Nye publikasjonar på HSL-fakultetet
Både litteratur- og kulturforskarane, historikarane og samfunnsvitarane har vore aktive på publikasjonsfronten i haust. Her kjem ein kort omtale av tre aktuelle publikasjonar.
![]() |
Nordlit nummer 29: Temanummer med Narrating the High North
Heile siste nummeret av Nordlit er vigd den tverrfaglege forskingsgruppa Narrating the High North. Dei 22 artiklane er alle henta frå konferansen forskargruppa skipa til på Svalbard 6.-9. september 2011, i samband med Nansen-Amundsen-året 2011.
I tillegg til ei rekkje artiklar om både Fridtjof Nansen og Roald Amundsen, kan du lesa om forsking og politikk - og tilhøvet mellom desse - i nord, om dei samiske skjønnlitterære pionerane Isak Saba, Anders Larsen og Matti Aikio, om nordamerikansk arktisk litteratur, om nordlyslitteratur og om nordleg kunst, film og filmmusikk.
Nordlit er eit open access-tidsskrift som i sin heilskap er tilgjengeleg på nett, men dette nummeret har også kome ut i trykt utgåve.
Hvor går Nord-Norge? Del 2
Bok nummer 2 i serien Hvor går Nord-Norge? har tittelen Et institusjonelt perspektiv på folk og landsdel og vart lansert på eit seminar om regionsutvikling på Finnsnes under Forskingsdagane i september. Redaktørane av boka er samfunnsvitarane Kjell Arne Røvik, Jens-Ivar Nergård og Svein Jentoft.
![]() |
Boka ser på tydinga sentrale nasjonale institusjonar har for folkeliv og utvikling i landsdelen. Forfattarane rettar søkelyset mot fem tema: Folkehelse og helsetilbod, oppvekstvilkår, kulturmøte og kulturkonfliktar, forsvar og maktinstitusjonar og korleis sjølvforståinga hjå folk pregar opplevinga deira av makt og avmakt. I boka blir det også drøfta korleis nasjonale og internasjonale interesser og trendar bidrar til å forme landsdelen og befolkninga.
De fleste bidragsytarane er tilknytt det samfunnsvitskaplege forskingsmiljøet ved Universitetet i Tromsø, og boka er vorte til i samarbeid mellom Universitetet i Tromsø, Studiesenteret Finnsnes og Lenvik kommune. Boka vil bli presentert i Tromsø på eit arrangement i regi av Akademisk Kvarter seinare i haust.
Les også: Ny bok om mulighetenes landsdel (Harstad Tidende, 27.09.2012)
Vett og Uvett - ny utgåve
Ofte omtalt som ein "nordnorsk humorbibel" er Vett og Uvett av Einar K. Aas og Peter Wessel Zapffe godt plassert i mange nordnorske bokhyller. No har boka kome i ny utgåve på Angelica Forlag - med fire nyvinningar.
![]() |
Først og fremst er det gjort ei betydeleg språkleg opprydding. Tidlegare utgåver har vore prega av språklege feil og inkonsekvensar, og dialektattgjevinga er no mykje meir gjennomført i skriftleg form. Dessutan er det gjort ei geografisk opprydding - med mellom anna ei viss utrensking av tromsøpåverknad i tekstar som skulle vera frå harstadområdet og saltentrekk frå tromstekstar.
I tillegg er utgåva utstyrt med to etterord. Nils Magne Knutsen skriv om "Vett og Uvett, nordnorsk humor, nordnorsk identitet og nordnorsk motkultur", medan Helge Stangnes tek for seg "Språket i Vett og Uvett". Til slutt har Per Posti utstyrt boka med korte biografiar og ei oversikt over tidlegare utgåver.
Les også: Moderne nyutgave av humorbibel (iTromsø, 05.10.2012)






