Nominert til europeisk bokpris for trolldomsforsking

Vi gjør oppmerksom på at denne artikkelen er over to år gammel, og kan ha innhold som er utdatert.

Professor Liv Helene Willumsen si nye bok Witches of the North: Scotland and Finnmark er nominert til prisen European Studies Book Award i 2014. 

Willumsen er nominert av di boka hennar er den første studien som samanliknar trolldomsprosessane i Noreg med tilsvarande i eit anna land.

- Det er slåande mange likskapar mellom dei hekseprosessane som gjekk føre seg i Skottland og dei som var i Finnmark, fortel ho.

Boka tek for seg tidsperioden mellom 1575 og 1750 og kjem ut på det nederlandske forlaget Brill.

Liv Helene Willumsen med den nye boka om norske og skotske trolldomsprosessar. Boka er del av serien Studies in medieval and reformation traditions. Foto: Sigrun Høgetveit Berg

Demonologien kjem for fullt

Trolldomsprosessane gjekk føre seg over eit lengre tidsrom i Skottland enn i Finnmark, dessutan budde det langt fleire der enn i Finnmark. Intensiteten i forfølgingane i høve til folketalet var høgare i Finnmark enn i Skottland, medan kjedeprosessar, bruk av tortur, henrettingsrate og andel kvinner mellom dei anklaga var samanfallande i Skottland og Finnmark.

Begge områda ligg nord for ei sentralmakt, med sterke monarkar i James 1. (av Skottland og 6. av England) og Kristian 4., og begge var befolka av to ulike etniske grupper. Busetjingsmønsteret og næringstilpassinga var også nokonlunde lik.

Willumsen meiner difor dei to områda høver for samanlikning.

- Eg har formulert ti ulike samanlikningsfaktorar som eg følgjer i analysen, fortel Willumsen.

- Først og fremst er det det store innslaget av demonologisk tankegods som spreidde seg med sterk kraft begge stader. Demonologien skilde seg frå den eldre trua der skadetrolldom på dyr og menneske stod sentralt, men der det ikkje var rom for djevelen på same måte.

- I demonologien vart det lagt vekt på den pakta heksene skulle ha inngått med djevelen, ei pakt som gav dei trolldomskraft. Sentralt stod også heksesamlingar og kollektive trolldomsaksjonar, seier Willumsen.

- Det kjem til syne ein veldig angst for djevelen hjå både rettsmyndigheiter og andre berørte partar i desse sakene. Me må hugse at det var ei tid då både lek og lærd fullt ut trudde at djevelen hadde ein hemmelig hær av allierte på jorda, som var til hinder for utbreiinga av Guds rike, og at desse måtte ein kjempe imot med alle middel.

Finnmark på sjølvstyr

Andre faktorar som ho samanliknar trolldomsprosessane i Skottland og Finnmark i lys av, er statens rolle, kyrkjas rolle og det lokale rettsvesenet si rolle.

- Med omsyn til rettspraksis i trolldomssaker var jo Finnmark på denne tida omtrent heilt på sjølvstyr - det var langt til statsmakta på så mange måtar, seier Willumsen.

Vidare samanliknar ho tydinga av språk og det talte ordet, den munnlege overføringa, ho ser på nabokonfliktar, folketru, etnisitet og oppfatninga om "det overnaturlege nord". I tillegg legg ho vekt på den personlege faktoren.

- Sjølv om trolldomsprosessane gjekk føre seg over heile Europa, basert på mykje felles tankegods og generell lovgjeving, er det heilt klart at enkeltpersonar kunne ha stor påverknadskraft, seier Willumsen.

Tresnitt frå pamfletten Newes from Scotland, om dei store trolldomsforfølgingane i North Berwick i 1590-91. Dette er truleg den einaste samtidige illustrasjonen av skotsk trolldomskunst, publisert i London i 1591. Henta frå The Survey of Scottish Witchcraft.

I Finnmark var det eit direkte samband til Skottland gjennom John Cunningham, som kom til Finnmark som lensherre i 1619. Han kjende til trolldomsprosessane som var prega av demonologi i Skottland frå 1590-talet, og var personleg ein pådrivar i forhøyra som starta i Finnmark rundt 1620.

- Sjølv om Kristian 4. i 1617 vedtok ei ny lov mot trolldom som var med på å setja igang trolldomsprosessane her til lands, var det Cunningham som med sitt personlege virke sette sitt preg på dei første voldsomme prosessane i Finnmark.

Rikt kjeldemateriale å ause av

Willumsen har teke for seg det rike kjeldematerialet om trolldomsprosessane som finst på både norsk og engelsk. Tidlegare har ho gjeve ut ei komplett samling over kjeldene til trolldomsprosessane i Finnmark (Trolldomsprosessene i Finnmark. Et kildeskrift. 2010), og til boka som føreligg no har ho også kunne arbeide med den skotske databasen over trolldomsprosessar, The Survey of Scottish Witchcraft.

I boka nyttar ho både ei statistisk og ei kvalitativ tilnærming til stoffet.

- Alt kjeldematerialet er gjennomgått grundig og analysert statistisk - til saman nærare 3000 tiltaler i Skottland og 135 i Finnmark. 4/5 var kvinner, 1/5 var menn, seier Willumsen.

- I tillegg har eg nærlese utvalde rettsreferat og gjort ein narratologisk analyse, altså ein forteljingsanalyse. Eg er oppteken av det som blir kalla "courtroom discourse", altså kva slags "stemmer" me kan høyre i rettsreferata.

- Eg prøver å lytte ut dei stemmene som samhandlar i løpet av rettssakene og har kome til at det er fire hovudgrupper; lovas stemme, den tiltalte si stemme, vitnene sine stemmer og skrivaren si stemme, fortel Willumsen.

Saka vart først farleg då ho kom til rettslokalet

Og biletet ho dannar seg når ho høyrer desse stemmene, er klart: Ein mistanke, ein påstand, ei tiltale om trolldomsforfølging, vart først farleg for den det galdt når saka kom inn i rettslokalet.

- Det var mange årsaker til at folk vart anklaga for å vera hekser og drive med trolldom. Skremmande djevelbilete og kjipe nabokranglar. Men når prosessane kom til rettslokalet gjekk dei på mange vis føre seg i lukka rettsrom, utan høve til inngrep frå styresmaktene ovanfrå eller frå sida.

- Det demonologiske tankegodset kunne praktiserast utan motførestillingar, og det var det vanskeleg å forsvara seg mot, avsluttar ho.

På Twitter   #norgesarktiske