Kvar går samisk forsking?

Det var spørsmålet då Senter for samiske studium (SESAM) avslutta sin 20-årsjubileumskonferanse med ein breitt samansett paneldebatt.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 10.10.12 00:00 Oppdatert: 10.10.12 11:25

Forskar Else Grete Broderstad leidde debatten og utfordra deltakarane på spørsmålet om kva som no var viktigast innafor samisk forsking - kvar var kunnskapshola størst? Alle foto: Sigrun Høgetveit Berg

Forskar ved SESAM, Else Grete Broderstad, innleidde debatten ved å skissere to sentrale tema: Korleis samisk forsking kan og skal vera relevant for det samiske samfunnet og korleis samarbeidet mellom dei som driv samisk forsking best kan gjerast framover.

- Det er store kunnskapshol på mange felt framleis, meinte Eva Josefsen, forskar ved NORUT i Alta.

Forskar Eva Josefsen (t.h.) ved NORUT og museumsidrektør Marit Anne Hauan.

- På fleire område, som gruvedrift, reindrift og reiseliv har me kome eit stykke på veg og det samiske samfunnet og våre politiske institusjonar har vore tydeleg med i avgjerdsprosessane. Men på andre omrdåde, som innanfor olje og gass, er det samiske samfunnet heilt fråverande. Kvifor? Det er relevante spørsmål for samfunnsutviklinga som me ønskjer å arbeide med, sa ho.

Butenschøn-utvalet

Paneldebatten avslutta ein to dagars konferanse som tok for seg SESAM spesielt og stoda for samisk forsking generelt. I desse dagar er utgreiinga frå Butenschøn-utvalet, "Langs lange spor - om samisk forskning og høyere utdanning", ute på høyring. Fleire av paneldeltakarane gav både ros og ris til utgreiinga.

- Sametinget er oppteken av situasjonen i samisk skule, og det er ein stor mangel i utgreiinga at pedagogikken ikkje er trekt fram. Me må stille høge krav til oss sjølve på dette området, også her på universitetet. Me kan ikkje halde fram med å utdannne kandidatar i profesjonsfaga som manglar samisk språk- og kulturkunnskap, sa Silje Muotka, sametingsrpresentant og vara til universitetsstyret.

Curt Rice og Silje Muotka (t.h.) var opptekne av samfunnsoppdraget til universitetet. I midten dekan ved Samisk høgskole, Mai Britt Utsi.

- Ansvaret for å sikre utdanning for og til samane har vore noko av hovudgrunngjevinga for at langt dei fleste høgre utdanningsinstitusjonane i nord vart etablerte. Kan me i dag seia at me har oppfylt desse målsetningane, spurde ho.   

Denne utfordringa var prorektor Curt Rice samd i at universitetet måtte halde fast ved.

- Samfunnsoppdrag og regionalt utviklingsarbeid teller ingenting i internasjonale kåringar av dei beste forskingsinstitusjonane - som det er veldig fristande å prøve å skåre høgt på. Men me skal stå imot presset om straumlineforming, for å tilpasse oss slike rangeringar. Me skal ikkje gløyme samfunnsopdraget vårt, sa han.

SESAM ved eit vegskilje

Eit gjennomgåande tema under heile konferansen og den avsluttande debatten var omorganiseringa som SESAM står overfor. Frå å ha vore eit senter direkte under universitetsstyret, skal no SESAM inn i Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning.

- Konferansen har vore svært nyttig og gjeve oss ein statusrapport som viser at samisk forsking er i god utvikling. Omorganiseringa vil gje SESAM større faglege moglegheiter i framtida, men det blir ei utfordring å skulle vera eit synleg senter for heile universitetet. Men det får me til, meinte styreleiar i SESAM, Finn Arne Schancke Selfors. 

Professor i historie og medlem i fakultetsstyret på HSL-fakultetet, Einar-Arne Drivenes, hadde sjølv vore kritisk til omorganiseringa, men var på ingen måte interessert i nokon omkamp, og gav SESAM fem klare råd på vegen framover:

Einar-Arne Drivenes (nr. 3 f.v.) gav SESAM fem klare råd på vegen vidare.

- De må PRIORITERE, de må PROFILERE dokker og vera flinke til å formidle det de gjer, de må utvikle ein FORSKINGSSTRATEGI i samarbeid med andre, først og fremst Samisk høgskole i Kautokeino, de må FORSKE sjølv, men også vera tilretteleggjarar og fødselshjelparar for andres forsking. Og de må FORNYE dokker - og der har de no ein stor sjanse til å involvere dokker i forskargruppene på HSL-fakultetet, sa han.

Flinkare til å la det samiske gjennomsyre UiT

Sjølv om heller ingen andre tok til orde for ein omkamp om denne omorganiseringa, var det likevel fleire som påpeikte at symbol og fronting av det samiske kan gjerast betre, også på Universitetet i Tromsø.

- Me er den fremste og største institusjonen når det gjeld samisk forsking, men me må bli flinkare til å vise det fram og la det gjennomsyre verksemda vår her på universitetet - både utetter og og innetter. Kvifor set me det ikkje opp som eitt av dei rapporteringsmåla me sjølve kan definere til departementet, altså eigarane våre? spurde Silje Muotka, og reiste spørsmålet om det ikkje hadde vore på sin plass med samisk representasjon i universitetsstyret.

Den tråden ville ikkje Curt Rice følgje opp, men han understreka at han var overtydd om at samisk forsking tente på at SESAM kom inn i ein fakultetsstruktur.

- Flyttinga gjer SESAM viktigare og meir synleg - ikkje berre for den samiske forskinga her til lands og den internasjonale urfolksforskinga, men også for det internasjonale forskarsamfunnet som heile, avslutta han.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 10.10.12 00:00 Oppdatert: 10.10.12 11:25
Vi anbefaler