Tenketanken for små språk er i gang

Dei små språkfaga er pressa – både ved HSL-fakultetet og i landet elles. Difor er no ei gruppe i gang med å “legge fram konkrete og helhetlige forslag for å utvikle språktilbudet ved fakultetet”.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 10.12.13 00:00 Oppdatert: 10.12.13 08:50

Språkkomiteen har fått eit vidt mandat. Her (f.v.) Åsne Ø. Høgetveit, Antonio Fábregas, Rolf Gaasland, Olav Skare, Anitta Viinikka-Kallinen, Annelise Brox Larsen og Gro Bjørnerud Mo. Foto: Sigrun Høgetveit Berg

- Arbeidet er ein respons på den krisa som mange av språkfaga opplever når det gjeld studenttal - både lokalt, nasjonalt og internasjonalt, seier professor i allmenn litteratur og leiar for gruppa, Rolf Gaasland.

- Og for vår del er det ei oppfølging av dei dramatiske kutta me måtte gjera to år sidan, seier han.

Då vart mastertilboda i fransk, tysk og allmenn litteratur, og bachelortilbodet i lingvistikk, lagde ned.

Frie taumar og vidt mandat

Gaasland og arbeidsgruppa har fått frie taumar. Ingen stein skal vera usnudd. Men lett blir jobben ikkje. Dei økonomiske rammene er som før. I mandatet heiter det mellom anna: "Utviklingen ved Universitetet i Tromsø, og ved andre læresteder, gjør at det forventes at utvalget tenker radikalt nytt om tilbudet som skal gis i språk og litteratur sammenlignet med i dag."

- Me må sjå arbeidet vårt i samanheng med den dimensjoneringsprosessen som går føre seg på fakultetet i 2014, men me har fått eit vidt mandat. Me skal analysere dei overordna utviklingstrekka og behova samfunnet har for språkfaga våre, både nasjonalt og her i nord, og me skal gå ned på detaljnivå og sjå korleis dei ulike elementa i utdanningstilboda kan organiserast, fortel Gaasland.

Sjå heile mandatet her.

Stemmer utanfrå og innanfrå

På oppstartsmøtet i slutten av november hadde gruppa henta inn stemmer utanfrå som kunne gje innspel om behovet for språkutdanning i samfunnet elles. Både fylkeskommunen og Forsvaret kom med sine synspunkt.

- Me kom raskt fram til ei felles problemforståing, og arbeidet vårt blir møtt med velvilje frå desse stemmene utanfrå.

Men Gaasland understrekar elles at gruppa gjerne vil ha innspel også frå studentar og tilsette på HSL-fakultetet.

-  Me kjem til å gå aktivt ut for å hente inn synspunkt, seier han.

Samansett arbeidsgruppe

I arbeidsgruppa har Gaasland følgje av professor i spansk språkvitskap, Antonio Fábregas, førsteamanuensis i engelskdidaktikk, Annelise Brox Larsen, førsteamanuensis i finsk og kvensk litteratur, Anitta Viinikka-Kallinen, masterstudent på russlandsstudiet, Åsne Ø. Høgetveit og prodekan ved Det humanistiske fakultet ved UiO, Gro Bjørnerud Mo. Sekretær for gruppa er leiar for utdanningsseksjonen ved fakultetet, Olav Skare. Arbeidet skal vera ferdig i løpet av vårsemesteret 2014. 

 

 

 

 

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 10.12.13 00:00 Oppdatert: 10.12.13 08:50
Vi anbefaler