunne føre til meir samarbeid som kan leggje eit fundament for vidare forsking og formidling, meinte Hernes.

Nært samarbeid med Umeå

brennpunkt nord-seminar
Patrik Lantto innleier under Brennpunkt Nord-seminaret nyleg.

UiT har allereie avtaler med Umeå Universitet som siktar mot større og meir forpliktande samarbeid mellom dei to institusjonane. På ein del fagområde har dette samarbeidet pågått lenge, medan andre er i oppbyggingsfasen.

Både SESAM og historikarmiljøet er av dei som lenge har hatt kontakt med Umeå, men no blir samarbeidet endå tettare, i følgje Patrik Lantto.

- Eg skal vera med og få på plass ein tydelegare fast struktur, slik at samarbeidet blir endå betre samankopla.

Lanttos faglege bidrag til seminaret var ei innleiing om møtet mellom samisk reindrift og statlege reguleringar i Sverige; frå lappekodisillen via grensestengingar og  tvangsflytting - og konsekvensane av dette i dag.

Les også: "Brennpunkt Nord" - nyskapande prosjekt på UiT

Vi anbefaler