Ope seminar om samisk kyrkjehistorie
I år er det 250 år sidan vigslinga av den første samiske presten i Noreg, Anders Porsanger. Slikt må feirast - med seminar.
![]() |
| Roald Kristiansen skal bringe nytt frå forskingsfronten under seminaret om samisk kyrkjehistorie. Foto: Sigrun Høgetveit Berg. |
Særleg av di at etter Anders Porsanger skulle det gå meir enn 100 år før den neste samiske presten stod på ein norsk preikestol.
- Anders Porsanger etterlet seg ingen arv å følgje opp. Han døydde i 1780, og etter han kom det ingen ny, samisk prest før Haldor Jenssen i 1914 vart prest i Tysfjord, fortel førsteamanuensis Roald Kristiansen.
Brende bibelomsetjingane
Porsanger var frå Olderfjorden i Porsanger og vart i april 1762 ordinert til prest av bisp Gunnerius i Trondheim. Han virka først som misjonær i Aust-Finnmark og seinare som prest i Trondheim og Vadsø - der han også var prost.
- Han vart avsett frå embetet sitt som kapellan og hospitalprest i Trondheim i 1772 - utan at det låg føre formelle klagemål mot han - og så gjeninsett nokre månader seinare som sokneprest i Vadsø. Bispen ønskte han bort frå Trondheim, men meinte likevel at han var skikka til å utføre tenester mellom sine eigne nordpå, fortel Kristiansen.
- Men han vart etterkvart veldig skuffa over den norske kyrkja som på ingen måte støtta det samiske kyrkjearbeidet som han hadde lagt grunnen for. Han enda difor opp med å brenne alle dei samiske omsetjingane av Bibelen og andre skrifter som han hadde gjort.
- Og enda livet tragisk då han og familien drukna på veg til København for å søkje seg ny stilling, fortel Kristiansen.
Vart heller læstadianske predikantar
Den norske kyrkjas steile haldning varde ved, meiner Kristiansen.
- Eg vart overraska då eg gjekk inn i materialet og såg kor få samiske prestar det faktisk var - heilt fram til etterkrigstida har eg berre kunne spore opp fem. Det ser ut til at gåverik samisk ungdom som tok utdanning heller vart predikantar i læstadianske forsamlingar.
Historia på svensk side er veldig ulik - der vart mellom anna den første skolen for samisk ungdom opna allereie i 1632, den såkalla Skytteanska skolan. Og på seminaret vil det også bli fleire blikk til samisk kyrkjehistorie på svensk og finsk side.
![]() |
Det 36. nordnorske historieseminaret
- I tillegg blir det smakebitar frå historia til samane, til misjonen og til kyrkja heilt opp til vår tid, seier Kristiansen, som saman med professor Einar-Arne Drivenes er arrangørar.
Seminaret er også det 36. nordnorske historieseminaret og inngår såleis i ein lang tradisjon ved Institutt for historie og religionsvitskap med seminar med solid fagleg innhald retta mot eit allment, historieinteressert publikum.
Les heile programmet her.
.jpg)




