I kjølvatnet etter Nansen - hundre år etter


For 100 år sidan reiste Fridtjof Nansen gjennom nordaustpassasjen til Sibir. Det vart det bok av. Denne hausten gjorde historikar Kari Aga Myklebost det same. Slikt blir det polar bokkafé av.

Vel, ikkje heilt den same turen. Der Nansen reiste gjennom nordaustpassasjen, opp elva Jenisej og vidare til Vladivostok, hoppa Myklebost av ved Jenisejs munning.

Kari Myklebost
Kari Aga Myklebost i byen Dikson ved Jenisejs munning. Foto: Asbjørn Bartnes/UiT.

- Nansen vart i si tid invitert av forretninsgmannen Jonas Lied til å bli med på ferda mot Sibir. Lied hadde høge ambisjonar om å få opna ei handelsrute mellom Europa og Sibir og ville ha med seg Nansen som døropnar. Nansen sjølv trengde ferie, fortel Myklebost.

- Gjennem Sibirien er såleis ei reiseskildring frå turen til Nansen. Men gjennom refleksjonane hans møter me den breitt interesserte vitskapsmannen som observerer geologien langs elvebreidda og sledekonstruksjonane til urbefolkninga, seier Myklebost, som altså skal snakke om boka til Nansen og si eiga reise på polar bokkafé på Norsk polarinstitutt torsdag 5. september.

Jonas Lieds arktiske utopi

Saman med historikarkollega Jens Petter Nielsen reiste ho med ei gruppe av nordmenn og russarar med ei over gjennomsnittet stor interesse for nordområda: representantar for næringsliv, offentleg forvaltning, kunnskapsinstitusjonar og journalistar. Alle med sine type spesialfelt innafor nordområda, norsk-russisk samarbeid og den nordlege sjøruta.

- For Jonas Lied var det nærast ein besettelse å få opna ei regulær, nordleg sjørute, fortel Nielsen.

Og han lukkast forsåvidt i starten, sjølv om dei skiftande istilhøva gjorde prosjektet vanskeleg. I fire år var det regulær ferdsel i nord, før revolusjonen i Russland sette ein stoppar for Lieds arktiske utopi i 1917. Men det var ikkje berre pengane som hadde drive han.

Jonas Lied
Jonas Lieds store livsprosjekt var å få opna ei regulær, nordleg sjørute. Eigar: Nasjonalbiblioteket.

- Han tapte alt han hadde i samband med revolusjonen, men heldt likevel fast i sin store visjon og gjekk i teneste hjå bolsjevikane etter 1917. I 14 år vart han verande i Russland før han kom heim.

Lærerike møte og triste historier

Målet med reisa som gjekk føre seg i haust var å etablere ein møtestad mellom ulike grupper med interesse for nordområdetematikk. Turen vart arrangert av UiT, Norsk Polarinstitutt og Northern Arctic Federal University i Arkhangelsk. UiT har allereie eit nært samarbeid med universitetet i Arkhangelsk, og Myklebost og Nielsen synest begge turen var så vellukka at dei også gjerne såg ei regulær, nordleg kunnskapssjørute.

- Me håpar dette kan vera starten på noko større. Kanskje kan neste steg vera å få til eit felles flytande seminar for ph.d.-stipendiatar som arbeider med Arktis, seier Myklebost.

Les også ekspedisjonens blogg på forskning.no.

Alle deltakarane på turen heldt føredrag for kvarandre undervegs, og kvar kveld var det vising av filmar med tematikk frå nordområda.

Jens Petter Nielsen har forska på den nordlege sjøruta i mange år, men først no sett den med eigne auge. - Imponerande! seier han. Foto: Gunnar Sætra/Havforskingsinstituttet

Nielsen trekkjer også fram det personlege utbyttet av turen. Han har forska på historia til den nordlege sjøruta i mange år, og for han var timane og dagane på det store havet imponerande.

- Det å kunne sjå havet og landskapet som eg har forska på med eigne auge gav for meg ei ny forståing av området og historia, seier han.

- Ja, me sleit oss fram på blikkstille hav - og lærte enormt mykje, smiler Myklebost, og trekkjer særleg fram møta med menneska som budde langs leia.

- Me gjekk i land fleire stader og fekk mellom anna koma inn i den nenetsiske busetjinga Bugrino på øya Kolgujev. Det var interessant og sterkt - og trist.

Også i Russland møter urbefolkninga på same type utfordringar som me høyrer om frå indianarreservata i USA og inuittsamfunna på Grønland.

- I Bugrino hadde alle vore på moltetur den dagen me kom. Eg kjøpte med glede ei bøtte molter av nokre ungdomar, 14-15 år kanskje, men ei lita stund etterpå var det berre trist å sjå korleis dei sat på trappa og drakk opp pengane, fortel Myklebost.

Isen smeltar

Det som var ein utopi, er det ikkje lenger. Dei politiske tilhøva er heilt annleise enn i 1917 - og isen smeltar. Mange og store internasjonale aktørar er med i kappløpet om å utvikle det som kan bli ei lønsam sjørute mellom Europa og Asia.

Den nenetsiske busetjinga Bugrino på øya Kolgujev. Foto: Øyvind Ravna/UiT

Korleis vil dette påverke urbefolkninga langs den nordrussiske kysten?

- Både på norsk og russisk side er det store voner for kva denne utvikling skal føre med seg for alle som bur i nord. Men for urbefolkninga er det også mykje som er uavklart, fortel Myklebost.

- Russland har ikkje ratifisert den internasjonale ILO-konvensjonen for urfolk, men dei har mykje føderal lovgjeving som sikrar urfolksrettar. Denne er likevel ofte i strid med anna lovgjeving knytt til rett til land og eigedom, og det er motstridande juridisk praksis i ulike lokalsamfunn.

- Det er eit svært samansett bilete, held Nielsen fram.

- I Noreg har me eitt urfolk som me skal gje språklege og kulturelle rettar til og plass for i storsamfunnet, medan i Russland er det mange. Det finst 27 små, nordlege urfolk - og med alle ulike urfolk i heile Sibir er det meir enn 40, fortel han.

- Det er eitt av mange døme på det vesle og enkle norske samfunnet og det store og kompliserte russiske samfunnet, seier Myklebost.

- Altså vårt asymmetriske naboskap, smiler dei, og viser til det store forskingsprosjektet begge er ein del av: Neighbourly Asymmetry: Norway and Russia 1814-2014

 

 

På Twitter   #norgesarktiske