Formidlingsivrige lærarstudentar


Studentane på den nye lærarutdanninga presenterer nok ein innovasjon: Poster-utstilling av alle bacheloroppgåvene sine.  

Det første kullet på den femårige lærarutdanninga er no snart ferdige med tredje året, og nyleg leverte dei inn baheloroppgåvene sine - som dei første lærarstudentane som har skrive slike.

Knut Vidar Hansen Kai Ante Hætta Bendig M Tunset.jpg
Knut Vidar Hansen, Kai Ante Hætta og Bendik M. Tunset presenterer bachelorprosjeketet sitt om digital mobbing. Alle foto: Sigrun Høgetveit Berg

Men pilotstudentane tok likegodt eit nytt steg til i same slengen: Dei laga posterutstilling med bachelorarbeida sine og inviterte til ein heil dag i formidlingas teikn.

Og studentprosjekta var mangfaldige - digital mobbing, ulike former for motivasjonsmetodar, varierte læringsmetodar, tryggheit i klasserommet, klassesongbok, levande lærebøker og dramatisert undervisning. For å nemne noko.

Ikkje som andre lærarutdanningar

- UiT si lærarutdanning er ikkje som andre lærarutdanningar, og desse studentane er våre pilotar i piloten, sa instituttleiar ved Institutt for lærarutdanning og pedagogikk, Sonni Olsen, då ho opna formidlingngsdagen.

poster
Døme på poster.

- Me har store ambisjonar. Styret ved UiT vedtok at me skulle laga "verdas beste lærarutdanning" - og sjølv om me kanskje ikkje er der enno, syner denne dagen at me er på rett veg. Og det er svært mange i lærarutdanningsfeltet som følgjer med på det me driv med, sa ho.

Noko politisk rådgjevar i Tromsø kommune, Andreas Willersrud, også streka under innleiingsvis. Kommunen er ein nær samarbeidspartnar til universitetet gjennom universitetsskoleprosjektet.

Andreas Willersrud
Politisk rådgjevar i Tromsø kommune, Andreas Willersrud.

- Det er mange som er opptekne av skolepolitikk for tida, og stadig fleire røyster meiner at femårig lærarutdanning er løysinga på alle utfordringar. Men mange har ikkje fått med seg at her i Tromsø har me det allerie.

- Og me er svært nøgde med samarbeidet mellom universitetet og kommunen. Me veit desse studentane kjem til å bli ettertrakta lærarar, sa han.

Ajksjonslæring i praksis

Arbeidet med bachelorppgåvene og posterane var basert på praksisarbeid og tok utgangspunkt i aksjonslæring som strategi. Aksjonslæringas far, Tom Tiller, gratulerte med dagen.

- Det er første gong i norsk og nordisk samanheng at aksjonslæring er del av ein medviten, styrt prosess. Etter 30 år med systematisk arbeid og utprøving, er no  aksjonslæring kome forbi idestadiet, no er tida komen for praksis.

- Aksjonslæring er utviklingsorientert læring. Og så fort som verda endrar seg, er det heilt avgjerande at lærarane lærer seg å lære, slik desse studentane no gjer, sa ein fornøgd Tom Tiller.

Tom Tiller
Tom Tiller gratulerte studentane med dagen.
På Twitter   #norgesarktiske